Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

– Stort behov for kvalitetssikra kunnskap

Lesartala til Store norske leksikon har aldri vore større enn i 2020. Tilsette ved UiA har fagansvar for over 2500 artiklar, og ifølge UiA-professor Knut Dørum er arbeidet både viktig og givande.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilete av forsia til Store norske leksikon.
Store norske leksikon satte ny lesarrekord i 2020. Foto: Skjermdump

– Jobben tek aldri slutt, og det er det fine ved det. Du må svare på e-postar frå lesarar, rette opp i artiklar som bør bli betre, og skrive heilt nye artiklar. Store norske leksikon er aktiv kunnskapsformidling, seier Dørum.

Brubyggjar

Han har ansvar for heile 710 artiklar i Store norske leksikon (SNL), innafor norsk historie. I 2020 fekk artiklane han har ansvar for over 450.000 lesarar.

– I dag er det eit stort behov for kvalitetssikra kunnskap. SNL har klart å bygge bru mellom kunnskapseliten og folket, slik at den gjensidige tilliten blir oppretthalden. Det kan fort gå galt om den tilliten ikkje er der, det har vi sett fleire stygge døme på den siste tida, seier Dørum. 

Bilde av professor Knut Dørum.

Professor Knut Dørum har ansvar for 710 artiklar i Store norske leksikon.

I ein rapport skriv SNL at for første gong har nordmenn lese meir enn 100 millionar artiklar på deira sider på eitt år. Det gjer eit snitt på tjue leste artiklar per nordmann. Då skular over heile Noreg stengde i mars 2020 steig lesartala på typiske skuleemne som samfunnsfag, historie, litteratur og naturfag rett i vêret, saman med artiklar om epidemiar, virus og vaksinar.

– Godt rusta

– Store norske leksikon viste seg å vere godt rusta i møte med ein global pandemi og nedstenging av samfunnet, og dét er takk vere den store innsatsen som dei norske universiteta og deira tilsette har lagt i å styrke SNL over fleire år, seier sjefredaktør Erik Bolstad.

Professor Knut Dørum anslår sjølv at han brukar omtrent tre timar i uka på arbeidet med nettleksikonet, ein jobb han gjer med glede.

– Vi får litt pengar for å helde på med dette, men den ekte lønninga ligg i å sjå at det ein lagar blir brukt. Redaksjonen i SNL etterspør stadig meir komplekse artiklar, og på det viset kan leksikonet bli ein god måte å lære seg å lese vitskap på. Men det er ein balansegang, for me ønsker ikkje å bli ein erstatning for pensumlitteraturen heller, seier professoren.

Dette er de 15 mest leste artiklene det siste året som tilsette ved UiA har fagansvar for: