0
Hopp til hovedinnhold

Start tidleg med gode matvanar for ungane

Ha friske grønsaker i ei skål på benken og set brusen i kjellaren. Det er to av dei enkle triksa folkehelse- og ernæringsforskar Margrethe Røed føreslår.

Grønsaker, foto
– Grønsaker er sunt og bør vere ein stor del av det daglege matinntaket, seier ernæringsforskar Margrethe Røed.
Margrethe Røed, foto

– Gjer det enkelt for ungane å få tak i den sunne maten, seier ernæringsforskar Margrethe Røed. Ho disputerte nyleg ved UiA med ei avhandling om folkehelse og ernæring.

– Matvanar du etablerer før barna er 2 år gamle, kan verte varige, seier Margrethe Røed, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).

Ho disputerte nyleg for doktorgraden ved Universitetet i Agder (UiA) med avhandlinga Fostering healthy dietary habits through targeting toddlers' food and eating environment: The Food4toddlers study.

Røed har følgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap og vore knytt til forskingssenteret Mat og ernæring i eit livsløpsperspektiv.

I doktorgradsarbeidet har ho sett på om det er mogleg å påverke matvanane til småbarn i alderen 1-2 år ved hjelp av ei informasjonsside på nettet, retta mot foreldra.  

Det korte svaret er ja.

Opne for nye smakar

Røed legg vekt på at ein ikkje må presse sunn mat på barna. Trikset er å tilby dei maten fleire gonger. Seier dei nei den første gongen, kan dei seie ja den andre, eller fjerde gongen dei får tilbodet.

– Eit enkelt knep for å skape gode matvanar er å setje fram den sunne maten og gjere den usunne meir utilgjengeleg. Vekk med brusen og fram med grønsaker pent kutta og plassert i ei godt synleg skål, seier forskaren.

Det er ikkje tilfeldig at det gjeld å venje ungane til å ete sunn mat mens dei framleis er små. Da er dei nemleg enno opne for nye smakar.

– Før barna er 2 år smaker dei på det meste, men i alderen 2-6 år vert dei meir vare for nye smakar og endringar i matvegen. Dei vert da meir skeptiske til at grønsaker kan vere både sure og bitre. Derfor er det lurt å lære dei å ete grønsaker før dei vert 2 år, seier Røed.

Nettside med gode matråd

I samarbeid med studentar og kollegaer på UiA utvikla Røed ei nettside med råd og vink om gode og sunne matvanar. 300 foreldre vart rekrutterte til forsøket.

Halvparten av foreldra fekk tilgang til nettsida; den andre halvparten fekk ikkje. Dermed kunne Røed i etterkant sjå om det var forskjell på korleis dei to gruppene utvikla matvanane sine.

Det var denne forskjellen ho ville vite meir om: Går det an å påverke matvanane til barn i positiv lei dersom ein påverkar foreldra via ei gjennomtenkt nettside med enkelt tilgjengeleg informasjon?

God respons

– 86,5 prosent av foreldra med tilgang til nettsida brukte ho aktivt og var nøgde med innhaldet. Dei prøvde oppskriftene og følgde ulike opplæringsprogram vi la ut om ernæring og gode matvanar, seier forskaren.

Foreldra gav gode tilbakemelding på nettsida. Dei meinte mellom anna at informasjonen var godt tilpassa barna i 1-2-årsalderen.

Åt meir grønt

Barna av foreldra med tilgang til nettsida åt omtrent ei halv gulrot meir om dagen enn dei som ikkje hadde tilgang da barna var 18 månader gamle.

Eller sagt med forskarens eigne ord: Dei åt 0,40 einingar meir grønsaker enn kontrollgruppa som ikkje hadde tilgang til nettsida.

Forskaren seier at små endringar kan bety mykje på lang sikt for dei gode matvanane.

– Nettsida påverka i liten grad inntaket av frukt og usunn mat, men grønsaker. Det er spesielt viktig å få dei til å ete meir grønsaker sidan barn et for lite av dette. Grønsaker har mange vitaminar det er viktig at ungane får i seg, seier Røed.

Nettsida og prosjektet har elles vore oppteken av meir enn sunn mat i seg sjølv.

– Gode matvanar dreier seg òg om å lage eit godt miljø, hyggelege omgivnader og gode tradisjonar rundt sjølve måltidet, seier Røed.

Oppfølging og nye prosjekt

Forsøket med nettsida gjekk over 6 månader. Foreldra med tilgang til informasjonen fekk kvar veke ei påminning om å bruke nettsida. Til saman fekk dei 20 påminningar. Dei vart òg følgt opp etter 12 månader, etter 18 månader da barnet var 2 år, og med ei ny oppfølging da barnet vart 4.

Erfaringar med nettsida vert no tekne i bruk ved eit forskings- og utviklingsprosjekt i Arendal. Der rettar prosjektet seg både mot helsestasjonar og barnehagar.

– Konklusjonen min er at det er mogleg å påverke småbarnsforeldre via ei godt planlagt nettside. Suksessfaktoren er å leggje til rette for aldersgruppa, og gjere sida brukarvennleg for foreldra, seier Røed.

Treng variert foreldregruppe

Forskaren ønskjer seg ei enda meir ueinserta foreldregruppa til neste forskingsprosjekt.

– Det viser seg ofte at det er dei høgt utdanna som vert med på ulike forskingsprosjekt. Dei fleste var dessutan mødrer. Berre 4 av dei 300 påmelde var menn, seier Røed.

Ho trur den litt skeive rekrutteringa òg kjem av at det er fleire kvinner enn menn på Facebook, kanalen der foreldra vart rekrutterte til dette forskingsprosjektet.