Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Småbønder taper på klimaendringar og modernisering

Tiltak frå styresmaktene er dårleg tilpassa småbøndene i Andesfjella og urfolkets levemåtar vert sett under press. Det kjem fram i ei ny bok av UiA-forskaren Astrid Bredholt Stensrud.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bildet viser landskapet i Colca-dalen.
Landskapet i Colca-dalen er prega av små vassanlegg i bratte skråningar. Her er landsbyen Lari med snødekte fjelltoppar i bakgrunnen.

– Vassdragspolitikk, klimaendringar og modernisering av jordbruket i Colca-dalen i Peru har skapt storgardar ved kysten, men gått ut over småbønder og urfolkets levemåtar i dei bratte fjellsidene i Andesfjella.

Det seier Astrid Bredholt Stensrud. Ho er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA). No er ho ute med boka Watershed Politics and Climate Change in Peru. Studien er gitt ut av det akademiske forlaget Pluto Press.

Boka er ein del av ein bokserie hos forlaget som legg mest vekt på kva samfunnsutviklinga, inkludert politisk og økonomisk utvikling, har å seie for dagleglivet til folk. Med forskaromgrep kallar ein gjerne dette for ein etnografisk studie (feltstudie som samanliknar kultur- og veremåtar) med antropologisk perspektiv (mennesket som sosialt vesen).

Feltobservasjonar i 13 månader

Boka er basert på hennar eige feltarbeid. Stensrud har vore i Peru i fleire omgangar. Der har ho observert utbygging og vedlikehald av kanalar og damanlegg. Ho har gjort formelle og uformelle intervju med småbønder og andre frå lokalsamfunnet. Også ingeniørar og andre representantar frå statlege og private føretak er intervjua.

Til saman 13 månadar har ho arbeidd i Colca-dalen i Andesfjella i Peru i perioden 2011-2014. Ho har sett på korleis småbønder frå lokalsamfunnet og ingeniørar frå statlege og private føretak har samarbeid med einannan om utbygging, vedlikehald og bruk av vassanlegga.

Bildet viser forsker og forfatter Astrid Bredholt Stensrud.

Førsteamanuensis Astrid Bredholt Stensrud har til saman vore 13 månader i Peru og samla stoff til forskinga som no har resultert i bok.

Klimaendringar og utviklingsprosjekt

Småbønder i Andesfjellene vert påverka av klimaendringar og stadige endringar i vasspolitikken staten innfører. Saman med statlege endringar, følgjer internasjonale utviklingsprosjekt og klimatilpassingar i regi av FN og Verdsbanken.

Tiltaka kjem ovanfrå og er ikkje tilpassa bøndene.

– Småbøndene som er mest sårbare frå før, vert meir sårbare med statlege og internasjonale endringar som kjem frå stat og internasjonale organisasjonar. Slik vert sosiale og økonomiske forskjellar forsterka, seier forskaren.

Ho understrekar at det ikkje er gitt at vatn og natur berre skal sest på som ein ressurs.

– Boka utfordrar tendensen til å plassere leve- og veremåtar i kjente kategoriar, seier ho. 

Spenningar og forhandlingar

Boka handlar om spenningar, konfliktar og forhandlingar om bruken av vassdraga mellom småbønder og ingeniørar. Småbøndene er urfolk i Andesfjella. For dei har vassdraget gjennom tidene vore meir enn ein økonomisk ressurs.

– Bøndene respekterer vatnet og fjellet som levande vesen, og det vert til dømes ofra mat og drikke til vatnet. For dei har naturen ein slags eigenvilje folket samarbeider med, men med moderniseringa har styresmaktene einsidig tolka vatnet som ein ressurs, seier forskaren.

Boka inviterer lesaren til å tenkje gjennom forholdet mellom natur og menneske. Stensrud meiner det er viktig fordi dei globale utfordringane med klimaendringar må løysast lokalt.

– Viss problema vert definerte utanfrå, kjem også løysingane utanfrå og kan skape nye problem, seier ho.

Det er i stor grad det som har skjedd i Colca-dalen: Folk utanfrå definerer problemet som vassmangel. Deretter innfører dei moderne vassteknologi som ikkje gir meir vatn, men aukar forskjellane mellom folk når det gjeld tilgangen til vatn.

– Teknologiske løysingar kan vi ikkje utan vidare overføre frå ein samanheng til ein annan utan å skape nye utfordringar og konfliktar. Folk må sjølv vere med og definere kva for utfordringar dei har, og vere med i utviklinga av eventuelle tiltak, seier Stensrud.

Bildet viser den 100 kilometer lange Majes-kanalen i Peru.

Den 100 kilometer lange Majes-kanalen vart ferdigstilt i 1980-åra som ein del av moderniseringsprosjektet i Peru.

Kanalbygging på dugnad

Bønder i Colca-dalen har alltid laga kanalar for vatnet. Vasskanalane har vore nødvendige for å styre vatnet og dyrke jorda. Fordelinga av vatnet og bygging og reparasjon av kanalane har vore organisert i eigne organisasjonar og kollektive arbeidsformer (dugnad).

Denne måten å leve og arbeide med jorda på kjem i konflikt med statleg utviklingspolitikk og marknadsretting. Damanlegg og store kanalsystem vert bygde for å frakte vatnet ned til ørkenområda som ligg mellom fjella og Stillehavskysten. Der vert det lagt til rette for storindustrielt landbruk, effektivisering og økonomisk vekst.

– Denne utviklinga kjem ikkje småbøndene til gode. Dei har små gardar i ulendt terreng nedover fjellsidene, mens dei nye anlegga fører vatnet ned til området ved Stillehavet der ein kan drive større og meir industrielt orientert jordbruk. Urfolksbøndene i Andes opplever at både vatn og økonomiske ressursar vert tilført byar og industrialiserte jordbruksanlegg, og at dei ikkje vert inkluderte, seier Stensrud. 

Nytt mangfald

Alt er ikkje svart, i følgje forskaren. Det har óg oppstått eit nytt mangfald i møta mellom urfolk og staten. Boka beskriv mellom anna ingeniørar som er fødde i Colca-dalen og har vakse opp der. Desse ingeniørane kjenner til verdien av å respektere vatnet og fjellet, og at dei kan vere lumske og farlege viss ein ikkje ofrar til dei.

– Som ingeniørar deltek dei i to verder, småbonde-verda og ingeniørverda. Med dette utgangspunktet arbeider dei for staten og Verdsbanken med å etablere nye moderniseringsprosjekt på heimplassen sin, seier Stensrud.

Mange småbønder samarbeider med styresmaktene om desse prosjekta.

– Livet i Andes er komplekst og mangfaldig og det vert for enkelt å seie at livet der berre handlar om urfolk kontra staten og kapitalismen. Deira levemåtar viser at det er fullt mogleg å leve i fleire verder samtidig, seier Stensrud.