Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Skipar viten- og opplevingsenter hjå UiA i Kristiansand

UiA og Vitensenteret Sørlandet har inngått ein intensjonsavtale om å skipe eit nytt, 2000 kvadratmeter stort vitensenter på campus i Kristiansand. Målet er å opne dørene for vitebegjærlege barn og unge i 2024.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Formidlarane frå Vitensenteret Sørlandet med eksperiment i klasserom, foto
KJEM PÅ CAMPUS: Formidlarane frå Vitensenteret Sørlandet har sidan 2010 reist land og strand rundt i Agder og vitja skolane for å fortelje og vise frem hemmelegheiter og undre frå vitskapens verden til barn og unge. No går dei saman med UiA for å få eit nytt og stort opplevingsenter i Kristiansand, slik dei har i dag i Arendal. (Arkivfoto)
Hilde Inntjore, foto

Hilde Inntjore

– Det er veldig gøy at vi vi får dette til. Ikkje minst for barn og unge i regionen, som no får eit fantastisk flott bygg der dei kan utforske, vere nysgjerrige og møte vitskap aktivt og kreativt. Kunnskapssenteret vil halde ope heile året, både i helgar og i sommarferien. Vi er og glade for at denne nye attraksjonen i Kristiansand kjem på campus, slik   familiar frå heile landet ønsker å komme hit.

Det seier dekan Hilde Inntjore ved lærarutdanningane på Universitetet i Agder, som saman med UiA sin økonomi- og campusdirektør Kjetil Hellang har vore med på å utforme intensjonsavtalen. Saman leier de UiA sitt arbeid med det kommande nybygget.

– For UiA er dette en spennande moglegheit til å vere på universitet på ein ny måte. Vi vil kunne samarbeide om aktivitetar, formidling og forsking, særleg retta mot barn, unge og familiar. Også studentane vil vi ha med. På Vitensenteret får besøkande innsikt i ei rekke aktuelle tema og vitskapar, og vi må utforske korleis dei og kan ta del i og oppleve dei vitskaplege metodane som ligg bak forskinga som vert utført på universitetet, seier Inntjore.

– Ein særs viktig milepåle for oss

Kine Wangerud, foto

Kine Wangerud

Også leiaren av Vitensenteret Sørlandet, Kine Wangerud, er nøgd med at intensjonsavtalen er på plass.

– Dette er kanskje den viktigaste milepålen for oss sidan Vitensenteret vart oppretta. Det er utruleg flott at intensjonsavtalen no er på plass. I så måte vil eg gjerne rose båe UiA og Arendal kommune for veldig god velvilje, bistand og rausheit i arbeidet med å komme dit vi er no, seier ho.

Ho fortel og at det parallelt med utbyggingsarbeidet vil bli sett i gang eit ar eigd for å konkretisere innhaldet i det nye senteret i Kristiansand. Fokus i arbeidet vil først og fremst vere å skape ein spennande stad for nysgjerrige barn og unge. Samtidig vil ein saman med UiA, eigaren på kunnskapssenteret, fylkeskommunen og Kristiansand kommune òg sjå på korleis andre målgrupper kan nåast og blir knytte til aktivitetane og moglegheitene på senteret.

Sentralt plassert på campus

Vitensenteret Sørlandet er eit oppleving- og læringssenter for barn og unge, eigd av Arendal kommune. Senteret, som vart skipa i 2010, har i dag lokale både i Arendal og i Kristiansand. I Kristiansand held Vitensenteret til i gågata Markensgate, kor det har vore sidan 2018, og det er dette som no blir planlagt å flytte opp til større og nye lokale på campusen til universitetet. Det kjem rett ved Spicheren treningssenter og eit stenkast frå Naturmuseum og botanisk hage og UiA-parken.

30 000 – 40 000 besøkande

Basert på storleiken kan det kommande vitensenteret på UiA-campusen få anslagsvis mellom 30 000 – og 40 000 besøkande i året. I besøksåret 2019 hadde til dømes  Vitensenteret i Trondheim, som er litt meir enn dobbelt så stor som det kommande senteret på UiA-campusen, heile 80 000 besøkande. Samstundes hadde Vitenparken på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NBMU) på Ås over 50 000 besøkande – omtrent like mange som til dømes Sørlandets kunstmuseum også hadde dette året.

Innflytting i 2024

Det nye kunnskapssenteret kjem i eit nybygg på 3000 kvadratmeter, der universitetet vil disponere areala som ikkje inngår i senteret. Senteret og nybygget har vore under forsiktig planlegging ei stund, men intensjonsavtalen som no er inngått inneber at arbeidet med å planlegge bygget meir i detalj blir no sett i gang. Økonomi- og campusdirektør Kjetil Hellang håper prosessen med å engasjere arkitekt og kunngjere anbod for bygginga kan komme i gang så fort som mogleg. Målet er å ha bygd ferdig til innflytting i 2024.

– Store synergieffektar

Kjetil Hellang, foto

Kjetil Hellang

UiA arbeider òg med å definere og konkretisere synergimoglegheiter mellom UiA og Vitensenteret, der ein samlokalisering gir ei rekke nye moglegheiter for samarbeid.

– Ein samlokalisering på campus skaper i tillegg til økt fagleg utbytte òg ei rekke positive effektar i forhold til drift, bruk av infrastruktur og sambruk av areal. Eit nytt bygg, basert på eit funksjons- og romprogram som er utvikla av Vitensenteret og UiA, vil gi auka sambruk av areal og synergiar mellom areala, seier Kjetil Hellang.

Hellang peikar òg på at Vitensenterets høgsesong utfyller UiA sitt studieår.

– Det er relativt liten aktivitet på campus om sommaren, når besøksaktiviteten til Vitensenteret er størst. Det gjer at både lokale og parkering totalt sett på campus vil bli betre utnytta gjennom året om ein lokaliserer seg saman, slik vi no gjer, seier han.

Skipast som eit samarbeidsprosjekt

Det er i all hovudsak Statsbygg som eig tomtene på UiA sin campus i Kristiansand. I dette tilfellet festar den statlege forvaltningsbedrifta bort ei tomt for at det skal realiserast eit nytt bygg. I det vidare arbeidet no har Arendal kommune hovudansvaret for utviklinga av anbodsdokumenta og utarbeiding av kontraktar, men dette r òg eit samarbeid mellom UiA og Arendal kommune. Tanken er at den som vinn anbodet både skal bygge, eige og drifte bygget. Når avtale med ein utbygger og eigar blir inngått, vil Arendal kommune, Vitensenteret og UiA ha ei ordinær leigetakarrolle.

NOREGS 12 REGIONALE VITENSENTER:

Vitensenteret Sørlandet er eitt av 12 regionale vitensenter i Noreg som inngår i regjeringa si realfagsatsing. Føremålet er å gi kunnskap om og skape aukande og positiv interesse for realfag, naturvitskap og teknologi for å motivere og inspirere fleire til å utdanne seg og velje yrke innan desse områda. Vitensentera i Noreg er: