Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Sjukepleiarstudentane vil ha meir praksis med pasientdokker

Studentane får meir sjølvtillit og lærer meir av å øve med teknologistyrte pasientdokker. Det kjem fram i eit nytt doktorgradsprosjekt ved Universitetet i Agder.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av sykepleier og pasient
Sjukepleiarstudentar ved UiA får høgteknologisk utdanning og speler rollespel med pasientdokker for å øve på akutte endringar hos pasienten. Foto: Jon-Petter Thorsen, Aptum.

– Kunnskapen og sjølvtilliten auka meir hos studentar som fekk undervisning med pasientdokker enn dei som ikkje fekk det, seier Kristine Haddeland

UiA-forskar Kristine Haddeland disputerte nyleg for doktorgraden med denne avhandlinga: Effects of Using High-Fidelity Simulation on Nursing Students’ Recognition of and Response to Deteriorating Patients”.

UiA-forskar Kristine Haddeland disputerte nyleg for doktorgraden med denne avhandlinga: Effects of Using High-Fidelity Simulation on Nursing Students’ Recognition of and Response to Deteriorating Patients”.

Ho er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA) og disputerte nyleg for doktorgraden med ei avhandling om bruk av teknologistyrte pasientdokker i undervisninga av sjukepleiarstudentar. 

Teknologien har for lengst toga inn i sjukepleiarutdanninga og bidreg på ulike måtar til å etterlikne realistiske situasjonar frå helse- og omsorgssektoren. På sjukepleiarfagspråket kallar ein denne typen teknologiundervisning for fullskala simulering. Det inneber bruk av pasientdokker i undervisninga. 

Ved hjelp av pasientdokkene og sjukepleiarstudentane i ulike roller, etterliknar ein hendingar som kan oppstå med reelle pasientar på sjukehus eller i omsorgsheim. 

Pasientdokka styrt frå siderommet

Pasientdokkene oppfører seg nesten som vanlege folk. Dei kan svime av. Dei kan få epileptiske anfall. Hjarte kan stanse. Blodtrykk falle, eller stige. Puls går opp, eller ned. Oksygenmetting ned, opp. Sveitten kan piple fram. Sår kan blø. Urin kan renne. 

I simulator-rommet med dokkene er sjukepleielæraren saman med sjukepleiarstudentane. Studentane som har fått observatørrolla følgjer gjerne med frå eit anna rom, men kan òg vere med her. Ein annan lærar styrer pasientdokka ved hjelp av eit avansert dataprogram frå siderommet. Hjarterytme, blodtrykk, pulsverdiar og andre viktige helseinformasjon om pasientdokka vert styrt og endra herfrå. 

Informasjonen kjem opp på pasientskjermen på rommet der sjukepleiarstudentane følgjer med. Skjermen er av den same typen som sjukepleiarstudentane møter når dei kjem i praksis på sjukehuset. Oppgåva til studentane i dette rommet er å følgje med på akutte endringar hos pasientdukka og gjennomføre riktig behandling.

Drama på sjukestova

Slik vert det drama for sjukepleiarstudentane: Pasientdokka har kjent seg dårleg og har tilkalla hjelp. Studentane kan sjå på skjermen korleis det står til med blodtrykk og puls. Dei ser også om pasientdokka pustar tungt.  

Bilde av pasient og sykepleiere

Pasientdokkene er lette å programmere og gi studentane erfaring med dei fleste akutte hendingar.

– Vi skaper ein realistisk situasjon der studentane får relevant erfaring med akutte endringar hos pasienten. Pasientdokkene er lette å programmere. Dermed kan vi gi studentane erfaring med dei fleste akutte hendingar dei seinare kan oppleve i praksis og jobb, seier Haddeland. 

Lærer meir og vert sjølvsikre

Hovudmålet med doktorgradsprosjektet hennar har vore å finne ut kva studentane lærer når pasientdokker vert brukte i undervisninga. Prosjekt og avhandling var tredelt. 

I den første delen gjekk ho gjennom tidlegare forsking om pasientdokker og læringsutbytte. 

Den andre delen dreidde seg om å utvikle eit spørjeskjema for å kunne måle kunnskapsnivå og sjølvtillit på ein vitskapleg måte som kan etterprøvast. 

Den tredje studien samanlikna to studentgrupper der den eine fekk undervisning med pasientdokker og den andre ikkje (randomisert kontrollstudie).

Her deltok til saman 158 sjukepleiarstudentar frå to ulike universitet. Ei gruppe studentar og ei gruppe på seks sjukepleiarlærarar vart i tillegg intervjua om erfaringa med bruk av pasientdokker.   

Observatørar lærte mest

– Kunnskapsnivå og sjølvtillit auka meir hos sjukepleiarstudentane som gjennomførte undervisningsopplegget med pasientdokker samanlikna med dei som ikkje gjorde det, seier forskaren. 

Både før og etter undervisningstimane svarte sjukepleiarstudentane på spørsmål om helse og pasientar under akuttbehandling. Dei vart stilt spørsmål av typen kva er normal hjartefrekvens hos friske vaksne og kva skjer med puls og blodtrykk ved akutt bløding etter ein operasjon. 

Eit overraskande funn var at sjukepleiarstudentane som hadde observatørroller, lærte meir enn studentane som stod midt oppe i behandlinga av pasienten. 

– Det kjem kanskje av at sjukepleiarane som behandla pasientdokka var meir stressa enn dei som observerte, men det viser også at vi bør gi fleire undervisningstimar med pasientdokker slik at studentane får erfare situasjonen ut frå fleire roller, seier Haddeland.

Trygt miljø for læring

Eit trygt læringsmiljø, det å få lære i ulike roller og oppleve ei undervisning i realistiske omgivnader vart trekt fram som viktig både av sjukepleiarstudentane og lærarane som var på undervisninga. 

Sykepleier og pasient

Pasientdokkene oppfører seg nesten som vanlege folk.

Ved UiA vert det no lagt opp til at sjukepleiarstudentane alltid skal ha undervisning med pasientdokker før dei gjennomfører praksis på sjukehus og omsorgsheim. Det er i alt seks praksisperiodar i løpet av sjukepleiarutdanninga. 

– Studentane etterspør undervisning med pasientdokker også mens dei er i praksis. Dei opplever hendingar på sjukehuset og andre praksisplassar som dei gjerne vil øve på i trygge omgivnader før dei vender tilbake til praksisplassen, seier forskaren. 

Lenke til avhandlinga.