Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Prøver ut VR-undervisning for sjukepleiarar

Å få praktisk øving i sjukepleie er veldig ressurskrevjande. Kan Virtuell Røyndom-teknologi gjera det meir effektivt?

Biletet visar ein student som sitter foran ein datamaskin.
VR-øvinga tar blant anna føre seg kva informasjon om ein pasient som er viktig å gje vidare før ein operasjon.

– I praksisførebuingar til sjukepleiestudentane er det veldig mange tilsette involverte, og læringsutbyttet er også godt. No skal me prøva å finna ut av korleis Virtuell Røyndom på datamaskin kan brukast, og samanlikna læringsutbytta, seier Eva Mari Andreasen, som er stipendiat ved institutt for helse- og sjukepleievitskap ved UiA.

Virtuell Røyndom, forkorta VR, er ein datasimulert illusjon. Den gir brukaren ei oppleving av å vera ein annan stad, og må vera naturtru nok til at brukaren kan leva seg inn i han.

Behov for mengdetrening

Andreasen skriv doktorgrada si om ulike læringsaktivitetar, og bruken av VR er den ho ser nærare på. Det er spesielt i førebuinga til praksis i sjukepleie at VR kan spela ei sentral rolle. 

Bilete av stipendiat Eva Marie Andreasen.

Stipendiat Eva Marie Andreasen ser nærare på VR-bruk som læringsaktivitet i si forsking.

– Me har lenge sett eit behov for fleire typar praksisførebuande læringsaktivitetar, og VR har potensial for å vera ein av dei. At dette går føre seg i eit dataprogram og ikkje i ein simulert situasjon med levande personar gjer at det er enklare å få mengdetrening. Programmet kan enkelt tilbakestillast, og studentane kan på den måten få fleire repetisjonar. Studentane seier at det er en gøy måte å lære på, seier Andreasen.

Åsne Knutson de Presno er studieprogramleiar for bachelor i sjukepleie i Kristiansand ved UiA. Ho er glad for at det blir prøvd ut nye studentaktive læringsaktivitetar.

– Me har i dag rundt 900 sjukepleie-studentar, og talet er aukande. Studieprogrammet er relativt krevjande, og inneheld blant anna 50 prosent praksis. Alle studentane skal også gjennom simulering før praksis, og med så mange studentar får me nokre logistikkutfordringar med tanke på mengdetrening. Dette kan ny teknologi hjelpa oss med, seier de Presno. 

– Treng meir kunnskap

I forskinga til Andreasen er den simulerte røyndommen eit vanleg sjukehus, og studentane får oppgåver og må samhandla med kvarandre gjennom eit dataprogram.

– Studentane snakkar med kvarandre gjennom mikrofonar, og får prøva seg på ulike oppgåver. Dette kan til dømes vere det som er viktig å få vidareformidla når ein pasient skal opererast. Studentane skal øva på å ta ordet, få fram viktig informasjon, og vera konkrete. Forsking viser at svikt i kommunikasjonen er ein sentral faktor når feil blir gjort på sjukehus, seier Andreasen.

– Det er kjempespennande at Eva Mari Andreasen forskar på denne typen læringsaktivitetar. Me treng meir kunnskap om kva for aktivitetar som kan føre til betre læring, og korleis me kan bruke læringsaktivitetane til å gjere utdanninga enda betre, seier studieprogramleiar de Presno.