Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

– Praksisperioden gir erfaringar for livet

Bioingeniørstudenten Johanne Dahl Storholt frå Universitetet i Agder og fleire av medstudentane hennar har vore i praksis på Sørlandet sjukehus denne våren. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av bioingeniører i lab
Ekstern praksis er ein vesentleg del av bioingeniørstudiet ved UiA. Denne våren gjennomfører studentane på tredje året siste del av praksisen før dei kan kalle seg autorisert bioingeniør.

– Praksisperioden dei siste vekene har lært meg mykje som eg tek med meg vidare i arbeidslivet. Eg har særleg lært at ein må vere løysingsorientert og fleksibel i situasjonar som krev raske omstillingar, seier Dahl Storholt. 

Bilde av Johanne Dahl Storholt går tredje året på bachelor i bioingeniør ved UiA.

Johanne Dahl Storholt går tredje året på bachelor i bioingeniør ved UiA (foto: privat).

Ho går det tredje og siste året på bioingeniørstudiet på Universitetet i Agder (UiA). Dei siste vekene har ho vore i praksis i mikrobiologisk avdeling på Sørlandet sykehus. 

Ho har ikkje sjølv arbeidd direkte med koronaprøver, men analysert prøver frå andre avdelingar på sjukehuset. 

Likevel har ho opplevd omstillingane i laboratoriet blant kollegaane, og korleis koronasituasjonen har påverka arbeidet.

– Det har blitt strenge smittevernreglar. Vi har god plass mellom oss og det er små sjukdomssymptom som skal til for at ein må halde seg heime frå arbeid, seier Dahl Storholt.

Bioingeniørstudiet er ei medisinsk laboratorieutdanning som kombinerer helsefag og teknologi. Bioingeniørar er den største yrkesgruppa i medisinske laboratorium og har mange ulike oppgåver i sjukehuslaboratoria. 

Det er mellom anna dei som analyserer blodprøver, påviser bakteriar, virus og sopp og deira gena i biologiske prøvematerial. Det er også dei som tar blodprøver, og preparerer celle- og vevsprøver ved mistanke om kreft.

– Analysane vi gjer, er eit viktig grunnlag for å stille diagnosar og gi riktig behandling av pasientar, seier ho.

Godt ivaretatt på sjukehuset

Korona-situasjonen har prega både UiA og studentane. I bioingeniørstudiet er praksis ein vesentleg del av studiet. Gjennom heile studieløpet har studentane korte og lengre periodar med praksis i ulike avdelingar og fagområde på sjukehus og helseinstitusjonar. 

UiA har 27 studentar som går tredje og siste året. Alle må gjennom ekstern praksis for å bli autorisert bioingeniør. 

Dei fleste UiA-studentane har i år praksis ved Sørlandet sykehus. Denne våren blei annleis enn det studentane hadde rekna med. 

– Det har vore annleis for oss studentar, men også for dei tilsette på sjukehuset. Dei har jo også fått ein heilt annan arbeidskvardag etter at det blei mykje strengare smittevernreglar, seier Dahl Storholt. 

Ho peiker spesielt på korleis ein som praksisstudent og tilsett må vende seg om i ein omstillingsfase. Som bioingeniør og tilsett på sjukehus, må ein vere førebudd på omstilling. Utbrot med til dømes smittsame og resistente mikrobar i mindre skala er ikkje uvanleg. Ein pandemi med eit svært smittsamt virus er uvanleg. Då situasjonen med koronaviruset blei ein realitet, måtte sjukehuset gjere strengare tiltak enn vanleg for å hindre smitte av tilsette og pasientar. 

Dahl Storholt fortel at rettleiarane på sjukehuset har lagt godt til rette for studentane, sjølv om dei har fått ein meir krevjande arbeidskvardag. All praksis blir gjennomført, med nokre justeringar. 

I laboratoriet har arbeidsdagane til dømes blitt rolegare for Dahl Storolt og dei andre som ikkje handterer koronaprøver. Då må dei trø til der det trengst.

– Vi har omstilt oss og gjer andre arbeidsoppgåver i laboratoriet der det er behov, seier Dahl Storholt. 

Fast jobb

Dei fleste bioingeniør-studentane frå UiA får relevant arbeid etter studia. I hovudsak hamnar dei på medisinske laboratorium på sjukehus eller i annan helseteneste. 

Dahl Storholt fortel at ho har vore heldig. Ho har ein fast 100 prosent jobb å gå til når bacheloroppgåva er levert og praksisen er gjennomført. Då startar ho som bioingeniør på patologiavdelinga ved Vestre Viken sjukehus i Drammen. 

– Det blir spennande å arbeide som bioingeniør. Eg har vore heldig som fekk fast jobb så fort. Det er mange som berre får vikariat i starten, seier Dahl Storholt.