Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Ole-Christoffer Granmo er tiårets forskar innan kunstig intelligens

UiA-professor Ole-Christoffer Granmo er kåra til tiårets forskar innan kunstig intelligens. 

 

Foto av prisvinner
UiA-proffesor Ole-Christoffer Granmo blei kåra til tiårets forskar på NORA-konferansen i Stavanger 9. juni (Foto: Morten Goodwin).

– Eg tek i mot prisen med stor glede og takknemlegheit. I ein verd der dei store kjente Big Tech-selskapa dominerer og er nærmast einerådande, så er prisen særleg viktig for oss som ønsker å fremme eit ikkje-kommersielt, grønt og demokratisk alternativ. Det er ein anerkjenning av arbeidet som er gjort og ein inspirasjon til vidare satsing, seier Ole-Christoffer Granmo. 

Han understrekar også at han deler denne prisen med mange støttespelarar, både kollegaer ved UiAs Senter for forskning på kunstig intelligens (CAIR) og forskarar over heile verda som har bidratt til vidareutviklinga av Tsetlin-maskinen. 

– Eg deler også prisen med leiinga på UiA, både tidlegare og nåværande. Dei har gitt meg all fridom, støtte og moglegheiter heile vegen. Det er fantastisk å vere forskar på UiA og denne prisen er eit bevis på at det ikkje handlar om storleik, men vilje og mot til å satse, seier han. 

Det er NORA (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium) som står bak prisen, og Granmo mottok prisen på NORA-konferansen i Stavanger 9. juni.

Prisen blir gitt for å anerkjenne forskarar som har gjort ein framifrå innsats dei siste åra.  

– Prisen går til Granmo for forskingsarbeidet med Tsetlin-maskinen. Vi er så imponert over arbeidet han har fått til. Arbeidet har vore svært verdifull for utviklinga av kunstig intelligens i Noreg dei siste ti åra, seier Anne Håkansson, professor ved Universitetet i Tromsø og medlem av programkomiteen for NORAs årlege konferanse. 

NORA arbeider med å styrke forsking, utdanning og innovasjon innan kunstig intelligens, maskinlæring og robotikk. 

– Vi er veldig stolte av å ha Ole-Christoffer som ein av våre tilsette, og vi ser fram til å følgje arbeidet hans vidare, seier Sunniva Whittaker, rektor på UiA. 

Professor Ole-Christoffer Granmo leiar UiAs Senter for forskning på kunstig intelligens (CAIR). Han lanserte Tsetlin-maskinen første gang i 2018. Tsetlin-maskinen er ein logisk kode for opplæring av ein kunstig intelligens i ein datamaskin. Det revolusjonerande med Tsetlin-maskinen er at den er baserer seg på logikk i motsetning til talbasert maskinlæring. Det gjer den raskare, meir kostnadseffektiv og meir tilgjengeleg for fleire brukarar. Chipen blir i dag brukt til ulike oppgåver innanfor fagfelta helse, finans og forsking. 

Gratulasjonsvideo produsert av CAIR:

 

 

Les også: Tsetlin-maskinen er en del av den nye utstillingen på Norsk Teknisk Museum.

Les også: På sekunder kan denne maskinen varsle om kritisk sykdom og pengesvindel

Les også: Banebrytende forskningsresultat om kunstig intellegens

Les også: CAIR trekker internasjonale toppforskere til Sørlandet

Les også: Hekta på kunstig intelligens