Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Lykka kjem ikkje over natta

Ikkje alle er einige om kva lykka er. Men dei greske filosofane kan læra oss éin ting: Å bli lykkeleg kan ta eit heilt liv. Eller endå lengre.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto av statue av Aristoteles
For Aristoteles er lykka knytt til handlingane dine. Det å ha flaks og medgang i livet er ikkje det som gjer deg lykkeleg. I staden handlar det om kva slags person du er, og at du er den beste utgåva av deg sjølv. (Foto: iStockPhoto)

«Éi svale gjer ingen sommar», skreiv den greske filosofen Aristoteles. Slik er det òg med lykka, meinte han: Éin dag eller ei kort stund er ikkje nok til å gjera oss lykkelege.

– Ideen om at tid speler ei grunnleggande rolle for lykka, var noko Aristoteles hadde til felles med fleire tenkjarar i det gamle Hellas, seier Hilde Vinje.

Ho er førsteamanuensis på Universitetet i Agder (UiA), og aktuell med ei bok om lykke og filosofi som har fått tittelen – nettopp – Én svale gjør ingen sommer.

Eit godt liv på 49 år

Foto av Hilde Vinje

Førsteamanuensis Hilde Vinje ved Institutt for religion, filosofi og historie på Universitetet i Agder.

Bokomslaget

Én svale gjør ingen sommer - filosifi om lykke, er gitt ut på forlaget Res Publica.

Doktorgraden hennar skulle eigentleg handla om melankoli i antikken. Men då ho kom over setninga hos Aristoteles som har gitt namn til den nye boka, bestemte ho seg for å forske på lykka i staden. Og ho ville ta Aristoteles bokstaveleg: Om det tek tid å oppnå lykka, nøyaktig kor lang tid er det snakk om?

– Om me skal tolka Aristoteles strengt, så er svaret minst 49. Då er ein på høgda av livet. Samtidig skal me ta det med ei klype salt, for Aristoteles var på den alderen sjølv då han skreiv dette, seier Vinje.

Lykka vil uansett ta ulik tid for ulike personar. Det vil ikkje vera nok å nå høgda av livet biologisk, fysisk eller intellektuelt, for å kunna kalla seg lykkeleg.

– I prinsippet kunne ein sjå for seg ein person som brukte hundre år på å bli lykkeleg. Og enkelte blir kanskje aldri lykkelege fordi føresetnadene ikkje er på plass. Så alle blir ikkje nødvendigvis lykkelege som 49-åringar, seier Vinje.

Den beste utgåva av seg sjølv

Men kva er lykka? Og meiner me det same som dei gamle grekarane når me snakkar om ho? Ikkje nødvendigvis, meiner Vinje.

– Når me snakkar om lykka i kvardagen, er det ofte ei kortvarig kjensle av glede me beskriv. Men me kan òg snakka om lykke som å vera tilfreds med vårt eige liv på eit overordna plan. Dette siste er nærast det dei greske filosofane meinte med lykke, sjølv om dei òg i antikken var ueinige om kva lykka er, seier ho.

For Aristoteles er lykka knytt til handlingane dine. Det å ha flaks og medgang i livet er ikkje det som gjer deg lykkeleg. I staden handlar det om kva slags person du er, og at du er den beste utgåva av deg sjølv.

– Ordet dyd høyrest veldig gammaldags ut i dag, men Aristoteles snakka om dydar som mot, sjølvkontroll, rettferd og klokskap. For å bli lykkeleg held det ikkje å vera god på éin av desse tinga, du må ha dydane i kombinasjon for å fungera godt som menneske, seier Vinje.

Korleis det går til slutt

Lykka er altså noko me må jobba for, og kjem ikkje av seg sjølv. Og kanskje vil det alltid vera for tidleg å erklæra seg sjølv lykkeleg.

Det meinte i alle fall den athenske vismannen Solon, som sa at ein ikkje skal kalla nokon lykkelege før livet deira er over. Livet er skjørt, og du kan aldri vita når tragedien rammar. Og sjølv om nokon har levd eit godt liv i seksti år, kva om dei dei siste tjue er fylte med liding? Kan me då kalla dei lykkelege?

– Dette er ein nokså pessimistisk tanke. Og det betyr òg at lykka er noko andre skal vurdera. Tankane til Aristoteles er meir håpefulle, seier Vinje.

Aristoteles nemner òg ein idé som kan verka framand for oss i dag, nemleg at det som skjer etter eit menneskes død speler inn på lykka. Det handlar ikkje om eit liv etter døden, men om kva som skjer med vennene og familien til dei som har gått bort.

– Det er umogleg å forstå den ideen om me ikkje forstår kva fellesskapet betyr for lykka. Me oppnår nemleg ikkje lykka åleine, ifølge Aristoteles. Når me er ein del av noko større er det ikkje irrelevant korleis det går med våre næraste etter at me er borte, seier Vinje.

Mennesket er eit sosialt vesen, og skal me vera lykkelege i aristotelisk forstand kan me ikkje bli det åleine.

– Å utvikla ein god karakter er ein viktig del av det å verkeleggjera potensialet sitt som menneske. Me er ikkje lausrivne frå andre, og ifølge teorien til Aristoteles kan du heller ikkje bli lykkeleg mutters åleine, seier Vinje.