0
Hopp til hovedinnhold

Internasjonalt samarbeid skal gi betre kompetanse om fornybar energi

Fornybar energi-prosjekt ved Universitetet i Agder har fått 7,9 millionar kroner for å styrke det akademiske samarbeidet mellom Bangladesh og Noreg.

Illustrasjon av fornybare ressurser.
UiAs samarbeidspartnere i Bangladesh ønsker ei gradvis omlegging til fornybare energiressursar.

Tildelinga kjem frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (DIKU) og inngår i satsinga på globalt akademisk samarbeid gjennom NORPART-programmet. 

– Tildelinga betyr mykje for oss. Prosjektet vil betre UiAs master i fornybar energi og hjelpe partnaruniversitetet vårt i Bangladesh til å byggje læreplan innan fornybar energi og klimaendringar, seier førsteamanuensis Souman Rudra ved Institutt for ingeniørvitskap ved Universitetet i Agder (UiA). 

Førsteamanuensis Souman Rudra ved institutt for ingeniørvitskap

Førsteamanuensis Souman Rudra ved institutt for ingeniørvitskap

Rudra er prosjektleiar for prosjektet Collaborative Action for improving educational capacities in Renewable Energy to mitigate climate crisis (CARE). Prosjektet starta i 2022 og går fram til 2026. 

NORPART-programmet støttar langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utvalde partnarland frå det globale sør. 

Målet med CARE-prosjektet er å utvikle eit godt samarbeid mellom UiA og Bangladesh og auke kvaliteten på forsking og utdanning innan fornybar energi og klimaendringar. Samarbeidspartnar i Bangladesh er Chittagong University of Engineering and Technology (CUET). CUET er eit av dei ledande universiteta i Bangladesh på dette fagfeltet. 

– Vi skal mellom anna utvikle kurspakkar og gå gjennom pensum for emne innan fornybar energi. Arbeidet inneber at vi utvekslar både studentar og tilsette frå universiteta, seier Rudra. 

Studentutveksling

I løpet av det neste fem åra vil 25 masterstudentar frå Bangladesh kome til UiA og studere eitt semester. 10 studentar frå UiA reiser til Bangladesh for eitt semester. I tillegg får 6 studentar frå Bangladesh fullt stipend for å ta mastergrad i Noreg. Målet er å styrke faglege relasjonar og auke forskings- og utdanningsaktiviteten mellom institusjonane. 

– Bangladesh står som mange andre land ovanfor mange negative konsekvensar med klimaendringar. Partnaruniversitet vårt ønsker eit grønt skifte og ønsker meir kompetanse om fornybar energi, seier Rudra.

Han viser til at Bangladesh ønsker ei gradvis omlegging til fornybare energiressursar. 

– Landet treng fleire med utdanning og kompetanse innan dette fagfeltet. På sikt håper vi at prosjektet gir positive verknader på klimaendringane og gir meir satsing på utdanning og forsking innan fornybar energi, seier Rudra. 

Viktig fagområde

Tildelinga betyr også mykje for UiAs forsking og internasjonale samarbeid.  

Hans Kjetil Lysgård, viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar ved UiA.

Hans Kjetil Lysgård, viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar ved UiA.

– Fornybar energi er eit forskingsfelt som er særs viktig for UiA og som stadig blir viktigare både for oss og for samfunnet i stort. Denne tildelinga er derfor særskild gledeleg og vil bety mykje for UiA si forskingssatsing, utdanning og internasjonale samarbeid gjennom utveksling av forskarar og studentar. Vi ser fram til å utvikle og styrke dei allereie gode relasjonane til våre partnerar i Bangladesh, seier Hans Kjetil Lysgård, viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar ved UiA.