0
Hopp til hovedinnhold

Imponert over Gata på Campus Grimstad

Gata på Campus Grimstad imponerte delegasjonen på 23 leiarar frå Høgskolen i Østfold, som denne veka har vore på besøk på UiA for å lære meir om campusutvikling.

PÅVERKAR LÆRESTADEN: - Campusutvikling er viktig. Korleis folk opplever campus, har tyding for korleis dei opplever heile lærestaden, seier rektor Lars Petter Jelsness-Jørgensen frå HiØ, her saman med UiA-rektor Sunniva Whittaker.

PÅVERKAR LÆRESTADEN: - Campusutvikling er viktig. Korleis folk opplever campus, har tyding for korleis dei opplever heile lærestaden, seier rektor Lars Petter Jelsness-Jørgensen frå HiØ, her saman med UiAs rektor Sunniva Whittaker.

- Gata-området var veldig fint. Gata slynger seg gjennom ulike fellesdelar og samlingspunkt, som kantine, bokhandel og mange flotte sitteplassar. Det verka veldig bra, seier rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen  frå HiØ.

HiØ-rektoren fortel òg  Høgskolen i Østfoldog UiA har fleire likskapstrekk kva campus-forvaltning og utvikling gjeld. HiØ har som UiA to skilde campus: éin i Fredrikstad og éin i Halden. Høgskulen har i dag ingen konkrete planar om å gjere store infrastrukturelle endringar på campusane sine, men som UiA er HiØ opptatt av korleis utforminga av campus kan støtte vedtekne mål og strategiar til høgskulen, samt vere i tråd med dagens og morgondagens krav og føringar til ein god campus.

IMPONERTE: Gata - vrimlearealet på Campus Grimstad.

IMPONERTE: Gata - vrimlearealet på Campus Grimstad.

Påverkar oppfatninga av lærestaden

Fordi rom alltid påverkar åtferda, vil utforminga av ein campus legge viktige og betydelege føringar for korleis brukarane, tilsette, studentar og andre, opplever heile høgskulen som lære- og arbeidsstad. Og det er derfor vi besøker UiA, for å sjå kva som blir her gjorde og kanskje òg lære noko av dykk. De har jo to flotte campusar her i Agder, seier Lars-Petter Jelsness-Jørgensen.

Omfattande program

På UiA har gruppa hatt eit omfattande program. Onsdag brukte dei heile dagen i Grimstad, og torsdag besøkte der Campus Kristiansand, der rektor Sunniva Whittaker og økonomi- og campusdirektør Kjetil Hellangviste dei rund. Dagen starta med omsyning i SiA sitt nybygg ved Spicheren, før resten av campus vart synfaren.

- Vi synest det er flott at vi får besøk av andre som er interessert i å vite meir om korleis vi driv campusutvikling på Agder.  kan dei lære noko av oss, er det veldig bra. Og ved slike besøk er det jo òg slik at vi lærer av dei, så her vinnar vi alle saman, seier rektor Sunniva Whittaker.

Meir om campusutvikling på UiA finn du her!