Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Held festseminar for Elise Seip Tønnessen

Litteratur-, tekst- og medievitskap står i fokus når kollegaer ved Institutt for nordisk og mediefag inviterer til fagseminar til ære for fagleg nestor og professor Elise Seip Tønnesen, som fylte 70 år i sommar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Hans-Olav Hodøl, Anne Margit Løvland, Martin Engebretsen og Gunhild Kvåle, foto
INVITERER: Fredag 5. november byr dei på festseminar til ære for professor emerita Elise Seip Tønnessen. F.v.: Instituttleiar Hans-Olav Hodøl, professor Anne Margit Løvland, professor Martin Engebretsen og prodekan Gunhild Kvåle.

– Elise Seip Tønnessen har i mange år vore eit stort namn i Noreg, og har sett solide spor etter seg både innan undervisning, studieutvikling, leiing og forsking. Det er derfor berre rett og riktig at vi, no som ho har gått frå den faste stillinga si og over i emerita-tilværet, markerer dette med eit festseminar, seier kollega og prodekan Gunhild Kvåle.

På seminaret slepp åtte tidlegare og noverande kollegaer til med foredrag som spenner frå Flåklypa til datavisualisering, sosialsemiotikk og multimodalitet, til grunnleggande lese- og skriveevner og meir.

– I sum kan ein nok seie at vi freistar å røre nokon av temaa Seip Tønnessen har vore opptatt av, og der ho har sett tydelege spor etter seg, seier Kvåle.

Sjå programmet for dagen her!

Yrkesaktiv i 50 år

Elise Seip Tønnessen, foto

Elise Seip Tønnessen

Elise Seip Tønnessen starta den yrkesaktive karrieren sin som journalist og lærer, og tok hovudfag i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen i 1978. I 1987 byrja ho ved Kristiansand lærarhøgskule høgskole, som seinare fusjonerte med andre til Høgskolen i Agder og deretter vart til Universitetet i Agder, der ho har arbeidd sidan. Ho tok doktorgraden sin i medievitskap ved Universitetet i Oslo i 1999. 

Seip Tønnessen har gjennom heile yrkeslivet sitt hatt ei rekke leiar- og utviklingsroller knytt til både UiA, Fakultet for humaniora og pedagogikk og, ikkje minst, sitt eige fagfelt. Ho har undervist, forska og publisert breitt, både innan litteraturvitskap, tekstvitskap og medievitskap. Mellom anna leidde ho det prioriterte – og svært produktive – satsingsfeltet MULTIKUL (Multimodalitet og kulturendring) på UiA i åra 2011-2015.

Ho har òg fått fleire prisar, blant dei IRSCL (International Research Society for Children's Literature) Edited Book Award for boka Jakten på fortellinger: barne og ungdomslitteratur på tvers av medier. I 2012 fekk ho Norsk medieforskarlags formidlingspris for arbeidet sitt med å gjere medievitskap tilgjengeleg for både forskarar, studentar og folk flest. 

Både glad og spent

Og kva med professoren sjølv, korleis ser ho på festseminaret?

– Dette er jo veldig hyggeleg, da. Særleg at de har tatt initiativ til å sette fokus på det eg har vore opptatt av fagleg sett. Så eg er både glad og spent på seminaret. Det er og fint at de har lagt inn tid til å mingle litt. Eg ser frem til det òg, og gler meg til fredag, seiar Elise Seip Tønnessen.