Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Forsking forseinka av Covid-19

Mange doktorgradsstipendiatar har opplevd utfordringar med forsking på grunn av Covid-19.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto fra prøveinnhenting på sjøen.
Mange doktorgradsstipendiatar har blitt utfordra av pandemien (foto: Anne Deininger).

– Vi forsøker likevel å sjå på løysingar i denne situasjonen. Sjølv om noko av forskinga er sett på vent er det likevel andre moglegheiter som dukkar opp, seier Juan C. F. Pardo. 

Juan C. F. Pardo er doktorgradsstipendiat ved Fakultet for teknologi og realfag på UiA

Juan C. F. Pardo er doktorgradsstipendiat ved Fakultet for teknologi og realfag på UiA

Han gjennomfører doktorgradsarbeidet sitt ved Fakultet for teknologi og realfag og er tilknytt Senter for marin forsking (CCR) og Norsk Institutt for vannforsking (NIVA). I vår og sommar skulle han på fleire båtturar for å hente inn prøvar frå havbotnen. Då koronasituasjonen slo til blei alle båtar og fysisk forsking sett på vent.

I staden har Pardo gått saman med fem andre internasjonale marine doktorgradsstipendiatar og samanfatta utfordringane om det å drive med marin forsking under ein pandemi i ein vitskapleg artikkel. Pardo held til i Noreg, Debra Ramon held til i Israel, Isa Elegbede i Tyskland, mens Gabriel Stefanelli-Silva, Luciana S. Lima og Silas C. Principe held til i Brasil.

– Vi er alle på ulike stadium i pandemien, men vi har liknande utfordringar. Forskingsperioden er tidsbegrensa og mange er avhengige av fysiske lokale, laboratorium og båtar. Sidan universiteta har vore stengde har vi ikkje hatt tilgang til utstyr, seier Pardo.

I Noreg er dei fleste tilbake på campus igjen, men dette gjeld ikkje alle land.  

– Vi er heldige som no kan halde fram med forskinga vår. I Brasil må mange framleis halde seg heime. I Brasil og andre har mange mellom anna utfordringar med variert tilgang til internett, seier han. 

Positiv læring

Sjølv om pandemien har ført til endringar i forskinga meiner stipendiatane likevel at det kjem noko positivt ut av situasjonen. 

– Mange har fått auga opp for nye møteplassar mellom forskarar. Til dømes er vi blitt mykje betre på nettbaserte kommunikasjonsverktøy, seier Pardo.  

Mange ser moglegheiter for betring av forskinga si i samarbeid med andre forskarar. I tillegg har nye samarbeidspartnarar komme på banen. Stipendiatane opplever også at dei har fått meir kvalitetstid der dei kan lese seg opp i ulike emne heilt uforstyrra. 

– Vi ønsker å vise at forskarar må vere innovative i ein slik periode. Det er løysingar og moglegheiter i dei fleste situasjonar, seier Pardo. 

Les heile artikkelen her.

Artikkelen har også blitt anerkjent i ECO Magazine, eit internasjonalt magasin innan marin forsking.