Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Collagekunst henter gata inn på universitetet

I gatekunstnar Ener Konings sitt nye verk på Campus Kristiansand finn du ein tidskapsel av kva studentane var interesserte i hausten 2021.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I løpet av nokre dagar i september har mannen med kunstnarnavnet Ener Konings gått rundt på Campus Kristiansand og plukka med seg plakatar, flygeblad og studentpublikasjonar.

Materialet har blitt en collage som dannar bakgrunnen for eit nytt verk i Sigurd Køhns hus, hvor Fakultet for kunstfag held til.

– Eg har funne ting som studentane har hengd opp eller gått frå. Her er det også korona-kommunikasjon og ein halvvegs oppriven einmeter. Det er eit veldig tidsaktuelt arbeid, seier Ener Konings.

Inspirert av forfall

Han er ein av fleire gatekunstnarar som kombinerer ulovleg kunst ute på gata med betalte utsmykkingsarbeid innandørs.

I verket han har laga for UiA, har Ener Konings pussa ned og rive i motivet for at laga i bakgrunnen skal kome gradvis til syne. Teknikken er inspirert av livssyklusen til gatekunsten utandørs.

– Når eit av bileta mine heng ute på gata, er det kanskje nokon som riv litt i det, så drar nokon ein tagg, eller ein plakat blir hengd opp over det. Eg prøver å ta gata inn i bygninga ved å etterlikne det forfallet, seier Ener Konings.

Kunstnaren kallar ikkje sjølv verket for gatekunst, sidan det ikkje heng i gata.

Foto av verket

Det ferdige kunstverket i K-bygget.

UiA-alumn

– Ener Konings kombinerar det figurative og det abstrakte med eit spontant og leikent uttrykk. Det er viktig at kunsten på UiA er i dialog med både arkitekturen og innhaldet i bygningane, og eg vart utrolig glad for at Ener Konings sa ja til oppdraget, seier seniorrådgjevar Mette-Line Pedersen ved UiA si kunstsamling.

Ener Konings er frå Bergen, men har utdanninga si frå Fakultet for kunstfag på Universitetet i Agder. Der fikk han prøve ut alt frå arbeid med treskulptur, keramikk og søm til teikning og trykk.

– Det er veldig morosamt å vere tilbake. Dei sette opp denne bygninga då eg studerte her, seier han.

Kunstnaren har delteke på fleire norske og internasjonale gatekunstfestivalar, og har tidlegare hatt to separatutstillingar i Kristiansand. For tida arbeidar han med ei større utstilling på Galleri Bi-Z som etter planen opnar i 2022.

Du finn kunstverket like innanfor hovuddøra i Sigurd Køhns hus (bygg K) på Campus Kristiansand.

(Video: Gunnar Langeland/UiA)