0
Hopp til hovedinnhold

– Bruk den nynorsken du har!

Vegrar du deg for å skrive på nynorsk, eller synest du nynorsk er noko herk? Då bør du lese denne saka.

Språkforskar Magnhild Selås ved UiA
Språkforskar Magnhild Selås ved UiA seier det er god øving for din eigen språkkompetanse og ditt eige språklege medvit å ta i bruk nynorsk i ny og ne.

Vi bør dyrke og ikkje skjule den nynorskkompetansen som finst, meiner professor og språkforskar Magnhild Selås ved UiA.

Å ufarleggjere det å skrive nynorsk er også eit av formåla med Nynorskdagen 12. mai, arrangert av Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

UiA er med og markerer dagen med blant anna tekstar på nynorsk på uia.no og i digitale kanalar.

Datoen er ikkje tilfeldig: 12. mai 1885 vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål som skriftspråk her i landet, kjent som det såkalla jamstillingsvedtaket.

– Her på UiA er det til dømes mange som har hatt nynorsk på skulen. Eg kunne godt ha ønskt at det vart sett på som ein ressurs å ha kunnskap om og kjennskap til nynorsk, at det er noko du kan ta i bruk og ikkje vere så redd for at alt skal vere riktig, seier ho.

Fordelane med nynorsk

For Selås, som for tida forskar på dialektutvikling blant barn, er nynorsk det mest naturlege skriftspråket for dagleg bruk.

– Stilidealet på nynorsk er litt enklare og smidigare. Dersom du synest det er vanskeleg å finne ei akademisk stemme eller ein skrivestil som funkar, gå til nynorsken, seier ho.

I nynorsken blir du ført inn i ei meir tilgjengeleg form som kan vere ein fordel når du skal kommunisere, ifølge Selås.

– Nynorsk er ikkje så glad i passive konstruksjonar, mens vi på bokmål gjerne pakkar språket inn i setningsoppbyggingar som skjuler kven som handlar. Nynorsk liker best aktive formuleringar.

Formuleringar som til dømes «det framhevast ofte at…» ser du sjeldan på nynorsk, og då får du eit meir aktivt språk.

– Eg ser ofte studentar forsvinn inn i lange, passive formuleringar i akademisk skriving på bokmål. Her kan nynorsken hjelpe deg, påpeikar ho.

«Eg hatar nynorsk!»

Har du gått i norsk skule med bokmål som hovudform, hugsar du kanskje motstanden mot nynorsk i klasserommet.  

 Kva vil du seie til dei som synes nynorsk er noko herk?

– For det første snakkar vi då ned førstespråket til svært mange her i Noreg. Og det er jo litt uhøfleg, rett og slett.

– Og for det andre – sjå til historia og korleis nynorsk faktisk blei til. Det starta som eit slags demokratisk prosjekt kor alle skulle vere med. Det er ein usedvanleg sympatisk måte å lage et skriftspråk på. Den tanken er veldig fin.

For det tredje er det viktig å få fram at alle kan få det til, framhevar språkforskaren.

– Det er ei god øving for din eigen språkkompetanse og ditt eige språklege medvit å ta i bruk nynorsken. Vi må ikkje mystifisere det. Vi har jo alle ein dialekt med oss, og ein nynorsk-kompetanse som til ein viss grad ligg der.

Og kanskje er tida komen for å akseptere at det blir litt rusk, og at perfekt nynorsk ikkje må vere idealet.

– Det gjer jo litt vondt for meg som vil ha alt rett, men det er kanskje ein veg vi må gå, smiler Selås.

Skru om til nynorsk på pc-en

Difor kan ein nynorskdag være bra, trur professoren.

– Om du eigentleg har lyst til og kan skrive nynorsk, er det ingen grunn til å la vere. Bruk den nynorsken du har, seier Selås, og skyt inn eit siste tips:

– Still inn språkinnstillingane på pc-en din eller smarttelefonen til nynorsk i ein periode. Eg gjorde det nyleg sjølv, med litt indre motstand, men det gjekk bra, forsikrar ho.