Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Ålegras gjer fiskebestandar meir robuste

Ny studie frå UiA viser at ålegras er eit viktig bindeledd for å ta vare på ulike fiskebestandar langs norskekysten.   

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av havbunn med ålegress
Ålegras er ein heim og eit viktig leveområde for mange fiskeartar og organismar (Illustrasjon: IStock.com).

– Studien viser at ålegras er viktig for artane. Om avstanden mellom områda med ålegras blir for store for organismar å krysse, vil ikkje lokale fiskebestander utveksle individer og gener. Bestandane blir dermed mindre robuste for overfiske og for miljøforandringer, seier Halvor Knutsen. 

Han er leiar av Senter for kystsoneøkologi (Centre for Coastal Research – CCR) på UiA og arbeider ved UiA og Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal. Knutsen har gjennomført studien i samarbeid med fleire havforskarar frå CCR og Havforskingsinstituttet. Nyleg blei han publisert i det internasjonale fagtidsskriftet Molecular Ecology. 

Halvor Knutsen er professor og leiar for Senter for kystsoneøkologi ved UiA.

Halvor Knutsen er professor og leiar for Senter for kystsoneøkologi ved UiA.

Frå Svenskegrensa til Ålesund har kystnære fiskeartar som tangsnelle, grøngylt og svartkutling blitt samanlikna. Målet har vore å finne fellesnemnarar for korleis artane opplever barrierar og kor dei blir hindra i å møte andre bestandar.  

Langs heile norskekysten veks ålegras flekkvis og dannar grunnlag for svære økosystem i havet. I ålegras bur og lever ein rekkje fiskeartar. Når områda med ålegras er nær kvarandre kan fiskeartar lettare nå kvarandre. Område med ålegras er viktig for at fiskeartane klarer å spreie seg mellom kvarandre.

– Ålegras knyter bestandane saman. Vi veit at område med god genetisk variasjon gir meir robuste bestandar, seier Knutsen. 

Mister kontakt med kvarandre

Forskarane ser til dømes på eit område på Jæren med naturlege sandbankar på fleire kilometer. Der gjer stor bølgeaktivitet det vanskeleg for ålegras å etablere seg. 

– Stor avstand og lite ålegras lager lengre avstand mellom bestander og kan føre til at dei mister kontakt med kvarandre, seier Halvorsen. 

Fleire plassar ser forskarane også at ålegrasenger må vike for brygger, sandstrender eller andre inngrep langs kysten. Dette påverkar utviklinga for artane i havet.

– Der dei ikkje har kontakt med kvarandre blir dei meir utsette tap av genetisk variasjon. Då kan fiskeartane bli svekka og bli mindre motstandsdyktige for miljøforandringar, seier Knutsen. 

Genetisk kartlegging

Studien er ein del av Ecogenome, eit forskingsprosjekt finansiert av Noregs forskingsråd. Forskinga gjennomfører ein genetisk kartlegging av ei rekke kystartar i Noreg, mellom anna fiskeartar, tang og krepsdyr. Dei ser óg på kva som styrer oppdelinga i bestandane og kva tilpassing dei gjer i det marine økosystem. 

– Vi kartlegger genetiske skilnadar mellom bestander av fleire artar. Om vi finner et kystområde der fleire artar opplever ein barriere, kan dette vere ein naturlege plass å tilrå ei grense for forvalting, seier Knutsen. 

 

Fakta om ålegras

Ålegras veks i både sjø- og ferskvatn og husar eit stort mangfald av artar og organismar.  

Det er ingen grasart, men ein blomsterplante med mjuke, grøne stenglar som kan bli opp mot 120 cm lange. Planten trivst best i tette enger i fjæra og ned til djup på 10 meter, i sund og buktar og der det er relativt roleg sjø.