Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Disputas: Krøplingkroppar i litteraturen

Nora Simonhjell disputerer 8. januar med ei avhandling der ho tek for seg korleis konkrete fysiske tilstandar, nærare bestemt funksjonshemma kroppar, vert framstilt i ny norsk litteratur.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nora Simonhjell disputerer for ph.d.-graden på doktorgradsprogrammet i litteraturvitskap ved Universitetet i Agder med avhandlinga ”Krøplingkroppar. Om litterær framstilling av merkte, aldrande og funksjonshemma kroppar i Lars Ramslies ”Biopsi” og Stig Sæterbakkens ”Siamesisk”.”

Disputerer på litterære krøplingkroppar

Korleis blir funksjonshemma framstilt i nyare norsk litteratur? Gjennom detaljerte analysar av kroppsframstillingane i Lars Ramslies Biopsi og Stig Sæterbakkens Siamesisk (begge 1997) argumenterer Nora Simonhjell for at krøplingkroppen representerer eit forsømt, men interessant litterært felt.

Den funksjonshemma kroppen representerer eit mangfaldig erfaringsområde det er viktig å undersøkje den estetiske og litterære framstillinga av. Ramslie (f. 1974) og Sæterbakken (f. 1966) skriv kroppsutfordrande litteratur. Dei framstiller kroppar og kroppserfaringar som på ulike vis skil seg frå det ein med eit problematisk omgrep kan omtale som ein ”normal” kropp. Romanane deira framstiller kroppslege forandringar og konkrete fysiske tilstandar som er lite tematiserte i norsk litteraturforsking.

Tittelen – Krøplingkroppar – er inspirert av den amerikanske forskingsgreina disability studies sitt forsøk på å sprengje, og dermed problematisere, det stigmatiserande omgrepet krøpling. I den store merksemda kroppen har fått i nyare humanistisk forsking, er det påfallande kor lita merksemd som har vorte retta mot estetiske representasjonar av funksjonshemma. Forsking på funksjonshemmingar synest å vere overlate til samfunnsvitskaplege forskingsdisiplinar. Det nye ved dette avhandlingsarbeidet er at innsikter frå desse forskingsfelta blir nytta i ein analyse av ny norsk litteratur.

Krøplingkroppar er, i tillegg til romananalysane, såleis eit bidrag til utviklinga av alternative måtar å lese skjønnlitteratur på. Teori- og metodeutviklinga innanfor disability studies er tverrfagleg og open. Avhandlinga byggjer på ein liknande teori- og metodepluralisme. Slik grensar Simonhjells avhandling mot tidlegare forsking på den litterære kroppen, litteratur og sjukdom og queer-studiar.

Perspektiva ligg i den kulturanalytiske tradisjonen og byggjer på ei førestilling om at det skjer ei kunnskapsutveksling mellom skjønnlitteratur og omverda. Gjennom kunst og litteratur kan ein få kunnskap om menneskelege erfaringar på ein annan måte enn det reint medisinske og samfunnsvitskaplege perspektiv kan gi. Dette betyr ikkje at litteraturen er speglingar av gitte fenomen, men at ein derimot kan lese dei som forstørringar, overskridingar og utfordringar av gitte tilstandar. Biopsi og Siamesisk er ekstraordinære romanar i så måte.

Både Ramslie og Sæterbakken utfordrar førestillingar om kroppen som ein nøytral og heilskapleg storleik. Den fysiske tilstanden kroppen til ei kvar tid er i har tyding for korleis den enkelte er til stades i verda på – så også i ein litterær tekst. Dikotomiske motsetningar som frisk – sjuk, sunn – usunn, ung – gamal, funksjonsfrisk – funksjonshemma er høgst problematiske. Krøplingkroppen unndrar seg alltid faste bestemmingar. Gjennom kroppsnære analysar undersøkjer Simonhjell korleis verka skildrar ulike former for kroppsmerke, alvorleg sjukdom, aldring og ulike funksjonshemmingar (blindheit, døvheit, tap av førleik osb.). Begge verka nyttar dessutan fragmentforma som ei forsterking av det tematiske.

Disputasfakta:

Kandidaten:

Førstelektor Nora Simonhjell var stipendiat ved UiA 2005 – 2008, og arbeider no som norsk lektor ved Nordisk Institutt ved Universitetet i Århus. Ho er cand.philol med hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i 1996. Hun har vore tilsett ved Høgskulen i Volda i fleire periodar mellom 1997 og 2005, og hatt ulike engasjement ved Universitetet i Bergen.

Nora Simonhjell har ut over dette vore litteraturansvarleg i Morgenbladet, er litteraturkritikar og skrive diktsamlingane slaktarmøte (1999) og kvassare (2001).

Prøveforelesning og disputas vert leia av dekan ved Fakultet for humaniora og pedagogikk Berit Eide Johnsen, og finn stad på UiA Campus Kristiansand, i Gabriel Scotts auditorium B1-001 – inn hovudinngangen og til høgre i vrimlehallen Vilhelm Krags hall.

Tid for prøveforelesning: Torsdag 7. januar kl. 17.15 - 18.00 over oppgjeve emne: Kropp og sykdom i litteraturhistorisk perspektiv: 'Peder Dasses Klage-Sang udi hans 6 aars langvarige Sygdom', C.M. Bellman, 'Till fader Movitz, under dess sjukdom, lungsoten' og Henrik Wergeland, 'Paa Sygelejet'.

Tid for disputas: Fredag 8. januar kl. 10.15

Tittel på avhandling: Krøplingkroppar. Om litterær framstilling av merkte, aldrande og funksjonshemma kroppar i Lars Ramslie Biopsi og Stig Sæterbakkens Siamesisk.

Opponentar:

Førsteopponent: Professor Karin Sanders ved University of California, Berkeley, USA

Andreopponent: Professor Knut Stene-Johansen ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, Universitetet i Oslo

Professor Andreas G. Lombnæs ved Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder har leia arbeidet i dømmingskomiteen.

Rettleiarar:

Hovudrettleiar i avhandlingsarbeidet har vore professor Unni Langås ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder.

Birettleiar har vore professor Ellen Mortensen ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning, Universitetet i Bergen