Kval på photo shoot

Snart presenterer vi 3D-modell av grandkvalskjelettet vårt.

To gutar tek bilete av eit kvalskjelett.

Studentane Diogo Duarte og Oskar Mielnik tek bilete av grindkvalskjelettet.

Vi har lenge ønskja oss 3D-modell av grindkvalskjelettet vårt, og i år får vi oppfylt ønsket vårt!

Modellen blir laga av to bachelorstudentar, Diogo Duarte og Oskar Mielnik, frå Multimedieteknologi og design, UiA (Grimstad), med hjelp frå deira rettleiarar, Morgan Konnestad og Jostein Nordengen.

Denne veka har studentane, Diogo og Oskar, starta prosjektet. Kvalen blei hengt opp i passe høgd, bakgrunn blei dekt og lysforhold blei tilpassa. Teknikken dei bruker for å lage 3D-modellen heiter «fotogrammetri». Enkelt forklart er dette ein teknikk som blir brukt til å «trekke ut» 3D-informasjon frå fotografi. For å gjere dette treng dei så mange detaljerte fotografi som mogleg, frå så mange vinklar som mogleg. Denne prosessen tek med andre ord lang tid. Etter fotograferinga skal alle fotografiane analyserast ved hjelp av ein programvare, og til slutt konverterast til ein 3D-modell.

Når modellen er ferdig, skal den stillast ut på museet saman med kvalskjelettet her på museet.

Kor kom kvalen frå?

I desember 2019 blei ein daud grindkval funne på Tromøya i Arendal. Skjelettet til grindkvalen blei frakta til museet for å bli bevart i samlingane, medan kjøt, innvollar og spekk blei liggande igjen til åtseletarar. Les meir om grindkvalen på museets naturblogg, eller sjå filmen på youtube. 

Publisert: 24. februar 2023

Publisert 19. jan. 2024 - Sist endra 6. okt. 2025