Grønvier (Salix phylicifolia) er ein meterhøg busk med blanke raudbrune årsskott og blanke lysgrøne blad. Noko næringskrevjande. Nokså sjeldan i Agderfylka til 1291 m o.h. Grønvier er funne sør til Valle.
Lappvier (Salix lapponum) blømer med raklar før lauvsprett, og det er ikkje blad på rakleskafta. Dette er ein typisk gråvier som ofte veks i tette, gråfarga kratt, både i og like over fjellbjørkeskogen. Sauene beiter på busken. Vanlegaste gråvier i heiane her sør, til Hægebostad, Vennesla og Froland. Han er lite næringskrevjande.
Myrtevier (Salix myrsinites) er lett kjenneleg på blanke blad, samstundes som dei visne blada frå førre året sit på greinene. Om lag ein halvmeter høg. Næringskrevjande, sjeldan i Agderfylka, finst berre på baserik grunn i Bykle mellom 835 og 1250 m o.h.
Rukkevier (Salix reticulata) er ein liten, krypande dvergbusk. Dei tykke blada har tett, nedsenka nervenett. Dekorativ. Næringskrevjande, sjeldan, er berre funne på baserik grunn i Bykle (1050-1230 m o.h.) og i Sirdal (Hunneknuten).
Sølvvier (Salix glauca) blømer med raklar samstundes med blada. Rakleskafta er lange og dei har blad. Dei raudbruna arra likner unge elghorn. Blada smaker beskt, men sauene beiter på busken. Lite næringskrevjande, noko mindre vanleg enn lappvier i heiane. Kjend sør til Hægebostad og Iveland.
Ullvier (Salix lanata) er lett kjenneleg med breie og ullhåra blad. Om lag ein halvmeter høg. Næringskrevjande. Ikkje vanleg i Agderfylka, berre funne i Bykle mellom 610 og 1300 m o.h.
Øyrevier (Salix aurita) er ikkje ein ekte fjellplante, men han veks naturleg langs med stien gjennom i fjellhagen. Øyrevier er den vanlegaste vieren i låglandet, i skog, skogkantar, på vegkantar og skrotemark. Namnet kjem av dei store øyreblada som sit parvis ved basis av dei store blada. Han er funne opp til 930 m i Bykle. Veks naturleg i fjellhagen.