Blindurt (Silene wahlbergella) har ein merkeleg blomster, kronblada stikk oftast ikkje ut av begeret som er stivt opprett i frukt (biletet!). Fins berre i Fennoskandia (ikkje Agder) på kalkrik grunn i fjellet. NT (nær truet) på den norske rødlista (2010).
Fjellnøkleblom (Primula scandinavica) blømer tidleg i Ljosland fjellhage. Heile planta er kvitmjøla. Vakker. Veks på baserik (kalkrik) grunn i fjellet. Truleg berre i Skandinavia (ikkje Agder). NT (nær truet) på den norske rødlista (2010).
Kalkarve (Arenaria pseudofrigida) har ei nordaustleg utbreiing på Varangerhalvøya i Finnmark og på Svalbard. Kalkkrevjande. NT (nær truet) på den norske rødlista (2010).
Kolavalmue (Papaver lapponicum) er ei særs dekorativ fjellvalmue, men kronblada fell tidleg av etter bløminga. Fins berre nokre få stadar i Kvænangen (Troms) og Alta (Finnmark). EN (sterkt truet) på den norske rødlista (2010).
Meisterrot (Peucedanum ostruthium). I Agderfylka er planta i dag berre kjend frå Ljosland, Bortelid og Hamkoll i Åseral, Ousdal i Sirdal og frå Herad. Dette er ei lækjeplante, brukt mot pest, og truleg innførd til landet av munkane i middelalderen, men kor gamle bestanda i t.d. Åseral er, veit me ikkje. NT (nær truet) på den norske rødlista (2010).
Mogop (Pulsatilla vernalis) har ein stor blome som fyrst er opprett (bilete), sidan nikkande. Kronblada har lange silkehår. Planta har ei søraustleg utbreiing, mest vanleg i Jotunheimen og på Dovrefjell iflg. Lids flora (2005). Ikkje Agder. NT (nær truet) på den norske rødlista (2010).
Norsk malurt (Artemisia norvegica) høyrer heime i same slekt som dei gamle, innførte kulturplantene ekte malurt, burot, estragon og abrodd. Men norsk malurt er ein ekte vill fjellplante i Noreg, med ei sørleg utbreiing i fjellet. Ikkje Agder. VU (sårbar) på den norske rødlista (2010).
Polarflokk (Polemonium boreale) er i dag berre kjend frå ein plass på fastlandet i Noreg: Bugøynes kyrkjegard i Finnmark. CR (kritisk truet) på den norske rødlista (2010).
Solblom (Arnica montana) er ikkje vanleg lengre i Agderfylka. I Agderfylka er dei sikraste veksestadene nå på open kulturmark i Setesdal, t.d. i Valle og Bykle. Ute med kysten er planta nesten forsvunne. VU (sårbar) på den norske rødlista (2010).
Sprikjesnøgras (Phippsia concinna) er eit lite gras som veks på vått snøleie på baserik (kalkrik) grunn i høgfjellet. Ikkje Agder. VU (sårbar) på den norske rødlista (2010).
Systermarihand (Dactylorhiza sambucina) er vår einaste orkidé med gule blomster. I Agderfylka fins det nokre bestand i Setesdal og i Tvedestrand. VU (sårbar) på den norske rødlista (2010).