Fjellburkne (Athyrium distentifolium) finst titt i tette bestand i lier og urder der snøen ligg lenge. Vanleg i fjellet sør til Lyngdal og Bygland og opp til Sæbyggjenuten 1405 m o.h. i Bykle. Fjellburkne har runde sporehopar under blada. I låglandet veks den brålike skogburkna med avlange sporehopar.
Fjellminneblom (Myosotis decumbens) liknar mykje på dyrka skogminneblom frå hagane i låglandet, men skiljast frå sistnemde ved at begeret er kortare enn kronrøyret. Planta er fleirårig, ikkje vanleg. Noko næringskrevjande. Veks i høgstaudelier i fjellbjørkeskogen frå 1190 m o.h. i Bykle og sør til Åseral og Bygland.
Geitrams (Chamaenerion angustifolium)
Fjellgullris (Solidago virgaurea ssp. lapponica) er ein eigen fjellform av det vanlege gullriset frå låglandet. Fjellgullris er særs vanleg i fjellet, til heilt opp på den høgste toppen, Sæbyggjenuten 1503 m o.h. i Bykle. Planta er lite næringskrevjande. Kan vokse seg nokså stor og frodig i næringsrike høgstaudeenger.
Kranskonvall (Polygonatum verticillatum) veks titt tett saman i bestand i frodige lier frå låglandet og opp på fjellet. Noko næringskrevjande. Dei mørkeraude bæra blir ete av fugl og spreidd. Blada sit i kranser oppetter stilken.
Kvitbladtistel (Cirsium heterophyllum) er ein kraftig staude med stort spreiingspotensial. Plant inn ein kvitbladtistel i hagen din – og snart har du ein stor bestand! Han spreier seg uhemma med utlauparar. Blada er kvitfilta på undersida og har vore mykje brukt i norsk folkemedisin, særleg som sårmiddel. Noko næringskrevjande. Frå låglandet og opp til 1290 m o.h.
Kvitsoleie (Ranunculus platanifolius) er ei høgreist plante med kvite blomar i sterk kontrast mot grønt bladverk. Noko næringskrevjande. Trivst godt i rike lier i fjellbjørkeskogen. Er funne sør til Hægebostad og Evje og Hornnes, og opp til 1280 m o.h. Planta er óg dyrka i hagar.
Myskegras (Milium effusum) er eit særmerkt gras i høgstaudeliene. Meterhøgt, dei elegante aksa rager over gråvierane. Luktar godt i tørr tilstand. Funne opp til 1170 m o.h.
Raud jonsokblom (Silene dioica) er ein særs vakker blome med sterke fargar! Planta er særbu med oppblåst beger hos hoplanta, men ikkje hos hannplanten. Raud jonsokblom er funne til 1250 m o.h. i Bykle
Skogstorkenebb (Geranium sylvaticum) er vanleg frå fjøra og opp på snaufjellet til 1350 m o.h. Planta er særs vanleg i høgstaudelier og veks ofte i større bestand. Gjev garn gul farge. Brukt mot gikt i folkemedisin.
Taggbregne (Polystichum lonchitis) er ei stiv bregne. Ho er næringskrevjande og veks helst i frodige lier, høgstaudeenger og rasmark i fjellet. Bregna veks sør til Hægebostad og Kristiansand, og opp til 1350 m o.h.
Vendelrot (Valeriana sambucifolia) er utbreidd frå fjøra og heilt opp på snaufjellet, til 1290 m o.h. Planta likar seg i rike høgstaudelier. Gamal lækjeplante, t.d. valerianadråpar som nervemedisin.
Sløke (Angelica sylvestris)
Turt (Cicerbita alpina) er ei vill plante i Noreg, men folk har tatt ho inn i hagane sine, sikkert på grunn av dei fine, blå blomane. Den ville planta er funne sør til Hægebostad, Vennesla og Iveland i Agder. Tidlegare brukt til mat når det kneip. I Bykle veks ho opp til 1290 m o.h.