Engsoleie (Ranunculus acris) er floranamnet på denne planta, men ho er kan hende like godt kjend med namnet smørblomst. Det var vanleg at borna held ein slik blome under haken, og når det gule gjenskinet synte seg på huda, fekk ein høre at: ”Jau, du har ete mykje smør.”
Engsyre (Rumex acetosa) er ei vanleg engplante i Noreg. Namnet syre, norrønt súra, fortel at planta er sur, og ho inneheld fruktsyre, men óg oxalsyre. Ein skal difor vere litt forsiktig med å ete for mykje syre på ein gong.
Raud jonsokblom (Silene dioica) er ein særs vakker blome med sterke fargar! Planta er særbu med oppblåst beger hos hoplanta, men ikkje hos hannplanten. Raud jonsokblom er funne til 1250 m o.h. i Bykle
Raudsvæve (Hieracium aurantiacum ssp. carpathicola) er ein vakker korgblomster som folk har tatt inn i hagane sine. Ei kan óg få kjøpt planta som staude. Vill raudsvæve er ikkje vanleg, veks i næringsrik fjellbjørkeskog, støylsvollar og eng sør til Hægebostad og Evje og Hornnes, opp til 1030 m o.h. i Bykle.
Skogstorkenebb (Geranium sylvaticum) er vanleg frå fjøra og opp på snaufjellet til 1350 m o.h. Planta er særs vanleg i høgstaudelier og veks ofte i større bestand. Ei frodig støylseng med skogstorkenebb er óg eit vakkert syn. Gjev garn gul farge. Brukt mot gikt i folkemedisin.
Solblom (Arnica montana) er ikkje vanleg lengre i Agderfylka. I Agderfylka er dei sikraste veksestadene nå på open kulturmark (t.d. eng og støylsvollar) i Setesdal, t.d. i Valle og Bykle. Ute med kysten er planta nesten forsvunne. VU (sårbar) på den norske rødlista (2010).
Vendelrot (Valeriana sambucifolia) er utbreidd frå fjøra og heilt opp på snaufjellet, til 1290 m o.h. Planta likar seg i rike høgstaudelier. Gamal lækjeplante, t.d. valerianadråpar som nervemedisin.