Ballblom (Trollius europaeus) har ei noko austleg utbreiing i Noreg, og fins i høgstaudeeng opp til snaufjellet til Finnmark. Ikkje Agder. Ballblom er óg brukt som staude i hagane og forvillar seg. Ei ballblomeng i full bløming er eit vakkert syn!
Fjellflokk (Polemonium caeruleum) veks vill i høgstaudeeng på noko baserik (kalkrik) grunn i fjellstrøk i Sør-Noreg og i kyststrøk i Trøndelag og Nord-Noreg til Finnmark iflg. Lids Flora 2005. Ikkje Agder. Men planta er mykje brukt som staude, og forvillar seg frå hagane. Gamal lækjeplante, brukt m.a. mot hundegalskap iflg. Fægri i Norges Planter.
Raud jonsokblom (Silene dioica) er fast inventar i alle høgstaudeenger. Planta er særbu med oppblåst beger hos hoplanta, men ikkje hos hannplanten. Hoplanta set rikeleg med frø og spreier seg lett. Raud jonsokblom er funne til 1250 m o.h. i Bykle
Skogstjerneblom (Stellaria nemorum) veks typisk i tette bestand i høgstaudeliene. Breier seg med krypande tæger frå stengelgrunnen. Saftige stenglar som veks i hop med kvarandre og i andre planter. Planta veks opp på snaufjellet, til 1100 m o.h. i Bykle.
Turt (Cicerbita alpina) er vanleg i høgstaudeliene i det meste av Noreg. I Agderfylka er planta funne sør til Hægebostad, Vennesla og Iveland. I Bykle veks ho opp til 1290 m o.h. Høgderekord i Noreg er 1460 m o.h. i Lærdal iflg. Lids flora (2005).
Tyrihjelm (Aconitum lycoctonum ssp. septentrionale) er ein særmerkt høgstaude som veks i rike lier i fjellbjørkeskogen. Noko austleg utbreiing i Noreg, nord til Troms. Planta er særs giftig, og dyr et ho ikkje. Fins berre i Bykle mellom 780 og 1130 m o.h. i Agderfylka. Eit gamalt folkeleg namn på planta i Bykle er furreme. Lækjeplante, m.a. mot utøy på folk pg fe. Trolldomsurt.