Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Fjellplanter utom Agder

Blåmjelt

Blåmjelt

Blåmjelt (Astragalus norvegicus) har ein særmerkt blåfarge på blomane. Blomestanden er avlang. Veks på baserik (kalkrik) grunn i fjellet frå Hedmark og Oppland til Finnmark.

 

Dovrerublom

Dovrerublom

Dovrerublom (Draba glabella var. dovrensis) høyrer til ein lokal rase som berre er kjend frå fjellet i Hedmark, Oppland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

 

Fjellnøkleblom

Fjellnøkleblom

Fjellnøkleblom (Primula scandinavica) blømer tidleg i Ljosland fjellhage. Heile planta er kvitmjøla. Vakker. Veks på baserik (kalkrik) grunn i fjellet. Truleg berre i Skandinavia (ikkje Agder). NT (nær truet) på den norske rødlista (2010).

 

Kalkarve

Kalkarve

Kalkarve (Arenaria pseudofrigida) har ei nordaustleg utbreiing på Varangerhalvøya i Finnmark og på Svalbard. Kalkkrevjande. NT (nær truet) på den norske rødlista (2010).

 

Kolavalmue

Kolavalmue

Kolavalmue (Papaver lapponicum) er ei særs dekorativ fjellvalmue, men kronblada fell tidleg av etter bløminga. Fins berre nokre få stadar i Kvænangen (Troms) og Alta (Finnmark). EN (sterkt truet) på den norske rødlista (2010).

 

Norsk malurt

Norsk malurt

Norsk malurt (Artemisia norvegica) høyrer heime i same slekt som dei gamle, innførte kulturplantene ekte malurt, burot, estragon og abrodd. Men norsk malurt er ein ekte vill fjellplante i Noreg, med ei sørleg utbreiing i fjellet. Ikkje Agder. VU (sårbar) på den norske rødlista (2010).

 

Nålearve

Nålearve

Nålearve (Minuartia rubella) veks på baserik (kalkrik) grunn i fjellet, i sør frå Hordaland, Oppland, Hedmark, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, i nord frå Nordland til Finnmark. Vanleg på Svalbard.

 

Polarflokk

Polarflokk

Polarflokk (Polemonium boreale) er i dag berre kjend frå ein plass på fastlandet i Noreg: Bugøynes kyrkjegard i Finnmark der dette biletet er teke i 2008. CR (kritisk truet) på den norske rødlista (2010).

 

Reinmjelt

Reinmjelt

Reinmjelt (Oxytropis lapponica) veks på baserik (kalkrik) grunn i fjellet frå Hedmark, Oppland, Buskerud og Hordaland til Finnmark.

 

Sibirkoll

Sibirkoll

Sibirkoll (Armeria scabra) er ikkje så fargerik som fjørekollen (strandnellik) på svaberga. Sibirkollen er ei nordleg fjellplante som berre veks i Troms og Finnmark.

 

Skredrublom

Skredrublom

Skredrublom (Draba glabella var. glabella) har ei nokså vid utbreiing i fjellet frå Hedmark og nordover til Finnmark. Også på Svalbard.