Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Plantesamlingane

Ljosland fjellhage er delt inn i 12 plantesamlingar. Samlingane tek for seg vekstar frå ulike naturtypar. Når du går stien rundt hagen vil du oppleva alle samlingane. På kartet ser du kvar dei ulike samlingane ligg. I teksten som følger blir kvar samling presentert, du kan også klikka deg vidare for å lesa meir om vekstane i samlingane.

Ljosland fjellhage kart No

Bondehageplanter frå Ljosland

bondehageplanter

Plantene som er synt her kjem alle frå ein nedlagd hage på Ljosland. Dei fleste er slike planter som var vanlig dyrka i bondehagane, til nytte og pryd, og før i tida óg som lækjeplanter.

Les om plantene i bondehagen.

Blomeeng

blomeeng

Venstre del av inngongspartiet til fjellhagen er avsatt til ei blomeeng. Fjellhagen ligg i ein halvsirkel mellom Ljosland fjellstove og Monnåni.

Les om plantene i blomeenga. 

Kalkfattig fjellhei/Snauheia

kalkfattig snauhai

Her syner vi fjellplanter frå den kalkfattige snauheia, slik som mesteparten av heiane her sør er. Plantene i Ljosland fjellhage har si hovudutbreiing på snaufjellet, for det meste i Setesdals- og Sirdalsheiane i Aust- og Vest-Agder. Vi har óg tatt med nokre høgstauder frå dei fine liene i fjellbjørkeskogen, og enkelte andre, ikkje-fjellplanter, men som er vanlege på fjellet.

Les om plantene frå Snauheia. 

Viere i fjellet

viere i fjellet

Her syner vi fjellplanter frå den kalkfattige snauheia, slik som mesteparten av heiane her sør er. Plantene i Ljosland fjellhage har si hovudutbreiing på snaufjellet, for det meste i Setesdals- og Sirdalsheiane i Aust- og Vest-Agder. Vi har óg tatt med nokre høgstauder frå dei fine liene i fjellbjørkeskogen, og enkelte andre, ikkje-fjellplanter, men som er vanlege på fjellet.

Les meir om viere her. 

Myrplanter

myrplanter

Her syner vi planter som høyrer heime i fuktige miljø, t.d. på myr og i vasskantar. Det fins nok mest såkalla fattigmyrar på Agder med få arter, men det er óg rikmyrer som innheld ein rik flora med kalkelskande planter, t.d. Vidmyr i Bykle.

Les meir om myrplanter her.

Høgstaudeeng

høgstaudeeng

På lokalitetar med god tilgong på næring og vatn, kan det utvikla seg eit frodig samfunn med meterhøge stauder. Dei finaste høgstaudeengene i fjellet på Agder fins i Bykle.

Les meir om planter i høgstaudeenga her.

Kalkrik rasmark

kalkrik rasmark

Frå Hjelmeland i Ryfylkeheiane og nordaustover mot Haukelisæter fins mjuke og næringsrike fyllittskifere. Skiferen kjem så vidt inn i nordvest i Bykle i høgdenivået ikring 1200 m, og her er ein forvitneleg flora ein ikkje finn andre stader i Setesdaleheiane. Fyllittskiferen i bedet her kjem frå tunellane på Haukelifjell.

Les meir om planter i rasmarka her.

Raudlista planter

raudlista planter

Noreg har underteikna konvensjonen om biologisk mangfald. Vi har her forplikta oss til å take vare på den trua floraen, altså slike arter som er på raudlista. Her i fjellhagen har vi fleire planter som er raudlista, og fleir vil det kome. Vi ynskjer å syne desse fram for publikum.

Les meir om dei raudlista plantene her. 

Frodig støylseng

Frodig støylseng

Framleis kan vi finne rester av rike blomeenger ved heiegarder, støyslvoller og liknande, t.d. ved Bratteli i Bykle. Men gjengroinga med bjørkeskog har kome langt, og bruk av kunstgjødsel kan óg resultere i ein fattig, einsidig flora. Her ynskjer vi å syne ei frodig støylseng.

Les om plantene i frodig støylseng her

Frå floraen på Svalbard

Frå floraen på Svalbard

Gjennom eit samarbeid med universitetssentret på Svalbard har vi fått nokre planter frå Svalbard for å prøve og dyrka dei her på Ljosland. Forsøka har så vidt kome i gong, med dei fyrste utplantingane i 2010.

Les om plantene frå floraen på Svalbard her. 

Fjellplanter i Noreg utenom Agder

Fjellplanter i Noreg utenom Agder

Det er mange fjellplanter som ikkje veks naturleg på Agder. Vi prøver å få tak i dei ved hjelp av frøbytte med dei andre botaniske hagane i Norden. Desse plantene har fått sitt eige bed.

Les om fjellplantene utenom Agder her. 

Frodig høgstaudeeng

Frodig høgstaudeeng

Ved utgongen av fjellhagen har fått plass til nok eit bed med høge stauder. Her syner vi óg stuader som ikkje veks naturleg på Agder, t.d. ballblom og fjellflokk.

Les om plantene i frodig høgstaudeeng her.