Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Jon Olav Sørhaug

Førsteamanuensis

Førsteamanuensis i norskdidaktikk

 
Kontor:
122F ( Universitetsveien 51, Kristiansand )

Eg er ein forskar, faglitterær forfattar og førsteamanuensis som arbeider med utdanningsforsking, tekstanalyse, undervisning og utvikling av læreverk. Mine faglege interesseområde er digital literacy, morsmålsdidaktikk, lesing og skriving, kritisk literacy, etikk, teknologistudiar og digitale metodar.

I desember 2022 disputerte eg for doktorgraden i språkvitskap med avhandlinga På sporet av aktørar som skriv: ein studie av to digitale samskrivingskasus i ein norsk ungdomsskoleklasse. I dette prosjektet har eg brukt sosiomateriell teori og kvali-kvantitative metodar til å undersøke elevars digitale tekstskaping. Ved hjelp av teori og metodar frå aktør-nettverksteori (ANT) har eg utforska korleis elevar skriv fagtekstar i tett samarbeid med programvare, tekstar frå internett og andre digitale aktørar. Studien peiker særleg på den betydninga digitale aktørar har for ungdommars tekstskaping. I mange av dei observerte situasjonane er det dei digitale aktørane som synast å ha størst forhandlingsevne og gjennomslagskraft. Formålet med studien er å bidra med meir kunnskap om digital skriving, for på den måten å få ein bevisst omgang med teknologi i skolen.

Eg er involvert i lærebokprosjekt for vidaregåande skole i faga norsk og religion og etikk. Tidlegare har eg arbeidd som lærar i vidaregåande skole, med pedagogisk arbeid i Den norske kirke, med prosjektarbeid for oljeserviceselskap i privat sektor og med skjønnlitterær skriving.

 

Utvalgte publikasjoner

Svenlin, M. & Sørhaug, J. O. Collaborative Writing in L1 School Contexts: A Scoping Review. Scandinavian Journal of Educational Research (CSJE) In press/2022. https://doi.org/10.1080/00313831.2022.2115128.

Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav; Aasbrenn, Ingeborg.
Appell VG2/VG3 SF Norsk. Gyldendal Undervisning 2021 (ISBN 978-82-05-51856-8) 544 s.

8 grep (16 s.) i boka 101 grep om grammatikk. Kverndokken, K. (red.). ISBN: 9788245034370. Fagbokforlaget, 2021.

Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav; Aasbrenn, Ingeborg.
Appell VG1 SF Norsk. Gyldendal Undervisning 2020 (ISBN 978-82-05-51855-1) 357 s.

Eksamenordninga står for fall. Kronikk i Fædrelandsvennen 11.desember 2020.

Det vi tenker på når vi tenker på skriftleg eksamen. Omtale av artikkelen "Elevperspektiv på eksamensoppgavene i norsk skriftlig" av Audhild Norendahl og Agnete Bueie. I: Norsklæreren 4, 2019.

7 grep (14 s.) i boka 101 Ways to work with Communicative SkillsBurner, T., Carlsen, C.  & Kverndokken, K. (red.). ISBN: 9788245026597. Fagbokforlaget, 2019.

Når ein engel går gjennom klasserommet: Vegar og omvegar mot ein meir performativ litteraturdidaktikk. Nordisk Tidsskrift for Pedagogikk Og Kritikk4, 2018. https://doi.org/10.23865/ntpk.v4.1130

21 grep (42 s.) i boka 101 Litteraturdidaktiske grep. Kverndokken, K. (red.). ISBN: 9788245023824. Fagbokforlaget/LNU, 2018.

– Gi oss en vanlig bok! Om lesevanar og digitale forventningar i det teknologitette klasserommet. Utdanningsforsking.no/Bedre Skole 4, 2018.

- Eg lærte eit par nye ord på nynorsk i tillegg. Om samarbeidslæring i nynorsken. Norsklæreren 1, 2018.

- Fy da! Det er jo Khomeini. Om å bruke bilde i undervisninga om islam. Religion og livssyn 2, 2017.

- Hallo! Kven er sjefen her? Om det som skjer når læraren møter bråkeklassen, og kva ein kan gjere med det. Lektorstudentene 2017.

Det blinde punktet. Diktsamling. ISBN: 9788252174649. Det Norske Samlaget, 2010.

Du finst i bølgjene. Diktsamling. ISBN: 9788252170344. Det Norske Samlaget, 2007. 

 

Vitenskapelige publikasjoner

  • Birkeland, Nils Rune; Flaten, Tom; Sørhaug, Jon Olav (2023). Fra «dørgende kjedelig» til «det forlokkende land»: Seks læreres oppfatninger av grammatikk i norskfaget i videregående opplæring. Education, Literature, Language – Utdanning, litteratur, språk. ISSN: 2704-0968. 1 (1). s 1 - 23. doi:10.58215/ella.3.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Kven er det som skriv no? Aktuelle perspektiv på eit norskfag under press frå digital teknologi. Norsklæreren. ISSN: 0332-7264. 47 (2). s 30 - 37.
  • Birkeland, Nils Rune; Flaten, Tom; Sørhaug, Jon Olav (2022). Trøbbel med kjernen av norskfaget? En studie av norsklæreres møte med fagets kjerneelementer. Norsklæreren. ISSN: 0332-7264. (3). s 56 - 69.
  • Sørhaug, Jon Olav (2018). Når ein engel går gjennom klasserommet: Vegar og omvegar mot ein meir performativ litteraturdidaktikk. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk. ISSN: 2387-5739. (4). doi:10.23865/ntpk.v4.1130.
  • Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav; Aasbrenn, Ingeborg (2021). Appell VG2/VG3 SF. ISBN: 9788205518568. Gyldendal Undervisning. s 537.
  • Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav; Aasbrenn, Ingeborg (2020). Appell VG1 SF Norsk. ISBN: 978-82-05-51855-1. Gyldendal Undervisning. s 357.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Kunstig intelligens og språkpolitikk (foredrag).
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). ChatGPT i akademia (foredrag).
  • Sørhaug, Jon Olav (2022). Frå runer til emojis : Med skriveteknologiar gjennom historia.

Sist endret: 15.03.2023 08:03