Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Slik forvandlar Jon Fosse angst til litterær kunst

Nobelprisvinnaren behandlar angst på ein måte som trekkjer vekslar både på Sigmund Freud og Søren Kierkegaard, seier professor Unni Langås.

Bildet viser forfattar Jon Fosse.
Jon Fosse debuterte i 1983 og fekk Nobelprisen i litteratur i 2023. Foto: Agnete Brun, forlaget Samlaget.

– Det var fullt fortent at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023. Han har skapt ein heilt særeigen og ny skrivemåte, seier professor Unni Langås.

I ein ny analyse viser ho korleis Jon Fosse skaper djupsindig litteratur med ein tilsynelatande enkel skrivemåte han sjølv har utvikla.

Fosse vart godt motteken av kritikken allereie da han debuterte i 1983. Det internasjonale gjennombrotet kom med skodespelet Nokon kjem til å komme (1996).

Nobelprisen i litteratur

Sidan debuten har han skrive både romanar, dikt, skodespel og essay. Og han har fått ei rekkje med prisar og ære for fleire av bøkene.

Størst var æra han då han fekk Nobelprisen i litteratur i 2023.

– Det er jo ganske stas då, at vi får ein Nobelprisvinnar i litteratur frå Vestlandet i Noreg. Han er jo ein ekte kunstnar. Prisen er vel fortent og heilt fantastisk, seier Langås.

Ho er professor ved Universitetet i Agder (UiA) og har forska på Jon Fosse sidan 1998.

– Noko av det som gjer at Fosse skriv på nobelprisnivå, er at han skriv bøker på sin heilt eigen måte. Skrivemåten har han utvikla sjølv, så han er jo unik, seier Langås.

No har ho analysert romanen Stengd gitar (1985), barneboka Kant (1990) og skodespelet Eg er vinden (2008).

Språk og innhald heng saman

Analysen er såpass fersk at han førebels berre er presentert som føredrag ein gong i Bergen. Laurdag 16. mars held ho føredraget for andre gong, då på Laurdagsuniversitetet i Kristiansand.

Bildet viser Unni Langås.

Laurdag 16. mars held Unni Langås føredrag om Jon Fosse og angstens språk på Laurdagsuniversitetet i Kristiansand. Foto: Kjell Inge Søreide.

Føredraget kallar ho «Jon Fosse og angstens språk». Der kjem ho inn på korleis gjentakingar av ord og setningar og hendingar og handlingar viser ein medviten forfattar som arbeider med angst og traume i sine bøker.

– Gjentakingane er ikkje berre eit språkleg eller estetisk grep hos Fosse. Dei viser også til sjølve tematikken i bøkene. Her heng språk og tema eller form og innhald saman. Repetisjonane viser ei stadig tilbakevending til det same. Det er det vanskeleg eller uavklart som personane i bøkene  ikkje kjem seg ifrå eller vert ferdige med, seier Langås.

Angstens språk

Langås minner òg om at Fosse sjølv snakka om angst i Nobelprisforedraget sitt i desember 2023. Der viste han til ein personleg bakgrunn for å skrive om tematikken.

– Han skriv jo sjølvsagt som alle andre om ting som engasjerer han. Men det er det at han gjer dette til litterær kunst som er spennande. Dessutan er det ganske tydeleg å sjå i bøkene hans at han også har ei filosofisk og psykologisk interesse for tematikken, seier Langås.

I analysen bruker ho mellom anna filosofen Søren Kierkegaard og psykoanalytikaren Sigmund Freud for å vise dette.

Ingenting er ikkje ingenting

I boka Begrepet angst (1884) skriv Kierkegaard at angsten ikkje har noko objekt, det er ingenting bestemt vi er redde for.

Både hos Kierkegaard og Fosse finn Langås at angsten er ei eksistensiell oppleving av å stå overfor ingenting eller noko ukjent som vi ikkje forstår.

– Dette samanliknar Kierkegaard med å stå på kanten av eit stup og sjå ned i avgrunnen og kjenne seg enormt svimmel, seier Langås.

Ho finn noko tilsvarande i Fosse si barnebok Kant.  Den handlar også om å stå på kanten og stirre ned på ingenting, eller ein avgrunn.

Hovudpersonen og forteljaren er ein liten gut som ikkje får sove om kvelden. Han er redd og ropar på far sin for å få trøyst. Men faren kjem til kort. Særleg når han seier at det er ingenting å vere redd for:

"– Eg er redd likevel, seier eg, og så tenkjer eg på at pappa seier ingenting som om det ordet var eit heilt vanleg ord, like vanleg som ordet pappa, eller stol. Men det er eit umulig ord, som gjer allslags skumle ting mulige." (Fosse i Kant, side 12)

– Kanten og avgrunnen skaper ei kraftig kjensle av eksistensiell angst. Så eg tenkjer at Jon  Fosse skriv om ei sånn grunnleggjande menneskeleg kjensle, men samtidig har han lært mykje av å lese filosofar som til dømes Søren Kierkegaard, seier Langås.

Ho minner om at barnet i Kant allereie har oppdaga at ingenting ikkje er ingenting.

Og her passar det kanskje å smette inn eit par ord om den første analysen Unni Langås skreiv om Jon Fosse. Det var ei prøveførelesing ho fekk som oppgåve då ho tok doktorgraden i litteraturvitskap i 1998. Studien vart seinare publisert i tidsskriftet Edda under tittelen «Intet er hans språk».

Begynn med dei tynne bøkene

– Men dei som så langt ikkje har lese noko av Jon Fosse, kva bør dei starte med?

– Det kan vere fint å byrje med ei av dei tynne romanane hans, til dømes Morgon og kveld, Naustet eller Olavs draumar, seier Langås.

Ho analyserer elles både Naustet og Olavs draumar i boka Traumets betydning i norsk samtidslitteratur.

Referansar:

Unni Langås: «Jon Fosse og angstens språk», upublisert føredrag  «(2024)

Unni Langås: «Intet er hans stoff. Om Jon Fosses dramatikk», Edda (3, 1998)

Unni Langås (2016), Traumets betydning i norsk samtidslitteratur, Fagbokforlaget, (2016)