Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Dei tøffaste sjøaurane blir fiska først

Personlegdommen til sjøauren avgjer om du får han på kroken. Ved å merke og spore åtferda til sjøauren over tid kan ein sjå store variasjonar i personlegdommen deira. Nokre har større sjanse for å overleve enn andre. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av Susanna Huneide Thorbjørnsen frå Institutt for naturvitskap og CCR som har forska på personlegdommen til sjøaura (Foto: Angela Martin).
Susanna Huneide Thorbjørnsen frå Institutt for naturvitskap og CCR har forska på personlegdommen til sjøaura (Foto: Angela Martin).

– Nokre er modige og tar større sjansar til dømes når dei leiter etter mat. Dette kan føre til at dei er meir utsatt for å bli eten av anna rovfisk, eller biter på kroken din når du fiskar. Andre vil holde seg meir trygge, men bruker da lenger tid på å skaffe seg nok mat til å vekse seg større. 

Dette er bakgrunn for doktorgradsarbeidet til Susanna Huneide Thorbjørnsen. 10. mai forsvarte ho forskingsarbeidet sitt på sjøaure ved Fakultet for teknologi og realfag på UiA. Ho er knytt til institutt for naturvitskap, UiAs toppforskingssenter, Senter for marin forsking (Centre for Coastal Research – CCR) og Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal.

Ho har sett på åtferda til sjøaure, og om dei ulike individa gjentek åtferda frå ein periode til ein annan. 

– I biologien seier vi at konsistent åtferd over tid er ein arts personlegdom, seier Huneide Thorbjørnsen. 

Data er samla inn i Tvedestrandsfjorden frå 2013 til 2018. Her ligg Noregs einaste marine reservat. Verneområdet er kring 1,5 kvadratkilometer, og inneber eit totalforbod mot fiske. 

Susanna Huneide Thorbjørnsen frå Institutt for naturvitskap og CCR har forska på personlegdommen til sjøaura (Foto: Tor Birkeland, Havforskingsinstituttet).

Susanna Huneide Thorbjørnsen frå Institutt for naturvitskap og CCR har forska på personlegdommen til sjøaura (Foto: Tor Birkeland, Havforskingsinstituttet).

Merka sjøaure sender lydsignal

Sjøauren er spora ved hjelp av akustisk telemetri. Det vil seie at ho fangar fisken og opererer eit lite merke inn i buken på han. Dette merket sender ut lydsignal til lyttebøyer som er plassert ut i fjorden. 

– Vi har over 50 lyttebøyer plassert i Tvedestrandsfjorden. Vi kan sjå på fiskens djupne og akselerasjon og rekne på fiskens posisjon, seier Huneide Thorbjørnsen.

Havforskaren har sett nærmare på sjøaurens heimeområde og aktivitetsnivå. 

– Sjøaurane i Tvedestrandsfjorden har store variasjonar i personlegdommen. Nokre er veldig aktive og svømmer over store område – både i og utanfor det marine reservatet. Andre er meir reserverte og held seg i mindre område. Dei som held seg i verneområdet er mindre utsett for å bli fiska, seier Huneide Thorbjørnsen. 

På lysare dagar og i sommarhalvåret ser ein også at sjøauren generelt er meir aktiv. 

Personlegdom kan vere arveleg

Tidligare studiar viser at artars personlegdom kan vere arvelege. Fritidsfiskarar kan dermed vere med å påverke seleksjonen hos fisk.

– Det er dei modige og mest aktive sjøaurane som blir fiska av fritidsfiskarar. Dei er tøffare og tar større risiko, seier Huneide Thorbjørnsen. 

Tidligare studiar viser også at det er dei tøffe og mest aktive fiskane som veks raskast og som dermed kjem i reproduktiv alder først.

Verneområde gjer beskyttelse

I resultata til Huneide Thorbjørnsen ser ho at sjøaure som beveger seg i eit lite område i reservatet er spesielt trygg. Dei som er meir aktive og på den måten beveger seg både i og utanfor reservatet har mindre sjanse for å overleve. 

– Dei vil ofte svømme utanfor verneområde og aukar dermed risiko for å bli fiska, seier Huneide Thorbjørnsen.

Derimot har sjøauren utanfor verneområdet større sjanse for å overleve når dei beveger seg over større område. Det kan hende at desse svømmer ut og inn i verneområde og oppnår vern. 

– Ved å tilføre ein variasjon i vern mot fiske, kan verneområde eller nettverk av verneområde hjelpe oss å halde ved like eit spekter av personlegdom og mønster av åtferd hos fiskepopulasjonar. Dette er viktig når fisk skal tilpasse seg utfordringane i miljøet dei lev i, seier Huneide Thorbjørnsen.

Bestanden aukar 

Huneide Thorbjørnsen har også sett på korleis det står til med bestanden av sjøaure langs Sørlandskysten. Her har ho fått hjelp av strandnotserien til Havforskingsinsituttet i Flødevigen i Arendal. 

Heilt sidan 1919 og fram til i dag har forskarane samla inn data på artar langs kysten i Noreg. Nóta er ei unik informasjonskjelde om det som finst i havet og endringar som går føre seg over tid. 

– På Skagerrakkysten ser vi at bestanden av sjøaaure har auka sida 80-talet og fram til i dag, seier Huneide Thorbjørnsen. 

I 1979 blei det innført forbod mot å fiske sjøaure med garn i Noreg. No er det berre lov å fiske med stang. Dette kan vere ein av hovudårsakane til at bestanden har auka.