0
Hopp til hovedinnhold

FESTSKRIFT TIL POETISK ARKEOLOG

Poeten Paal-Helge Haugen vart 70 år i april og heidra med festskrift, redigert av professor Unni Langås ved UiA.

Eg lesPaal-Helge Haugen fordi han har eit samfunnskritisk grunnsyn. Han tar temperaturen på samtida, seier Unni Langås.

Ho meiner det er mykje å lære av bøkene hans og at dei gjennomarbeider eldre litteratur og tidlegare tiders skrive- og tenkjemåtar.

POETEN: Paal-Helge Haugen (f. 1945) er frå Valle i Setesdal, bur i Songdalen og debuterte med omsetjingar av kinesiske haikudikt i 1965.

POETEN: Paal-Helge Haugen (f. 1945) er frå Valle i Setesdal, bur i Songdalen og debuterte med omsetjingar av kinesiske haikudikt i 1965.

– Haugen utfordrar med språklege vendingar og overraskande metaforarar, men også ved eit presist, fortetta og konsentrert språk som seier mykje i få ord og på få linjer. Forfattaren har ein affinitet for dei store og eksistensielle spørsmåla om meininga med livet, og han skriv vakre dikt, der form og innhald heng saman, seier Langås.

Festskriftet inneheld fire nye vitskaplege artiklar, i tillegg til essay, artiklar og skjønnlitterære bidrag. Alle tekstane er nye til denne boka, bortsett frå essayet til Inger Christensen, som er henta frå eit etterord ho skreiv i ei samleutgåve med Haugens dikt.

Lys og mørke

– Sentrale tema i forfattarskapen er vondskap, terror, overgrep, valdelege samfunnsstrukturar og menneskeleg liding. Eit tilbakevendande spørsmål er om poesien har makt til å synleggjere og endre slike tilhøve. I tillegg til desse mørke tema, finst det også lyse dikt om kjærleik, natur, lys og nåde i forfattarskapen. Dikta hans står kanskje utspent mellom desse ytterpunkta, seier Langås.

Ho peiker på at mange av sitata og innpåleikingane (allusjonane) til annan litteratur, verdsleg og religiøs, vitnar om ei dragning mot dei store spørsmåla om tvil og tru.

– Poeten forstår orda og poesien som fundamentale peilingspunkt i tilværet, og skriv gjerne om grensene mellom det du kan sanse og ikkje, mellom togn og tale, og mellom liv og død, seier Langås.

Første gong Unni Langås skreiv om Haugen var ho student. No er ho professor. Bak seg har ho ein haug med vitskaplege artiklar og bøker. Framfor seg har ho tre-fire artiklar og tre bokmanus ho skal gi ut i løpet av året.

Hovudoppgåva hennar frå 1982 handla om forfattarskapen til Haugen frå debuten i 1965 til og med Steingjerde (1979). Den unge Langås gjekk ambisiøst til verks. Ho såg etter samanhengar og ønskte å lage ein oversiktleg tekst som føydde dei mange linjene i forfattarskapen saman til ein raud tråd. Ho skreiv også ein større oversikts- og raudtråd-artikkel da poeten vart 50 år i 1995. I dag er ikkje ambisjonane mindre, men no har ho ikkje prøvd seg på å skrive ei samanfatning av dei mange Haugen-dikta som er komne ut.

"

Eg les Paal-Helge Haugen fordi han har eit samfunnskritisk grunnsyn. Han tar temperaturen på samtida.

" Unni Langås

– Forfattarskapen er blitt stor og mangfaldig. Haugen har spreidd seg i mange retningar, samarbeidd med målarar og musikarar og skrive både roman, dikt, prosatekstar, essay, artiklar, librettoar og barnebøker. Alle bøkene han skriv, ber likevel hans signatur. Stilen er prega av det korte og poengterte frå haikudiktet, fortetta og konsentrerte vendingar, metaforar som foreinar natur og kjensler, politikk og det åndelege, og andre storleikar som i utgangspunktet står langt frå einannan, seier Langås.

Vi spør om døme på desse metaforane og Langås hentar fram ei av Haugen-bøkene frå hylla, slår tilfeldig opp på side 18 i Fram i lyset tydeleg (1978).

– Denne vendinga, seier ho, «kjemisk svevn», er ein typisk Haugen-metafor der ulike delar av tilværet blir førde saman.

Intellektuell poet

Langås meiner Haugen tiltrekkjer seg forskarane fordi han er ein intellektuell forfattar.

– Haugen er open mot mange intellektuelle retningar og forfattarar. Når han til dømes skriv om angst, gjer han det ved å gå heilt tilbake til Dante og opne seg for dei tankane og skrivemåtane han finn der. Haugen siterer, leikar seg innpå og bruker gamle tekstar og kulturelle ytringar på nytt. Dermed vert forfattarskapen også ei intellektuell utfordring. Haugen lagar bruer mellom no og før, og mellom seg sjølv og andre forfattarar. Den typen ambisiøs kunst er freistande å gå inn i for forskarar, seier Langås.

Dei vitskaplege artiklane i festskriftet er skrivne av Ole Karlsen, Øyvind T. Gulliksen, Hans Kristian Rustad og Langås sjølv. Deira ulike innfallsvinklar er i seg sjølv eit døme på at ein kan lese og forstå Haugens bøker på mange måtar, nær sagt i takt med at Haugen sjølv har prøvd å forstå tilværet gjennom ulike tilnærmingar.

Karlsen skriv om Haugens dikt-kommentarar til bildekunst (ekfrasen og emblematikken), Rustad om bruken av fotografi og Gulliksen om sorg- og klagesongen (elegien) og den religiøse dimensjonen i dikta. Langås skriv mellom anna om innpåleikingar til Dante og psykoanalytisk tenking i ein studie av Dantes oske (2008).

Dante og Freud

Langås går ikkje berre inn i Haugen når ho les hans dikt. Ho dukkar ned i historie og tradisjon og andre måtar å dikte og forstå verda på. Langås meiner poeten sjølv på mange vis er ein forskar når han diktar. Haugen framstiller seg gjerne som ein arkeolog for å forklare kva han gjer når han skriv poesi – og viss poeten er ein slik språkleg arkeolog, er også poesi-forskaren det.

– I min studie av Dantes oske prøver eg å vise nokre av dei tradisjonane Haugen går i dialog med, til dømes psykoanalysen og Freud og ideen om at forfattaren er ein arkeolog som grev i historia for å sjå på kva måte liv, menneske og meining vart handsama tidlegare. Dantes oske dreiar seg mellom anna om angsten for døden, og det finst ei førestilling hos Haugen om at det finst noko som er nedgrave i mennesket, historia, naturen, sjela og litteraturen, og at ein så å seie må grave seg ned til det for å vinne kunnskap og ta det i bruk, seier Langås.