Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold
FÅ SAMTALEN I GANG: Målet i dialogisk praksis er å få i gang dialogen og hjelpe ungdommane med å kome i dialog med folk. (Ill. foto: Colourboks)

Deltakande dialog styrker psyken

Ungdom som slit psykisk, får det betre når dei vert verdsett i samtale med andre.  

Det kjem fram i eit nytt doktorarbeid der samtale, kropp og bevegelse vert sett på som viktigare for psykisk helse enn å innsjå, forstå og løyse problema til dei psykisk lidande.

– Eg ser ikkje psykisk helse som eit indre-psykologisk fenomen som har med tankane og kjenslene til den enkelte å gjere. Eg ser psykisk helse som eit sosialt og relasjonelt fenomen, det dreiar seg om samspelet mellom folk, seier Tore Dag Bøe, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).

"

- Eg ser psykisk helse som eit sosialt og relasjonelt fenomen, det dreiar seg om samspelet mellom folk.

"
SAMSPEL MELLOM FOLK: – Psykisk helse dreiar seg om samspelet mellom folk og ikkje i noko inni den enkelte, seier førsteamanuensis Tore Dag Bøe ved Universitetet i Agder.

SAMSPEL MELLOM FOLK: – Psykisk helse dreiar seg om samspelet mellom folk og ikkje i noko inni den enkelte, seier førsteamanuensis Tore Dag Bøe ved Universitetet i Agder. 

Han har nyleg disputert for doktorgraden i psykisk helsearbeid ved UiA. Doktorarbeidet viser fram ein ny metode for psykisk tilfriskning. Den skil seg frå tradisjonelle psykoterapeutiske metodar der det vert arbeidd med å gi pasienten innsikt i seg sjølv og sin livssituasjon. Bøe har undersøkt ein arbeidsmåte han kallar dialogisk praksis, der familie og venner vert invitert til samtale med den som slit med å finne seg heime blant folk.

– Endring til det betre skjer i samtale mellom folk, og da blir oppgåva til psykiske helsetenester å leggje til rette for ein open dialog som ikkje har som mål å endre noko inni den enkelte. Eg kallar det livgivande dialog når alle får kome til orde, seier Bøe.

Han understrekar at denne typen samtale ikkje dreiar seg om å forstå ei sak, men at dialog også er ein måte å vere saman på. Det kroppslege samspelet er vel så viktig som det å finne dei rette orda og den rette forståinga.

Sjølve måten du er saman med andre, er avgjerande for den psykiske helsa til den enkelte, seier Bøe.

"

–  Tradisjonen vi kallar dialogisk praksis dreiar seg om på kva måte vi snakkar saman, og som praktikar har eg vore oppteken av å få folk til å kome saman for å snakke.

"

–  Tradisjonen vi kallar dialogisk praksis dreiar seg om på kva måte vi snakkar saman, og som praktikar har eg vore oppteken av å få folk til å kome saman for å snakke.

I dette perspektivet vert samtalen ein møtestad der konfliktar og spenningar kan løyse seg opp. Målet for møtet er å skape samtale der dialogen har stoppa opp. Samtalen skal ikkje dreie seg om sjelelivet og tankane til den enkelte, men om vanlege ting og samspelet mellom dei som er til stades. Denne forma for dialog dreiar seg meir om å gi til kjenne at ein godtar einannan enn at ein forstår einannan.  

PLASS TIL ALLE: Det handlar om å vere saman og gi tid og rom til alle.  (Ill. foto: Colourboks)

PLASS TIL ALLE: Det handlar om å vere saman og gi tid og rom til alle.  (Ill. foto: Colourboks)

Samtale og samspel

– Det vanlege innafor psykologien og psykiatrien er at pasienten skal forstå seg sjølv og få innsikt i eigne tanke- og handlingsmønster. Pasienten manglar med andre ord sjølvinnsikt  og må lære meir om seg sjølv for å bli frisk. Men eg ser på psykisk helse som eit relasjonelt fenomen. Det dreiar seg ikkje om noko inni den enkelte, men om samspelet mellom den enkelte og dei andre , seier Bøe.

Bøe er frå før utdanna sosionom og har arbeidd i fleire år på psykiatrisk poliklinikk på Sørlandet sjukehus. Masteroppgåva hans frå 2008 dreiar seg om psykisk helsefremmande tiltak i den vidaregåande skolen. Doktorgradsarbeidet er gjennomført i samarbeid med blant andre Avdeling for barn og unges psykiske helse (Abup).

Åtte ungdommar som tok imot psykisk helsehjelp, deltok i prosjektet, og både ungdommane og andre i deira sosial nettverk er intervjua. Prosjektet har dessutan knytt til seg ei anna gruppe med ungdommar som har gitt verdifulle innspel til forskaren. Gjennom heile doktorgradsarbeidet har han hatt med seg medforskarane Gunhild Ruud Lindvig og Karianne Zachariassen, begge var erfaringskonsulentar ved eit sjukehus da forskinga vart gjort.

Det grunnleggjande og tilsynelatande enkle spørsmålet Bøe stilte ungdommane, var dette: Kva var det som gjorde at livet vart vanskeleg?

UNGDOMMANES SOSIALE ARENA: – Når ungdommane beskriv kva som har gjort livet vanskeleg, ser vi at mange av dei beskriv livet sitt på ulike sosiale arenaer, fortel Tore Dag Bøe og erfaringskonsulent Gunnhild Ruud Lindvig, her fotografert i ein vanleg norsk skulegard.

UNGDOMMANES SOSIALE ARENA: – Når ungdommane beskriv kva som har gjort livet vanskeleg, ser vi at mange av dei beskriv livet sitt på ulike sosiale arenaer, fortel Tore Dag Bøe og erfaringskonsulent Gunnhild Ruud Lindvig, her fotografert i ein vanleg norsk skulegard.

– Når ungdommane beskriv kva som har gjort livet vanskeleg, ser vi at mange av dei beskriv livet sitt på ulike sosiale arenaer. Det dreiar seg om grunnleggjande forhold som å tørre å gå på skolen. Nokre av ungdommane beskriv at dei ønskjer å vere usynleg for dei andre. Ungdommane har det ikkje først og fremst vondt inni seg, men saman med dei andre. Dei har få stader der dei kjenner seg velkomne, og det finst på ein måte ikkje nokon plass for dei i verda. Det er der skoen trykkjer, og det er der vanskane for mange av dei startar, seier Bøe.

Han meiner det kan vere eit teikn på krise når samtalen stoppar opp, den enkelte trekkjer seg tilbake og går for seg sjølv. Dialog er på den andre sida eit teikn på at ting fungerer.

– Målet i dialogisk praksis er å få i gang dialogen og hjelpe ungdommane med å kome i dialog med folk. All respons frå eit anna menneske er samtidig ei verdsetjing av den andre, og dette poenget kan vi fort verte blinde for viss vi berre søkjer innsikt og forståing. Den gode samtalen i dette perspektivet er ikkje den med dei mest høgtflygande tankane, eller den som berre søkjer å forstå klienten. Den gode samtalen skaper eit rom der den enkelte kjenner seg velkomen og ønskt av dei andre. Den gode samtalen er ei etisk hending, seier Bøe.

"

- Den gode samtalen skaper eit rom der den enkelte kjenner seg velkomen og ønskt av dei andre.

"

Filosofisk tradisjon

Argument og teoretisk ballast til teoriane om dialogisk praksis hentar Bøe først og fremst frå Mikhail Bakhtin (1895-1975) og Emmanuel Lévinas (1906-1995). Han legg særleg vekt på tanken om dei ulike språknivåa, som Lévinas har utvikla. Grovt forenkla kan ein forstå dei slik:

  1. Det etiske språknivået dreiar seg om at nokon spør etter meg og at nokon treng akkurat meg.
  2. Det ekspressive språknivået dreiar seg om at eg får uttrykkje meg og vere til stades med mitt i samtalen, og samtalen har ein god tone. 
  3. Det hermeneutiske språknivået er samtale som dreiar seg om å søkje meining og innhald.

På det hermeneutiske språknivået utvekslar samtalepartnarane meiningar og innhald og søkjer å forstå einannan. Det hermeneutiske språknivået er den samtaleforma ein føretrekkjer i terapi som skal auke innsikt og sjølvmedvit. Da søkjer ein etter meining og innhald for at pasienten skal bli klar over seg sjølv.

– Eg trur det er like mykje tilfrisking i at den psykisk lidande får vere saman med dei andre og snakke på like vilkår, utan at det er noko ein skal forstå og endre, seier Bøe.

Han meiner den dialogen i har potensial til å endre situasjonen for den psykisk lidande.

– Den gode dialogen har ein endringsskapande karakter og dreiar seg om å vere saman og gi tid og rom til alle, seier Bøe.  

Bestemorfilosofi

Odd Kenneth Hillesund er leiar ved familieeininga Abup i Kristiansand, og er ein av dei som har arbeidd tett med Bøe under arbeidet med doktoroppgåva.

– Bøe har vist meg kor mykje det eg vil kalle ein eldgammal bestemor-filosofi kan bety for folk. Han gjer dei enkle tinga mellom oss viktige, dei små og kvardagslege tinga som dreiar seg om å bli sett og høyrd, og få svar på spørsmål og sjølv få stille spørsmål i ein samtale der alle går inn for å ha ein god tone, seier Hillesund.

Han meiner arbeidet er ei viktig påminning om kva psykisk hjelpearbeid i grunnen dreiar seg om.

– Dette doktorarbeidet minner oss om at mykje teori og mykje prat fort står i vegen for menneskeleg samvær. Også vi i helsevesenet må ta innover oss at teoriar og snakk kan ta merksemda bort frå det saka gjeld; å vise omsorg og berre vere til stades for den som treng hjelp, seier Hillesund.

 

Fakta: Tore Dag Bøe: The say yes; the don´t say no” – Experiences of change in dialogical approaches to mental health – a qualitative exploration, doktoroppgave ved Universitetet i Agder, 2016.