Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Forskar på grunnmassar for nye fylkesvegar

Agder fylkeskommune og Universitet i Agder går saman med fleire produsentar om testing av ulike underlag på fylkesvegar i Agder. I Finsland har dei laga to testvegar der dei skal teste ut produkta. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Skjermdump frå video i saka
UiA samarbeidar med Agder fylkeskommune om å teste ulike vegmassar for meir berekraftige vegløysingar (Illustrasjon: skjermdump frå video nederst i saka).

– Vi skal teste ut ulike produkt som kan gi betre underlag for grus og asfalt. Desse skal vi overvake over nokre år, for å sjå kor gode dei er til formålet, seier Even Askildsen frå Institutt for ingeniørvitskap ved Universitetet i Agder. 

I prosjektet har bedrifter fått utdelt ein test-veg på Finsland på 100 meter kvar. Kvar bedrift installerer si eiga løysing. Forskarar og studentar frå UiA skal samen med AFK og bedriftene teste desse løysingane over fleire årstider for å sjå korleis det oppfører seg. 

Even Askildsen frå Institutt for ingeniørvitskap på UiA

Even Askildsen frå Institutt for ingeniørvitskap på UiA

Det er Agder Fylkeskommune (AFK) som har starta samarbeid med Fakultet for teknologi og realfag og Institutt for ingeniørvitskap ved Universitet i Agder (UiA). Etter fylkessamanslåinga 1. januar har AFK fått ansvar for 4000 kilometer med veg. Desse må bli drifta og haldt ved like på ein effektiv og berekraftig måte. 

Berekraftige løysingar

Prosjektet blei satt i gang i januar og strekker seg over 4-5 år. 13 bedrifter og entreprenørar frå regionen bidrar i prosjektet. Saman skal dei skape eit nettverk og kompetansemiljø innan vedlikehald og drift av vegar, tunnellar, bruer, sykkelvegar og gangstiar. 

Mange bedrifter sitt med nye berekraftige produkt og løysingar som det er vanskeleg å komme ut på marknaden med. I prosjektet skal dei teste dei ulike løysingane og sjå om dei kan løyse nokre av utfordringane bransjen står framfor. 

Imponert fylkesordfører

Dei starta tidleg i juni med å teste ut ulike produkt. Fylkesordførar i Agder, Arne Thomassen, var til stade 11. juni. Då markerte dei at dei var i gang med å leggje ut massane på vegane i Finsland. 

– Eg er imponert over omfanget av denne testinga. For fylkeskommunen som har mange mil med grusveger er dette viktig. Dette er eit forskingsprosjekt som viser at Agder er i tet, seier Thomassen.

Sjå video frå markeringa 11. juni. Filmen er produsert av Agder fylkeskommune: