Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

På sporet av leiken som forsvann

Det er både nok tid og nok av gode argument for at barn bør leike meir i skulen, kanskje særleg i norskfaget. 

Bilde av barn som leker

 

Denne kronikken ble først publisert i Dagsavisen 10. januar.

 

Av Magnhild Selås, professor i nordisk språkvitskap ved UiA og professor II ved NLA,
og Tone Helene Skattør, høgskulelektor i norsk, NLA

 

Det var på høg tid å evaluere seksårsreforma. Nå har første del av evalueringa kome. 

Eitt av hovudfunna er at under L97 var leik den viktigaste og mest brukte arbeidsforma: 7 av 10 lærarar brukte mykje leik. Nå, derimot, styrer lærarane fleire av aktivitetane, og mindre enn halvparten av lærarane lar nå elevane bruke mykje tid på sjølvstyrt leik. 

Evalueringa viser også at lærarane bruker mykje tid på leik og arbeid med klassemiljø og klassestrukturar dei tre første månadene, men at dette så vik litt unna for arbeid med lese- og skrivetileigning. 

Skulen endrast heile tida, og tar opp i seg motar og svingingar i samfunnet elles. Det kan føre til at god praksis blir endra. Dette skjer ikkje nødvendigvis fordi eksisterande praksis ikkje er god, men fordi andre utviklingstrekk i tida gjer at ein legg vekt på andre ting. Det kan sjå ut til at leiken, som vi meiner har stor verdi i skulen, forsvann inn på det didaktiske bakrommet ei stund. 

 I det siste har både nevrologar, psykologar og pedagogar peikt på ein samanheng mellom alvoret og prestasjonsjaget i skulen og mangel på leik. Vi får også stadig fleire rapportar om mistrivsel og ufrivillig skulefråvær. 

Vi meiner at skulen har gode grunnar til å hente den frie leiken ut frå bakrommet, pusse støvet av den og ta den inn i skulen og norskfaget igjen. 

I tida etter seksårsreforma går barna mykje meir på skule. Ein studie av stipendiat Elise Farstad Djupedal viser at norske skolebarn har fått 1359 fleire timar på skulen. Det svarer til to ekstra skuleår, og det er særleg dei minste barna i første til fjerde klasse som har fått desse ekstra timane på timeplanen.

Vi veit at skulen er underlagt ytre rammer, som politiske vedtak, undervisingstrendar og signal om prioriteringar frå politisk hald. I tida etter seksårsreforma har vi til dømes sett ei auka vekt på kartlegging, særleg etter det såkalte PISA-sjokket i 2001, der norske skuleelevar ikkje skåra så godt som venta på internasjonale prøver. Når ein er bekymra for at norske barn les for dårleg, og legg opp til lesekartlegging allereie våren i første klasse, er det naturleg at ein øver meir på lesing i første klasse. 

Vi har også sett ein tendens til at leikebegrepet er blitt strekt, for å passe nye didaktiske trendar. Ein tydeleg trend er det som ofte blir kalt for veileda leik, som har kome inn i stort omfang både i barnehagar og skular. I slik leik set læraren set i gang og styrer aktiviteten i større og mindre grad. Dette kan vere ei god arbeidsform. Likevel må vi ikkje tenke at barna dermed får barna nok leik i skulen. Lærarstyrt leik må ikkje fortrenge den frie, eigenstyrte leiken. 

Frå mange innfallsvinklar blir det hevda at leik er sunt. Fri leik er viktig for barns utvikling, for tilpassing, kreativitet og kommunikasjon. Vi meiner at ein ikkje treng å vere så redd for å leike i skulen. Årsaka er det doble mandatet skulen og norskfaget har: norskfaget skal gje både utdanning og danning. Utdanninga, som er reiskapsdelen av norskfaget, gjer at vi kan lese, skrive, snakke og forstå, og bli deltakarar i samfunnet rundt oss. Dette er ein svært viktig del av skulegangen. 

I tillegg har vi danningsdelen av faget, som er det vi særleg ønsker å trekke fram i samband med leiken. Danninga peiker utover frå elevanes identitetsutvikling og konkrete kunnskapar og ferdigheiter, mot det å vere ein del av fellesskapen, utan å miste seg sjølv. 

Store norske leksikon definerer danning som «[…] et begrep som beskriver formingen av menneskets personlighet, oppførsel og moral. Danningsbegrepet fokuserer på individets evne og plikt til å forme seg selv, og skiller seg derfor fra sosialisering, oppdragelse, utdanning og andre pedagogiske begreper.» 

Danningsprosessen fører til at ein får tilgang til kulturen, og at ein forstår, beherskar og derfor kan delta i forskjellige oppvurderte kulturformer. Når ein har tilgang til vanlege oppvurderte kulturformer, forstår ein samtidig seg sjølv og samanhengen ein står i. 

Danningsaspektet – dette som går utover reiskapar og ferdigheiter – gir læraren eit stort handlingsrom for å legge til rette for leik som barna set i gang og styrer sjølv. 

Norskfagets danningsperspektiv er ikkje berre det å bli eit individ med eigen identitet, men å vere eit sjølv i møte med andre. Dette skjer i samhandling med andre, og krev evne til sjølvrefleksjon. For å vekse inn i samfunnet må ein kunne møte andre i dialog, og ein må ha kunnskap om og kunne anvende og ta stilling til normene og reglane i samfunnet. 

Det er i den elevstyrte (og gjerne også elevinitierte) leiken at danningspotensialet i leiken er tydlegast. Eigentleg er dette lett å forstå. Vi har spurt ein 18-åring om kva ein lærer i leik, og ho sa det omtrent slik:  

Fri leik lærer barn å samarbeide, tilpasse seg kvarandre og å vere tolerante. Ein utviklar seg som medborgar når ein leikar fritt og har med flest mogleg i leiken. I leiken lærer barn å lære ting av kvarandre, å forstå, å snakke. Korleis ein ordlegg seg er ein del av den sosiale kapitalen, og viss folk ordlegg seg rett i ulike situasjonar, kan dei delta i fleire arenaer.

Vi har lyst å minne skulen og norsklærarane om dette. Vi veit det eigentleg, alle saman, men 18-åringen friska opp det allment kjente: Den frie, barneinitierte og barnestyrte leiken, som forsvann i mange klasserom med seksårsreforma, bør hentast fram frå det didaktiske bakrommet. Den bør pussast blank og takast inn igjen i skuledagen så fort som råd. 

I den frie leiken blir barna danna, dei får vere subjekt i eigne liv, og dei høve til å forstå og delta i samfunnet. Det er rikeleg med tid til det, og norskfaget har plassen og grunngjevinga som trengst.