Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Eksamen krasja og det er langt igjen før vi er heildigitale

Skal vi lukkast med overgangen til stadig fleire digitale tenester må vi forstå korleis teknologi og menneske fungerer saman.

illustrasjonsbilde fra klasserom
(Illustrasjonsbilde: UiA)

 

Denne kronikken ble først publisert i Fædrelandsvennen 3. juni. 

 

På måndag 22. mai sat dotter mi og 48 000 andre elevar ved vidaregåande skular klare til å gjennomføre avsluttande norsk-eksamen. For første gong skulle elevane svara digitalt, men det gjekk ikkje heilt som planlagt.

Mange av elevane klarte ikkje å logge seg inn og laste ned oppgåva før etter meir enn ein time. Nokre elevar sleit også med å få brukt hjelpemiddel som NDLA, LEXIN, Ordnett og Ordbøkene.no, på grunn av overbelastning. I Møre og Romsdal var det i tillegg problem med internettet på alle skulane, og der enda det med at eksamen vart avlyst.

Hadde vi ikkje blitt digitale likevel? Vi har brukt nettbank og levert digital skattemelding i mange år allereie. Pandemien sørga vel for at for at også etternølarane fekk logga seg på. Ja, vi har kome eit langt stykke på vegen mot eit digitalt samfunn, men vi er ikkje i mål.

IT-systemet som vart brukt til eksamen var ganske nytt. Det hadde vore brukt til nasjonale prøver og mindre eksamenar tidlegare utan problem. Alt hadde sett fint ut under testing og ved den siste sjekken klokka 8 på morgonen.

Utdanningsdirektoratet hadde likevel klar ekstra beredskap sidan dette var den største eksamensdagen. Rett før eksamenstart, omkring klokka 8.45, oppdaga dei at det var problem med innlogginga.

I ei utgreiing som direktoratet sende til Kunnskapsdepartementet fortel dei at det både var feil i ein server hos en underleverandør og overbelastning i en annan funksjon som sjekka IP-adressa til kandidatane. IP-sjekken vart skrudd av, men problema hang igjen litt, før systema kom tilbake til normal drift.

Samstundes med at dei arbeidde med å rette opp feila, sende direktoratet ut informasjon og oppdateringar om problema. Direktoratet hadde ikkje lagt opp til ein plan b med papirutskrift av oppgåva, men enkelte skular hadde vald å skrive ut og trykka opp oppgåva på papir lokalt.

Denne hendinga er ikkje unik. Mange av oss kan nok hugse at Skatteetaten sitt IT-system fleire år på rad krasja omkring fristen for å levere sjølvmeldinga eller når alle skulle sjekke skattemeldinga samstundes.

Vi har også opplevd at samfunnskritisk digital infrastruktur kan falle ut på grunn av ekstremvér. Cyber-angrep kan også ha slike konsekvensar.

I eksamenskrasjet spela overbelastning ei rolle, noko som kan tyde på at kapasiteten var underdimensjonert. Da Telenors mobilnett var nede i fleire omgangar våren 2011, var forklaringa som vart gitt at nettet ikkje var dimensjonert til å handtere den auka trafikken frå dei nye smarttelefonane.

Utan å fordele skuld og ansvar i tilfellet med eksamenskrasj, så minner hendinga på oss at det digitale samfunnet er sårbart. Det er avhengig av at ei lang rekke av IT-system. Systema er installerte på ulike serverar. Det er plasserte på ulike stader, drifta av ulike leverandørar, og må fungere som dei skal. I tillegg må informasjonsutvekslinga mellom systema fungere.

Dersom det til dømes blir litt treghet ein stad slik at ei melding ikkje får svar innan et gitt antal millisekund, så vil kanskje systemet sende ei ny melding.

Når mange system gjer dette omtrent samtidig, kan vi plutseleg få dobbelt eller tredobbelt så mange meldingar. Dermed kan den etterspurte tenesta blir overvelda, svarer ikkje i det heile tatt og brukaren får ikkje gjennomført oppgåva si.

Enkelte tenester blir brukt av mange andre, til dømes digitale identifikasjonstenester basert på BankID. Feil ein stad forplantar seg fort vidare i dette komplekse landskapet av ulike IT-system.

Å utvikle og drifte desse digitale infrastrukturane krev mykje av menneska som arbeider med dei. Det held ikkje å være god til å programmere. Du må også kunne utvikle og forvalte store systemlandskap og sørge for sikker drift.

Det krevst med andre ord ei forståing av korleis både teknologi og menneske oppfører seg. Derfor har vi oppretta studiar innan fagfeltet informasjonssystem ved Universitetet i Agder.

Studentane som søkjer seg hit får ei utdannings som byggjer på kunnskap frå ulike fagområde: psykologisk innsikt ligg til grunn for å lage gode grensesnitt, organisasjonsteori må til for å lage IT-systemet som løyser problem og for å organisere vellukka prosjekt- og teamarbeid – alt på ein solid basis av teknisk kunnskap. I praktiske prosjekt med samarbeidspartnarar får dei brei kompetanse som førebur dei på den komplekse digitale verda.

Mellom 11. og 16 juni skal det internasjonale fagmiljøet innan informasjonssystem samlast i Kristiansand. Forskarar som deltek på The European Conference of Information Systems vil dele kunnskap om nettopp dette samspelet mellom menneske og teknologi. Då vil vi også kunne sjå at alle samfunn på ‘digitaliseringsvegen’ deler liknande utfordringar og at slik kompetanse vil vere viktig for velluka digitalisering og for å unngå ‘digitale krasj’.