Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Sinpro 2020: Ny næringsklynge veks fram

James Karlsen frå Handelshøyskolen ved UiA har leia eit VRI-finansiert prosjekt for 21 bedrifter i Mandal og Lindesnes.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

SINPRO: 21 bedrifter i Mandal og Lindesnes går saman i klyngeprosjektet Sinpro for å bli betre på nyskaping. Her er nokre av aktørane samla i fabrikken hos Nøsted Kjetting, frå venstre Fredrik von Zernichow (Nøsted Kjetting), James Karlsen (UiA), Merethe Nøsted von Zernichow (Umoe Mandal og Sinpro) og Erik Hillesund (Sinpro).

– Målet er at dette skal bli ei næringsklynge der bedriftene saman skaper og delar kunnskap. Vi tar sikte på å utvikle klynga basert på fortrinna til bedriftene i regionen, og satsar målretta på læring og kunnskapsdeling for å utvikle nye prosessar og produkt, seier James Karlsen.

Han er førsteamanuensis ved UiA og forskar på organisatorisk læring og innovasjon. I desse dagar avsluttar han eit foresight-prosjekt i samarbeid med industriproduksjonsbedrifter og konsulent- og engineeringbedrifter frå Mandal og Lindesnes. Bedriftene starta i 2012 eit forprosjekt dei kalla Sinpro, Senter for innovativ design og produksjon. Prosjektet har no fått ei ny innretting og eit nytt innhald. Oppgåva til foresight-prosjektet er å beskrive framtida, derfor har prosjektet fått namnet Sinpro 2020.

– Måla med foresight-prosessen har for det første vore å forankre ideen om å auke samarbeidet mellom bedriftene, og mellom bedriftene og forskingsinstitusjonane. For det andre har det vore viktig å skape aksept for at Sinpro skal vere ein katalysator som aukar samarbeidet mellom aktørane. Og for det tredje har vi utarbeidd ein strategi for Sinpro dei komande fem åra. Vi skaper og deler kunnskap er visjonen dei 21 bedriftene er blitt samde om.

Til saman har bedriftene 2000 tilsette og omset for rundt 3,5 milliardar kroner i året. Blant dei store bedriftene er GE Healthcare, Umoe Mandal, Nøsted Kjetting, BRG og TT Anlegg.

– Initiativet til eit meir formalisert samarbeid i regionen kom frå dei store bedriftene, dei såg behovet for å gjere noko som kunne sikre innovasjon og arbeidsplassar i framtida, seier Karlsen.

Karlsen har budd i Mandal i 17 år, men først da han starta samarbeidet i mai, oppdaga han kor avanserte fleire av bedriftene i regionen er, til dømes Nøsted Kjetting. Nøsted er den einaste kjettingfabrikken igjen i Noreg. Den har eiga utviklingsavdeling, eige laboratorium, og har innført robotar i kjettingproduksjonen i Mandal. Fabrikken har 75 tilsette i Mandal, 200 på fabrikken i Litauen og produserer og leverer årleg omkring 8 000 tonn med kjettingar av alle slag til kundar i Europa og Amerika.

– Utvikling av nye produkt og prosessar er avhengig av gode relasjonar mellom dyktige folk. Bedriftene i regionen utviklar seg no ved å knyte kontakt med kvarandre og med forskingsmiljøa i landsdelen, seier Karlsen.

Etablering av næringsklynger er etter kvart blitt ein velkjent metode for å dele, utvikle og setje i gang innovasjonsprosjekt i bedrifter. Så langt er ikkje bedriftene blitt ei klynge med støtte frå Innovasjon Norge, men planen er å sende inn søknad om å bli Arena-klynge. Arena er det første av tre nivå ei norsk klynge kan ha (dei to neste nivåa er NCE og GCE).

– Ambisjonen er å doble talet på medlemsbedrifter og søkje om NCE-status innan fem år, seier Karlsen

Av dei 18 som sendte søknad i april i år, fekk fire godkjenning som Arena-nettverk. Han ser for seg at det kan bli like relevant for bedrifter i Lyngdal, Flekkefjord, Kristiansand og Arendal å bli med i klynga. Fleire av 21 bedriftene i det nye klyngesamarbeidet er også med i Eyde-nettverket og Node-klynga.

FORSKAREN: – Innovasjon dreiar seg om å ta små steg, seier James Karlsen fra Handelshøyskolen ved UiA.

Nye krav i framtida

Bedriftene i Mandal og Lindesnes speler i dag ei viktig rolle som regionale, nasjonale eller globale leverandørar av varer og tenester. Foresight-prosjektet og det vidare samarbeidet dreiar seg om å sjå for seg kva for rolle dei skal spele i framtida og kva dei må gjere for å forbetre seg. For dei fleste dreiar det seg ikkje om å finne opp totalt nye produkt, marknadssegment eller produksjonsprosessar.

– Innovasjon dreiar seg ofte om å ta små steg, utnytte den kompetansen ein sit med i dag og gjere prioriteringar og endringar som forsterkar kompetansen og forretningsposisjonen til bedrifta, seier Karlsen.

Han meiner stegvis innovasjon kjenneteiknar norsk industri og ventar seg ingen revolusjon i regionen. Stikkord for trendar som vil bli forsterka i tida framover er auka globalisering, ny teknologi, endring i olje- og gassektoren og auka produksjonskostnader i Noreg. Fordi lønsnivået og produksjonskostnaden er så høg her i landet, blir det ei sentral utfordring for norske industri- og entreprenørbedrifter å arbeide smartare og meir effektivt enn bedrifter i andre land.

– Det bedriftene gjer i dag, må dei gjere meir kostnadseffektivt og meir innovativt i morgon, seier Karlsen.

Satsingsområde

Gjennom foresightprosjektet er klynga komen fram til å prioritere fire strategiske satsingsområde: 1) energileeing, 2) lean, 3) automatisering og robotisering og 4) kompetanseheving og FoU. Karlsen har arbeidd med prosjektet frå mai og har trekt inn fleire professorar frå UiA med spesialkompetanse innan felt han sjølv ikkje dekkjer. Ni av masterstudentane hans har vore med og fått såkalla erfaringsbasert kompetanse undervegs. Dei har skrive refleksjonsnotat om prosessen og fungert som sekretærar for arbeidsgruppene.

– Dette er metodekurs i praksis. Hos oss sit ikkje studentane berre på skolebenken, dei er med på forskingsbasert utvikling saman med aktørar i næringslivet, seier Karlsen.

Dermed oppfyller Karlsen alle dei hovudoppgåvene UiA har pålagt seg sjølv på ein gong: Han forskar, underviser og er med som ein regional aktør blant nærings- og industribedriftene i landsdelen.

– Foresight-prosjektet er for så vidt ferdig, men eg håper å gjere følgjeforsking mellom anna på utviklinga av lean-satsinga til klynga, seier Karlsen.

Samstemte bedrifter

Dei 21 bedriftene i Sinpro er spesialistar innan sine felt, men ikkje direkte konkurrentar.

– Bedriftene kjem frå ulike bransjar og det er nok eit fortrinn for vårt klyngeprosjekt. Aktørane kan senke skuldrane og dele kompetanse, seier Erik Hillesund, dagleg leiar i Sinpro.

Bedriftene er samstemte om behovet for å dele kompetanse og erfaring, og har tru på at aktiv deling og meir styrt samarbeid kan vere med på å utvikle bedriftene og regionen.

– Eg trur vi blir betre ved å samarbeide. Derfor har Umoe Mandal engasjert seg. Vi trur regionalt samarbeid mellom ulike bedrifter er viktig. Vi er med for å utvikle bedrifta vår og bli betre på område der vi kan lære frå andre, seier Rigmor Fardal, administrerande direktør i Umoe Mandal.

Umoe-direktøren er styreleiar i Sinpro og har god erfaring med klyngesamarbeid etter si tid som direktør i Vestas i Kristiansand og Rolls-Royce i Ulsteinsvik.

– Mange bedrifter i Mandal er nasjonalt og internasjonalt leiande innan sine fagområde, men det er mykje anna enn den spesifikke fag- og spisskompetansen til den enkelte bedrifta vi kan samarbeide om. Lean og automatisering er døme på dette, seier Fardal.

Fakta

  • VRI Agder er Forskningsrådets satsing på innovasjon gjennom samhandling. VRI er med og utviklar kunnskap og evne til samhandlings- og innovasjonsprosesser i regionene og fremmar innovasjon i norsk nærings- og arbeidsliv basert på forsking. VRI har støtta foresight-prosjektet til Sinpro med 200 000 kroner.
  • Sinpro: Ei næringsklynge for bedrifter i Mandal og Lindesnes.

Tekst: Atle Christiansen
Foto: Kjell Inge Søreide