Fleire og fleire nyttar dyr i behandlinga av rusmisbrukarar, demente, menneske som er psykisk sjuke og andre. Har det effekt, og kva er det som skjer i relasjonen mellom menneske og dyr?
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er dette forskingsgruppa i antrozoologi prøver å finne svar på.
- I vår forsking ser vi på effektane av å nytte dyr i behandling av ulike menneskelege utfordringar. Ofte dreier forskinga seg om rusbehandling, demens, ungdom som har eller står i fare for å falle ut av skolen, samt ulike psykiske problem, seier talsperson for gruppa, professor Anne Marie Støkken.
- Mange resultat tyder på at å vere saman med dyr har ei positiv helseeffekt på mange område, forsett ho.
Gruppa er satt saman av forskarar frå Fakultet for helse- og idrettsvitskap og Fakultet for samfunnsvitskap, samt to eksterne representantar frå Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder. Forskarane har ulik bakgrunn. Støkken er knytt til Institutt for sosiologi og sosialt arbeid, førsteamanuensis Berit Johannessen og universitetslektor Elsebeth Krøger høyrer til Institutt for helse- og sjukepleievitskap, medan førstelektor Anne Brita Thorød er ved Institutt for psykososial helse.
- Det var litt tilfeldig at vi fann kvarandre. Vi møttest på nokre seminar innan dette som er vårt felles interessefelt, og fann ut at vi burde samlast i ei forskingsgruppe, seier Støkken.
Fagfeltet antrozoologi samlar naturvitarar, veterinærar, hjerneforskarar, humanistar, samfunnsvitarar, helsepersonell og pedagogar.
- Dette er eit stort tverrvitskapleg felt internasjonalt. I Noreg er det berre oss og eit par andre institusjonar som har eige miljø for antrozoologi, seier Støkken og viser blant anna til Norges miljø- og biovitskapelege universitet på Ås.
Forskarane starta arbeidet sitt med å arrangere fleire konferansar med antrozoologi som tema, der dei inviterte personar frå både forskings- og praksisfeltet. I 2013 handla konferansen om samvær med dyr i eit folkehelseperspektiv. Året etter opplevde dei enno større interesse frå praksisfeltet, då dei i ein ny konferanse hadde fokus på dyreassisterte intervensjonar blant barn og unge. Gruppa opplev større pågang rundt både konferansar og forskingsprosjekt og frå studentar som vil skrive bachelor- eller masteroppgåver om tema innafor dette feltet.
- I mange tenester leiter ein etter nye tiltak for å gi eit betre tilbod. Dei lykkas kanskje ikkje heilt med dei metodane dei har forsøkt. Det er heilt tydeleg at dette er eit felt som fleire og fleire får auga opp for, og vi ynskjer å tydeleggjere antrozoologi som forskingsfelt nasjonalt, seier professoren.
I november i fjor vart det arrangert ein Inn på tunet-konferanse, «Med mestring som ballast» i Stavanger. Anne Marie Støkken heldt eit innlegg om samhandling mellom dyr og menneske som innovasjon og tenesteutvikling. Der møtte heile 250 deltakarar opp, så det seier vel alt om interessa.
Sidan gruppa vart etablert i 2012 har den gjennomført to mindre forskingsprosjekt, i tillegg til ein del individuelle prosjekt. I 2014 fekk dei, saman med brukar- og pårørandeorganisasjonen A-Larm og ein Inn på tunet-gard, støtte frå Regionalt forskingsfond Agder (RFF Agder). Dei undersøkte kva slags verdi samvær med dyr og natur har for mestring og etablering av eit nytt kvardagsliv for rusavhengige etter behandling i institusjon.
- Fylkesmannen driv Inn på tunet-programmet, og nasjonalt er det no over 400 gardar som er godkjende. Desse gardane tek i mot menneske med ulike utfordringar og er eit ledd i behandlinga. Resultata skal vi bruke i kommande forsking på korleis slike tilbod best kan leggjast til rette, seier Støkken.
I 2014 og -15 gjennomførte gruppa nok eit prosjekt knyta til Inn på tunet. I forprosjektet, som var finansiert av Norges forskningsråd, så dei på korleis samvær med dyr kan brukast i arbeidet med utsatt ungdom.
- Dette forprosjektet danna grunnlag for ein søknad til forskingsrådets HelseVel-program som no er under evaluering. Prosjektet vi ynskjer å gjennomføre heiter «Care Farming for Marginalized Youth». Her vil vi, saman med samarbeidspartnarar ved Møreforsking, Høgskolen i Hedmark, Universitetet i Oslo og eit nordisk nettverk, sjå på korleis lokale utdannings,- velferds- og omsorgstenester kan samarbeide med opne gardar for å få fleire utsette ungdomar tilbake til utdanning eller arbeid.
I 2015 opna UiA eit tilbod for dei som ynskja fagleg påfyll innan bruk av dyr i helsetenestar. Kurset går på ny hausten 2016.
- I tillegg til å lære relevante teoriar og bli kjend med aktuell forsking, lærer studentane også om å ta vare på dyret som vert nytta i intervensjonen. Det er viktig at dei som skal nytte hundar, kattar, hestar og andre dyr ikkje gløymer at dei også er levande vesen med eigne behov, seier Støkken.
Gruppa held i desse dagar på med å skrive ei lærebok i antrozoologi, då det enno ikkje fins god litteratur på norsk. Parallelt jobbar dei også med planar for fleire framtidige forskingsprosjekt, for eksempel bruk av besøkshund på sjukeheim.
- Det skjer mykje spennande innan dette feltet som kunne vore interessant å forske på. Nokre nyttar hundar som tilhøyrarar når barn med lesevanskar les. Andre prøver ut om robotdyr kan ha same effekt på menneske som levande dyr. Her er det mykje spennande å ta av, konkluderer gruppas talsperson.
Tekst: Øivind Eskedal