0
Hopp til hovedinnhold

Først på ballen

Norske fotballspelarar er raskare enn dei var før. Men det er vanskeleg å bli raskare ved hjelp av trening.

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Thomas Haugen sprints.

FIRST: Thomas Haugen works at Olympiatoppen in Oslo and was the first person to present a thesis at the doctorate programme at the Faculty of Health and Sport Sciences at UiA. (Photo: Kjell Inge Søreide)

Fart er ein av nøkkeleigenskapane til gode fotballspelararar. Dess høgare opp i divisjonssystemet du speler, dess raskare vert spelarane, og dei raskaste speler i angrep. Det slår forskinga til Thomas Haugen fast. Han gjennomførte 12. juni i år den første disputasen på doktorgradsprogrammet til Fakultet for helse og idrettsvitskap ved UiA. Thomas Haugen forsvarte avhandlinga The role and development of sprinting speed in soccer. Konklusjonen er at fart er viktig, men vanskeleg å måle og vanskeleg å forbetre.

Allereie i sjetteklasse lærte han noko om presis tidtaking. Læraren klokka han inn til 6,9 på 60-meteren. Det var norsk rekord den gongen. Haugen var kjapp, men ikkje så kjapp. Han hadde minst tjuvstarta med fem meter. Men han var rask nok til at han vart sett opp som spiss på det lokale fotballaget. Da dei lange ballane kom, sprang han frå alle. Han sprang gjerne rundt målvakta også. Slikt vart det mål av. Mange mål, i stor fart, inntil Thomas Haugen la ballen på hylla og snørte på seg friidrettsskoa. Han var sprintar på høgt nasjonalt nivå i fleire år og trente med hurtigtog som Geir Moen.

I tillegg til å vere kvikk til beins, har Haugen halde eit høgt tempo på skrivinga si dei siste åra. Han har forfatta eller vore medforfattar på 23 vitskaplege artiklar i perioden 2011-2014, 17 av dei har han gjort saman med professor Stephen Seiler, dekan ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap på UiA. Haugen har vore knytt både til Olympiatoppen i Oslo og UiA under arbeidet med doktoroppgåva.

– På Olympiatoppen er vi praktikarar, så alt eg kan om vitskap har eg lært på UiA av Stephen Seiler, seier Haugen.

Heilt sidan 1999 har Haugen vore fagkonsulent på treningsavdelinga hos Olympiatoppen. Han har hatt ansvaret for testdatabasen, teknikklabben, testar innan styrke, spenst og fart og trening av utøvarar knytt til Olympiatoppen. Han kunne ha tatt doktorarbeidet sitt på Norges Idrettshøgskole, eit steinkast frå Olympiatoppen, men så var det UiA og rettleiinga frå Seiler.

– Seiler har vore ein inspirasjon og er hovedgrunnen til at eg valde doktorgradsprogrammet ved UiA, seier Haugen.

Fart og fotball

Kor viktig er fart i fotball? På kva måte bør fotballspelarar trene for å blir raskare? På kva måte kan ein sikre seg pålitelege målemetodar for fart? Slike spørsmål har han prøvd å finne svar på i doktorarbeidet sitt. Arbeidet består av sju studiar. Dei to første dreiar seg om å finne riktige prosedyrar for tidtaking, samanlikne ulikt utstyr som til dømes enkle og doble fotoceller under tidtakinga, ulike startmetodar og andre slike tekniske og grunnleggjande ting for tidtaking.

– Det formelle må vere pinleg nøyaktig når du skal gjennomføre studiar du vil samanlikne med andre, seier Haugen.

Å studere metodar og prosedyrar er eit krevjande arbeid, men det må vere på plass. Konklusjonen på dei to grunnstudia er at du må vere ekstremt nøyaktig både med prosedyrar og utstyr for tidtaking. Viss forskingsresultata skal vere samanliknbare med andre, må ein standardisere målemetodane.

– Tidtakinga på 20 meter sprint kan variere stort avhengig av måten du tar tida på. Dette må du vite slik at funna dine let seg samanlikne med andre. Ulik bruk av startprosedyrar og måleapparatur påverkar tidtakinga med opptil sju tiandedelar, og det understrekar kor viktig det er at tidtakinga må vere kontrollert, seier Haugen.

SPRINTAR: Thomas Haugen er tidlegare sprintar og har trent på høgt nivå med hurtigtog som Geir Moen. (Foto: Kjell Inge Søreide)

Historisk fartsutvikling

Haugen har fått god bruk for databasen med fotballspelarar frå 1990-åra og frametter. Han har gått gjennom databasen og vurdert farta på fotballspelarane etter kategoriar som prestasjonsnivå, posisjon på banen, alder og historisk utvikling. Haugen har analysert kvinner og menn i kvar si gruppe.

– Databasen stadfestar at dess høgare nivå du speler på, dess raskare er du. Det er ein viktig dokumentasjon, som understrekar at fart er ein nødvendig eigenskap for fotballspelarar på toppnivå, seier Haugen.

Funna viser at spissane er dei raskaste, med forsvararane hakk i hæl. Berre målmannen er langsamare enn midtbanespelarane.

– Forskjellen på spissane og forsvararane er små, berre tre-fire hundredelar. Midtbanen er sju-åtte hundredelar langsamare enn spissane, seier Haugen.

Han har målt farta både i 20 og 40 meter.

– Du høyrer ofte det vert sagt at Usian Bolt er sein i starten, men han er ikkje det. Han er ein av verdas raskaste menn også på dei første metrane. Det er ikkje slik at du er sein dei første metrane og rask på dei neste. Er du rask, er du rask heile vegen, seier Haugen.

Når det gjeld alder og fart, viser funna forskjell på gutar og jenter.

– Jentene er raskast i 16-17-årsalderen og har ingen framgang etter det. Gutane er raskast som 20-åringar, og omtrent like raske fram til fylte 28 år. Da har dei ikkje lenger framgang, seier Haugen.

Ved å samanlikne tal i databasen frå 1995-00, 2000-05 og 2005-2010 har Haugen funne klare prov på at spelarane er tre-fire hundredelar raskare i dag enn tidlegare.

– Vi veit ikkje sikkert kvifor, men vi trur det kjem av mindre bruk av tradisjonell uthaldenhetstrening, til dømes langturar, og meir vekt på fartstrening, seier Haugen.

Ingen resept på fartstrening

Du er fødd rask og det er vanskeleg å bli raskare ved hjelp av trening. Det ser ut til å vere den noko nedslåande konklusjonen på sprintforskinga til Haugen og andre.

– Det finst ingen treningsmetode som fungerer for alle. Nokon har utbytte av sprinttrening, andre av styrketrening. Men alle har ikkje utbytte av det same; du må tilpasse sprinttreninga den enkelte. Litteraturen om fart og fartstrening har motstridande svar på kva for trening som gjer deg raskare, seier Haugen.

– Kva for treningsmetodar fungerer for nokon om ikkje alle?

– Spesifikk fartstrening, eksplosiv styrketrening og sprintløp med motstand er mykje brukte. 

Thomas Haugen

RASK HEILE VEGEN: -Det er ikkje slik at du er sein dei første metrane og rask på dei neste. Er du rask, er du rask heile vegen. (Foto: Kjell Inge Søreide)

100-meter sprintarar i Noreg forbetrar seg med to prosent frå omkring 18-årsalderen og fram til dei oppnår sine beste resultat som seniorar. Dei med den aller mest ekstreme framgangen, har forbetra seg frå åtte til ti prosent, seier Haugen.

I den siste delen av studien brukte Haugen fotballspelarar frå Norges Toppidrettsgymnas og frå dei beste juniorlaga i Oslo.

– Det er vanleg å ikkje trene maksimalt når du trenar kondisjon eller styrke, men det motsette har vore vanleg i sprint. Der har litteraturen alltid indikert at du skal trene med maksimal intensitet. Eg ville sjå om det gav resultat å trene med noko lågare intensitet kombinert med dobbelt så mange repetisjonar, seier han.

Haugen samanlikna treninga mellom fire grupper: ei med 90 prosents fart og mange repetisjonar, ei med 90 prosents fart og coaching undervegs, ei med 100 prosents fart og halvparten så mange repetisjonar som dei andre og ei kontrollgruppe utan noko form for fartstrening.

– Studien viste ingen betring eller den same ørvesle framgangen hos alle. Denne studien stadfestar vel noko vi visste frå før, at du er fødd rask og at det er vanskeleg å trene hurtighet. Det kan vere like effektivt å ta vekk nokre treningsøkter som å leggje til ei økt med sprinttrening, seier han.

– Bør ein leggje vekt på fartstrening blant fotballspelarar i tidleg alder?

– Mi personlege meining er at du gjerne kan arbeide med løpeteknikken i ung alder, men eg vil ikkje tilrå trening der målet er å auke ressursane, til dømes ved styrketrening. Fotball dreier seg om å skape og stenge rom. Ein halvmeters forsprang kan vere nok for å skape ein målsjanse. Halvparten av alle mål kjem etter ein sprint. Men du må sjølvsagt trene like mykje på teknikk og taktikk som fart viss du vil bli ein god fotballspelar, seier Haugen.

Tekst: Atle Christiansen
Foto: Kjell Inge Søreide