0
Hopp til hovedinnhold

Fengslande forsking

Det trengst reglar og kontroll i eit fengsel, men det trengst hjartevarme også. Terje Emil Fredwall har skrive den første doktorgradsstudien i Noreg der fengselsbetjenten har hovudrolla.

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Her er Fredwall saman med fengselsbetjent Chris Myhre.

Fengselsbetjenten har hovudrolla i doktoroppgåva til Terje Emil Fredwall (til høgre). Her er Fredwall saman med fengselsbetjent Chris Myhre. (Foto: Kjell Inge Søreide)

– Eg har prøvd å finne ut kva for ideal som pregar kvardagen til fengselsbetjentane. Betjentane har fått ei blanda oppgåve og eit samansett mandat. Dei skal halde menneske innesperra, ta vare på dei under fengselsopphaldet og hjelpe dei fram til dei blir sett frie. Men det er ikkje gitt kva for verdiar dei skal leggje mest vekt på undervegs. Eg har prøvd å finne ut kva dei tenkjer om arbeidet sitt og kva for verdiar dei meiner er viktigast, seier Terje Emil Fredwall, ph.d. og førstebibliotekar ved UiA i Grimstad.

Betjent eller menneske

Først er du menneske, deretter er du fengselsbetjent og fange. Men da er det ikkje lenger gitt kva som er først og sist. Helst er det blanda.
Fredwall oppdaga fort at det er forskjell på kvardagsmoralen i samfunnet og dei moralske ideala i fengselet. I avhandlinga kritiserer han fleire norske fengselsforskarar for å sjå bort frå at verdiar og haldningar som gjeld i kvardagen ikkje alltid gjeld på profesjonsarenaen.

Det er ikkje nødvendigvis umoralsk å lese breva til andre og kontrollere romma til innsette i fengselet; det høyrer med til fengselsbetjentrolla. Betjenten opptrer ikkje
berre som seg sjølv; han representerer kriminalomsorga og er underlagt reglar og krav derfrå. Sett på spissen, kan ein seie det er grenser for kor mykje medmenneske ein
fengselsbetjent kan vere.

– Nett der ligg det ei spenning i profesjonsetikken, også den som gjeld fengselsbetjenten. Fengselsbetjenten er både medmenneske og fengselsvaktar, og må ta omsyn både til mandatet frå samfunnet og sine eigne tankar og kjensler. På kva måte betjentane sjølve forstår og beskriv ansvaret sitt, er ein viktig del av arbeidet mitt, seier Fredwall.

Vesaas-forskar

Før Fredwall vart moralforskar, var han filolog og utdanna bibliotekar. Han hadde skrive hovudfagsoppgåve om romanen Is-slottet av Tarjei Vesaas, og planen var ikkje å forske på fengsel. Men så fekk han eit vikariat på Kriminalomsorgas utdanningssenter. Der arbeidde han i fire år (2000-04) som rådgjevar, deretter vart det tre år som rådgjevar i Justisdepartementets kriminalomsorgsavdeling (2005-2008). Da vart han fengsla.

– Du blir fort engasjert når du arbeider i dette feltet, det er eit livsområde der mykje står på spel og etiske problem blir sette på spissen, seier Fredwall. Frå 2008 til 2012 har han vore stipendiat ved Fakultet for Humaniora og pedagogikk ved Universitetet i Agder, og disputerte i september i år. I innstillinga seier bedømmingskomiteen at avhandlinga er eit originalt og dristig arbeid. Dei gir doktoranden skryt for å ha levert ein sakprosatekst av høg litterær kvalitet, samtidig som han skriv vitskapleg presist.

– Eg har prøvd å skrive ei avhandling som kan tilføre vanlege lesarar kunnskap om emnet, seier Fredwall. 

Komiteen meiner han har skrive ei lærd avhandling som framstiller komplekse samanhengar om straff, kontroll, tryggleik, hjelp, rehabilitering og omsorg
på ein klar måte.

Terje Emil Fredwall

SKRIV BOK: Ph. d. Terje Emil Fredwall har avtale med Cappelen Damm om å gi ut bok på forlaget. Han arbeider no med å gjere om doktoravhandlinga frå 509 til rundt 350 sider. (Foto: Kjell Inge Søreide)

Intervju og styringsdokument

Fredwall har laga ein kvalitativ og tverrfagleg studie, basert på analysar og tolkingar. Størstedelen av oppgåva er deskriptiv (beskrivande), mens sluttkapittelet er
normativt (drøftande). Han har intervjua 19 fengselsbetjentar i lukka fengsel og fem medlemmar i Kriminalomsorgas aspirantnemnd.
Vidare har han analysert tre styringsdokument der kriminalomsorgas politiske og faglege leiing beskriv betjentrolla:

  • Kriminalomsorgsmeldinga Straff som virker (2008)
  • Kriminalomsorgas fagstrategi(2004)
  • Kriminalomsorgas yrkesetiske retningslinjer (2005).

I tillegg har han gjennomført ein såkalla multimodal analyse av rekrutteringsbrosjyre frå Kriminalomsorgas utdanningssenter.
– Kriminalomsorgas utdanningssenter har monopol på opplæring av alle fengselsbetjentar, og aspirantnemnda vel dei som får utdanne seg til betjent. Derfor vert tankar
rundt utveljing og beskriving av utdanninga viktige for å danne seg eit bilete av betjentideala, seier Fredwall.
Fredwall har identifisert fem etiske ideal som pregar rolla til fengselsbetjenten: Det ordensvaktande, oppdragande, medvandrande, rettleiande og transformerande
(endrande) idealet.

– Eit viktig fellestrekk mellom alle ideala er at ingen skal rømme frå fengselet. Ei av dei fremste oppgåvene er dermed å vakte. Eit anna viktig fellestrekk at det er sjølve
fengslinga og fråveret av fridom som er straffa, og at betjentane skal syte for at dei innsette ikkje blir påført tyngre soningsforhold utover det, seier Fredwall.

Han ønskjer dialog om doktorarbeidet, og i sluttkapittelet i avhandlinga drøftar han dei fem ideala i lys av det som på bokmål vert kalla barmhjertighetstradisjonen. Fredwall hentar døme frå Martha Nussbaum (f. 1947) og hennar tolkingar av stoikaren Seneca (4 f.Kr-65 e.).

– Eg finn mykje av denne tradisjonen igjen i dei medvandrande og rettleiande ideala. Det er nødvendig å dømme urett, stille personar til ansvar for det dei har gjort og
kombinere dette med empati, mildskap og interesse for fangane som enkeltmenneske. Slike perspektiv bryt kraftig mot andre ideal som gjennomgåande let samfunnsnytta
eller fengselskvardagen få forrang framfor enkeltmennesket. Det er ikkje minst på dette området eg håper avhandlinga mi kan bidra med språk og refleksjonar, seier Fredwall.

Tekst: Atle Christiansen
Foto: Kjell Inge Søreide