0
Hopp til hovedinnhold

Dialektane speglar kommunedebatten

Talemålet speler ei rolle for identitet og vilje til samarbeid. Dialektane set grenser for lokalsamfunn og det å kjenne seg heime i dei.

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av norsk fjord og natur.
Foto: Illustrasjonsfoto

Forskere fra Universitet i Agder presenterer nye kronikker i forbindelse med den årlige festivalen Forskningsdagene 22. september til 2. oktober.

Bak debatten om nye fylke og kommunar finst det ein språkleg dimensjon. Dialektane speler her to viktige roller. For det første kan gamle dialektforskjellar forsterke dei grensene som finst mellom lokalsamfunn. Det er då ikkje likegyldig om ein taler arendalsdialekt eller mandalsdialekt. For det andre kan dagens omfattande dialektendring vere med på å viske ut grenser, slik at ein ser verda på nye måtar. I Agderfylka går begge desse tendensane hand i hand med standpunkt i kommunedebatten.

Dialektforskinga har vore oppteken av grenser og geografiske skilnader. Ein kartla utbreiinga av språklege særdrag, og ein teikna detaljerte kart over dette landskapet. I Agderfylka er det mange slike grenser. Ein stor del av dei går mellom aust og vest, gjerne ved fylkesgrensa, andre går mellom kyst og innland. Det er drygt å kalle desse ‘kulturgrenser’, men mange er gamle og har med ferdsel og geografisk orientering å gjere.

Mest kjent er den såkalla tonelagsgrensa som går i og nær fylkesgrensa, slik at Aust-Agder følgjer det austnorske lågtone-systemet, medan Vest-Agder følgjer det vestnorske

Profilbilde av Rune Røsstad

Rune Røsstad, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder

høgtone-systemet. Ein annan skilnad som står godt ved lag, gjeld bøyinga av substantiv. Langs kysten av Aust-Agder heiter det kommunene, medan det i vest heiter kommunan eller kommunane, altså med vokalen -a- i endinga. Ein skal ikkje overdrive betydninga av slike skilnader i talespråket, men i eit kulturelt og historisk perspektiv er det likevel slåande at dei to fylka er såpass delte på dette viset.

Forskinga har nok bidratt til merksemd om dialektforskjellar, men innbyggjarane har sjølv ein stor del i dette. Undersøkingar viser at folk flest bit seg merke i ørsmå variasjonar i talemålet til sambygdingar og nære grannar. Slike skilnader blir gjerne forstått i lys av administrative og kulturelle grenser, og som signal om lokal tilhøyrsle. Samstundes skjer gjerne ei forenkling, på den måten at folk reknar med at det finst eigne, lokale dialektar. Denne oppfatninga tek helst utgangspunkt i den gamle kommuneinndelinga, slik at ein tenkjer seg bygdedialektar som gylandsdialekt, finslandsdialekt og åmlidialekt.

Desse avgrensa dialektane er nokså idealiserte, for variasjon innanfor lokalsamfunnet blir anten ignorert eller forklart som avvik frå det ekte og mest eigentlege. Dermed blir det noko opphavleg og einsarta over desse talemåla, og førestillinga om dei blir ein faktor i lokal sjølvforståing og identitetsbygging. I første omgang spring gjerne førestillinga ut av meir allmenne oppfatningar om lokal kultur og historisk opphav, men i neste omgang blir ho sjølv ein faktor som forsterkar og stadfester det lokale perspektivet. Lokalsamfunnet har ikkje berre si eiga historie og sin eigen kultur, det har også sitt eige språk.

Trass i interesse for lokale dialektar, vil nok mange meine det er sært og provinsielt å trekkje dette inn i diskusjonar om nye fylke og kommunar. Slik sett er lokalt talemål helst ein underliggjande faktor som bidrar til den eine eller andre sjølvforståinga. Eit moteksempel er Vennesla-ordfører Torhild Brandsdal, som til Aftenposten (26.10.2015) heller sa det like ut, om venndølanes forhold til Kristiansand: “Men det er likevel en stor kulturforskjell, det er et skarpt dialektskille ved kommunegrensen.”

Dei siste tiåra har forskinga vore retta mot endring av talemåla, i både byane og bygdene. Og endring er det mykje av i Agderfylka. Denne fører til utvisking av grenser og nye språkformer frå fjern og nær. I samband med arbeidet for nye fylke og kommunar er det særleg to tendensar å merke seg. For det første skjer det ei dialektal utjamning. Det inneber at dei lokale dialektane blir diffuse og vanskelege å avgrense. Utjamninga skjer fordi me har meir kontakt over geografiske avstandar, gjennom pendling, reising og flytting. Dermed blir det for mange svært synleg at fellesskap og samarbeid går utover dei gamle kommunegrensene. Det gjeld også identiteten, som ikkje lenger kan knyttast til det vesle lokalsamfunnet. Her hjelper talemålet til; dersom du arbeider i byen og taler noko som liknar bymål, er det ikkje rart om du oppfattar deg sjølv som noko urban. Og då ligg det snublande nær å seie ja til kommunesamanslåing, som mange gjorde sist juni.

Også i dei største byane er endringane tydelege. Her har dei meir preg av såkalla standardisering, ved at former frå bokmålet og Austlandet kjem inn. Men i dette er det også nokre skilnader mellom Arendal og Kristiansand, som heilt klart har med geografisk orientering å gjere. I Arendal gjer austlandske uttaleformer seg gjeldande på ein heilt annan måte, og byen orienterer seg såleis austetter. Arendal lèt seg ikkje merke av storebror i vest; påverknaden frå Kristiansand når i lengste fall til Lillesand. Også på dette viset speglar talemålet standpunkta i debatten.

Kronikken ble først publisert i Fædrelandsvennen. (Bak betalingsmur)