0
Hopp til hovedinnhold

Var nynorsken slik folk snakka da den blei normert første gongen?

Knut E. Karlsen disputerer 23. juni 2017 med avhandlinga «Mellom Aasen og Hægstad: Morfologisk variasjon i landsmålet før 1901».

– Eit viktig mål med arbeidet har vore å kartleggje den morfologiske variasjonen (variasjon i bøyingsendingar) i nynorsk (eller landsmål som var nemninga fram til 1929) før den første offisielle standardiseringa av skriftmålet frå statleg hald i 1901.

Knut Erik Karlsen

Seniorrådgivar i Språkrådet

Knut Erik Karlsen disputerer for ph.d.-graden i språkvitskap med avhandlinga «Mellom Aasen og Hægstad: Morfologisk variasjon i landsmålet før 1901».

Striden var hard før den første nynorsk-normalen for skolen blei fastsett i 1901. Landsmål-professor Marius Hægstad vann over Rasmus Flo og Arne Garborg i komitéen på tre som hadde fått oppdraget frå departementet i 1898. Hægstad ønskte Ivar Aasen-normalen med små justeringar, dei to andre ville ha den såkalla «Midlandsnormalen», som var bygd på språket i Telemark og Gudbrandsdalen. Den blei tillatt som sideform.

Knut E. Karlsen analyserar i kva grad dei to normalane tok omsyn til språket som folk faktisk brukte.

- I avhandlinga er landsmålet slik det faktisk blei brukt beskrive nøyaktig med tanke på morfologisk variasjon og utbreiing, skriv Karlsen.

Karlsen har fulgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for humaniora og pedagogikk med spesialisering i språkvitskap.

Les intervju om avhandlinga: Korleis skreiv dei nynorsk før 1901?

 

Samandrag skriven av kandidaten sjølv:

Nynorsk skriftspråk før den første standardiseringa

Begge dei norske skriftmåla har vore gjennom mange reformer frå byrjinga av 1900-talet og fram til i dag. Men korleis såg nynorsk skriftspråk ut før den første offisielle normeringa? Dette spørsmålet gjev avhandlinga Mellom Aasen og Hægstad. Morfologisk variasjon i landsmålet før 1901 svar på.

Før den første standardiseringa

– Eit viktig mål med arbeidet har vore å kartleggje den morfologiske variasjonen (variasjon i bøyingsendingar) i nynorsk (eller landsmål som var nemninga fram til 1929) før den første offisielle standardiseringa av skriftmålet frå statleg hald i 1901, seier doktorand i nordisk språkvitskap Knut E. Karlsen.

Ordboka til Ivar Aasen var ei rettesnor for mange landsmålsskrivarar, men det fanst fleire alternative utformingar av landsmålet. Då landsmålet blei skriftleg opplæringsmål i skolen, blei det nødvendig å fastsetje ein offisiell normal.

I 1901 la ein departementsnedsett komité leidd av professor Marius Hægstad fram den første offisielle normalen for landsmålet. Komiteen var ikkje i stand til å samle seg om eitt forslag, så dei to andre medlemmene av komiteen la fram eit alternativt forslag, den såkalla midlandsnormalen.

Samanliknar «Aasen-normalen» og «Midlandsnormalen» med faktisk språkbruk

Avhandlinga gjev ei nøyaktig beskriving av korleis landsmålet faktisk såg ut med tanke på morfologisk variasjon og gjer greie for utbreiinga av formene.

Funna er samanlikna med dei nemnde normalane for å fastslå i kva grad normalane tok omsyn til den faktiske språkbruken.

Det kjem også fram at det eksisterte morfologiske variantar, hybridformer, som ikkje høyrde heime i nokon av dei nemnde normalane.

Disputasfakta:

Kandidaten: Knut Erik Karlsen er fødd og oppvaksen i Storfjord i Troms. Han har cand.philol.-grad i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Tromsø (1997) med ei avhandling om den nordnorske dialektologen Hallfrid Christiansen. Karlsen har undervist i norsk på Høgskolen i Bodø (no Nord universitet) og ved universitetet i Hamburg. Frå 2002 til 2015 var han tilsett som forskar i prosjektet Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo.

Karlsen er i dag seniorrådgivar i Språkrådet i seksjon for språkrøkt og språkrådgiving med ansvar for blant anna ordbøker og normering.

Prøveforelesing og disputas finn stad i Gabriel Scotts auditorium - B1-001, Campus Kristiansand

Instituttleiar Hans Olav Hodøl, Institutt for nordisk og mediefag, leiar disputasen.

Tid for prøveforelesing: Fredag 23. juni 2017 kl 10:00

Oppgitt emne for prøveforelesing: «Noreg har vore kalla eit annleisland når det kjem til språkpolitikk og språkplanlegging. Drøft språkutviklinga i Noreg frå 1960-talet fram til i dag i lys av språkplanleggingsteori og språkutviklinga i andre språksamfunn.»

Tid for disputas:Fredag 23. juni 2017 kl 12:00

Tittel på avhandling: "Mellom Aasen og Hægstad: Morfologisk variasjon i landsmålet før 1901".

Søk etter avhandlinga i AURA - Agder University Research Archive, som er eit digitalt arkiv for vitskapelege artiklar, avhandlingar og masteroppgåver frå tilsette og studentar ved Universitetet i Agder. AURA blir jevnleg oppdatert. Avhandlinga vil vere tilgjengeleg til utlån ved Universitetsbiblioteket og frå resepsjonen i fakultetet. Det vil og bli lagt ut nokre eksemplar av avhandlinga til utlån i lokalet der disputasen finn stad.

Opponentar:

Førsteopponent: Professor Peter Trudgill, tidlegere professor II ved UiA

Annenopponent:Førsteamanuensis Eli Bjørhusdal, Høgskulen på Vestlandet

Den sakkunnige komitéen er leia av professor Gro-Renée Rambø, Institutt for nordisk og mediefag, EZ 8674 UiA

Rettleiar i doktorgradsarbeidet var professor Ernst Håkon Jahr, UiA