Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Undervisning og læring for matematisk literacy

Oda Heidi Bolstad of the Faculty of Engineering and Science at the University of Agder has submitted her thesis entitled «Teaching and learning for mathematical literacy» and will defend the thesis for the PhD-degree Wednesday 25 November 2020. (Photo: Tone Solhaug)

Sjølv om læreplanar og andre strategidokument inneheld skildringar av kva matematisk literacy og rekning som grunnleggande ferdigheit er, fokuserer desse skildringane på kva ein kan når ein har denne kompetansen. Dei seier lite om korleis ein kan oppnå den.

Oda Heidi Bolstad

Ph.d.-kandidat

Disputasen foregår digitalt på internett på grunn av korona covid-19-situasjonen. Sjå nederst på sida korleis publikum kan overværa disputasen.

 

Oda Heidi Bolstad frå Fakultet for teknologi og realfag disputerer for ph.d.-graden med avhandlinga «Teaching and learning for mathematical literacy» onsdag 25. november 2020.

Hun har fulgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for teknologi og realfag, med spesialisering i matematiske fag, forskingsområde matematikkdidaktikk.

Slik oppsummerar Oda Heidi Bolstad avhandlinga:

Undervisning og læring for matematisk literacy

I avhandlinga mi studerer eg undervisning og læring for matematisk literacy («mathematical literacy»).

Matematisk literacy handlar om å ha den naudsynte kompetansen til å møte dei matematiske utfordringane ein blir stilt overfor i det moderne samfunnet. Viktigheita av denne kompetansen blir mellom anna trekt fram av OECD, og i den norske konteksten kjenner me den som «rekning som grunnleggande ferdigheit».

I den norske læreplanen er dette ein kompetanse som skal utviklast på tvers av fag.

Kompetanse med fleire element

Matematisk literacy er ein kompetanse som inneheld fleire element. Ein skal kunne nytte matematikk i ulike kontekstar og situasjonar i dagleglivet, arbeidslivet og i samfunnslivet.

  • Då krevst det, for det fyrste, formell matematisk kunnskap.
  • Ein treng også kompetanse i bruk av ulike verktøy, både fysiske og digitale.
  • I tillegg er haldningar viktig. Ein må ha vilje og sjølvtillit til å engasjere seg i matematiske oppgåver.
  • Til slutt må alt dette vere gjennomsyra av kritisk vurderingsevne. Ein må vite korleis matematikk kan nyttast i argumentasjon og avgjersler. Samstundes inneber det også å kritisk vurdere matematiske metodar og verktøy, og velje det som er føremålstenleg i ulike situasjonar.

På denne måten er matematisk literacy ein samansett og kompleks kompetanse.

Potensiale for betring

I denne studien har eg intervjua skuleleiarar, matematikklærarar og elevar i 9. klasse ved tre skular, samt observert matematikkundervisning ved desse skulane, med mål om å kunne seie noko om deira undervisning og læring for å utvikle matematisk literacy.

Resultata av studien viser at undervisning og læring for matematisk literacy har potensiale for betring.

Lærarane anerkjenner viktigheita av å utdanne elevar med matematisk literacy. Dei har også tankar om korleis dette kan gjerast.

Til dømes peikar dei på at praktisk aktivitet er viktig, i staden for arbeid med oppgåver i læreboka. Likevel er det arbeid med læreboka som dominerer i undervisninga. Dette kan tyde på at lærarane treng å utvikle strategiar for å implementere matematisk literacy-oppgåver i undervisninga si.

Lærebøkene dominerer

Sjølv om læreplanar og andre strategidokument inneheld skildringar av kva matematisk literacy og rekning som grunnleggande ferdigheit er, fokuserer desse skildringane på kva ein kan når ein har denne kompetansen. Dei seier lite om korleis ein kan oppnå den.

Dette kan vere noko av grunnen til at lærebøkene ofte dominerer i undervisninga.

Forståing av kompetansen

I tillegg blir verkelegheitsnære kontekstar i matematikkundervisninga vektlagt, både av skuleleiarar, lærarar, elevar og i læreplandokument.

Dette kan i somme tilfelle overskygge andre viktige element som utgjer matematisk literacy. Slik kan forståinga av denne kompetansen bli snevra inn til å berre dreie seg om matematikk i ein kontekst.

Dette er problematisk fordi mykje av innhaldet i matematikkfaget nettopp er abstrakt og kan vere vanskeleg å relatere til ein situasjon frå verkelegheita.

Difor er det eit viktig poeng at matematisk literacy også kan utviklast gjennom arbeid med abstrakt matematikk, til dømes gjennom kritisk diskusjon av matematiske framgangsmåtar og verktøy.

Lærarar med for snever forståing

I avhandlinga viser eg også til tidlegare forsking som peikar på at deltaking i eit profesjonelt fellesskap der lærarar sjølv utviklar matematisk literacy-oppgåver, har stor betydning for deira forståing av og undervisning for matematisk literacy.

Dette kan tyde på at overdriven bruk av læreboka er med på å skape ei snever forståing av matematisk literacy.

For å bygge ei vid forståing av denne kompetansen må ein sjølv ta del i å utvikle, implementere og revidere matematisk literacy-oppgåver. Då er ein betre rusta til å utdanne elevar for framtida.

 

Slik gjer du som publikum:

Disputasen er åpen for alle, men for å følge prøveforelesing og disputas må du melde deg som publikummar.

Vi ber publikum om å komme inn digitalt tidlegast ti minutt før oppgitt tid - det vil seie til prøveforelesinga 10:20 og disputasen tidlegast kl 12:20. Etter desse klokkesletta kan du når som helst forlate og komme inn igjen i møtet. Vidare ber vi om at publikum slår av mikrofon og kamera, og har dette avslått under heile arrangementet. Det gjer du nederst til venstre i biletet når du er i Zoom. Vi rår til å velge «Speaker view». Dette velger du oppe til høgre i biletet når du er i Zoom.

Opponent ex auditorio:

Disputasleiar inviterer til spørsmål ex auditorio i innledninga i disputasen, med tidsfrister. Disputasleiaren sin e-post er tilgjengeleg i chat-funksjonen under disputasen. Spørsmål om ex auditorio kan sendast til disputasleiar Ingvald Erfjord på e-post ingvald.erfjord@uia.no

Disputasfakta:

Prøveforelesing og disputas finn stad digitalt på internett i konferanseprogrammet Zoom (lenke under).

Disputasen blir leia av instituttleiar Ingvald Erfjord, Institutt for matematiske fag, Fakultet for teknologi og realfag, Universitetet i Agder.

 

Prøveforelesing kl 10:30

Disputas kl 12:30

 

Oppgitt emne for prøveforelesing“How can Norwegian teachers be prepared for, and supported in teaching for mathematical literacy?” 

Tittel på avhandling«Teaching and learning for mathematical literacy»

Søk etter avhandlinga i AURA - Agder University Research Archive, som er eit digitalt arkiv for vitskaplege artiklar, avhandlinger og masteroppgåver frå tilsette og studentar ved Universitetet i Agder. AURA blir jevnlig oppdatert.

Avhandlinga er tilgjengeleg her:

KandidatenOda Heidi Bolstad (1987, Skjolden) Årsstudium i folkemusikk ved Høgskolen i Telemark (2007), Allmennlærarutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (2010), Mastergrad i matematikkdidaktikk ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (2012). Lektor ved Luster ungdomsskule (2012-2016). Stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane/Høgskulen på Vestlandet (2016-2019). Arbeider nå som høgskulelektor ved Høgskulen i Volda (2019-d.d.)

Opponentar:

Førsteopponent: Professor Anna Sfard, University of Haifa, Israel

Annenopponent: Professor Merrilyn Goos, University of Limerick, Ireland

Vurderingskomitéen er leia av førsteamanuensis Farzad Radmehr, HVL - Høgskulen på Vestlandet

Rettleiarar i doktorgradsarbeidet var professor Simon Goodchild, UiA (hovudrettleiar) og førsteamanuensis Frode Olav Haara, HVL - Høgskulen på Vestlandet, (medrettleiar)