0
Hopp til hovedinnhold

Grammatikken si rolle i språkundervisninga

Sigrunn Askland at the Faculty of Humanities and Education has submitted her thesis entitled «Teacher Cognition and the status of Grammar Teaching in Norwegian Secondary Schools - A study of grammar teaching practices in the school subjects Norwegian, English and Spanish!, and will defend the thesis for the PhD degree Tuesday 28 January 2020.(Photo: May Elin Aunli, UiA)

Det kan verke som at grammatikkundervisning blir brukt som eit botemiddel mot manglande eksponering for språket, og at mykje av grammatikkundervisninga i nynorsk som sidemål og i spansk er dekontekstualisert.

Sigrunn Askland

Ph.d.-kandidat og lektor

Lærarane seier at grammatikkundervisning er viktig, men i røynda får grammatikken mindre merksemd når tilgangen på språkleg kontekst aukar. Det er ei av problemstillingene som Sigrunn Askland har forska på i doktoravhandlinga ho forsvarer tirsdag 28. januar 2020.

Sigrunn Askland disputerer for ph.d.-graden tirsdag 28. januar 2020 med avhandlinga «Teacher Cognition and the status of Grammar Teaching in Norwegian Secondary Schools - A study of grammar teaching practices in the school subjects Norwegian, English and Spanish!”.

Ho har følgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for humaniora og pedagogikk med spesialisering i språkvitskap.

Slik oppsummerer Sigrunn Askland sjølv avhandlinga:

Grammatikken si rolle i språkundervisninga

I avhandlinga har eg undersøkt grammatikken si rolle i tre språkfag i ungdomsskule og vidaregåande skule: norsk (hovudmål og sidemål), engelsk og spansk. Eg har intervjua lærarar og observert undervisning. Avhandlinga inneheld tre artiklar og den såkalla «kappa».

Forskjellig bruk av grammatikk

Norsk hovedmål: Resultata tyder på at norsklærarane tykkjer grammatikkundervisning er viktig, men at dei brukar lite tid på dette i hovudmålsundervisninga, spesielt i vidaregåande skule.

Nynorsk sidemål: Når det gjeld nynorsk som sidemål, derimot, seier lærarane at dei vektlegg grammatikkundervisning mykje meir enn i hovudmålet.

Engelsk: Når det gjeld engelsk seier lærarane at grammatikk er ein viktig del av undervisninga. Dei meiner at grammatikk er viktig for å betre språkproduksjonen til elevane, for å lære korleis språk er bygd opp og for å utvikle eit metaspråk som gjer at lærarar og elevar kan tale saman om språk. Likevel brukar lærarane lite tid på eksplisitt grammatikkundervisning og diskusjonar om språk, og tidsbruken minkar i vidaregåande skule.

Spansk: Lærarane seier at grammatikkundervisning er ein viktig del av framandspråksundervisninga, og ser ut til å føretrekkje ei eksplisitt, deduktiv (frå teori til røynda) tilnærming. Likevel seier dei at det er ønskjeleg at ein brukar ulike metodar i grammatikkundervisninga. Lærarane brukar først og fremst norsk når dei underviser i spansk grammatikk, men seier at dei talar mykje spansk i klasserommet i andre samanhengar. Interessant nok viser observasjonane at lærarane talar mykje mindre spansk enn dei sjølve hevdar.

Vegen vidare?

Det kan verke som at grammatikkundervisning blir brukt som eit botemiddel mot manglande eksponering for språket, og at mykje av grammatikkundervisninga i nynorsk som sidemål og i spansk er dekontekstualisert (riven ut or samanhengen).

Er grammatikkundervisning verkeleg ein fruktbar måte å betre språkkunnskapen til elevane på?

Viss svaret er ja, kva for tilnærmingar og metodar bør ein då bruke i dei ulike språkfaga?

Slike spørsmål er det viktig at lærarutdanningsinstitusjonar og språklærarar held fram med å stille og diskutere.

Disputasfakta:

Kandidaten: Sigrunn Askland (1970) Allmennlærarutdanning ved Telemark lærarhøgskule (1993). Master i engelsk ved Universitetet i Agder (2010). Tittel på masteroppgåva:  The role of instruction and corrective feedback in second language acquisition. For tida arbeider ho som lektor ved Dahlske vidaregåande skule i Grimstad.

Prøveforelesing og disputas finn stad i Gabriel Scotts auditorium - B1 001, Campus Kristiansand fredag 24. januar 2020.

Disputasen blir leia av prodekan for forsking, førsteamanuensis Gunhild Kvåle, Fakultet for humaniora og pedagogikk.

Prøveforelesning kl 10:00

Disputas kl 12:00

Oppgitt emne for prøveforelesing: “Current approaches to investigating the effect of grammar instruction”

Tittel på avhandling: «Teacher Cognition and the status of Grammar Teaching in Norwegian Secondary Schools - A study of grammar teaching practices in the school subjects Norwegian, English and Spanish!”

Søk etter avhandlinga i AURA - Agder University Research Archive, som er eit digitalt arkiv for vitskaplege artiklar, avhandlinger og masteroppgåver frå ansatte og studenter ved Universitetet i Agder. AURA blir jevnleg oppdatert. Avhandlinga vil være tilgjengeleg til utlån ved Universitetsbiblioteket. Det vil bli også lagt ut nokre eksemplar av avhandlinga til utlån i lokalet der disputasen finn stad.

Opponentar:

Førsteopponent: Senior Lecturer Dr Philip Durrant, University of Exeter, UK

Annenopponent: Førsteamanuensis Gustaf Bernhard Uno Skar, NTNU

Vurderingskommisjonen er leia av professor Åsta Haukås, professor II ved Institutt for framandspråk og oversetting, Fakultet for humaniora og pedagogikk, UiA

Rettleiarar i doktorgradsarbeidet var førsteamanuensis Eli-Marie Danbolt Drange, UiA (hovudrettleiar) og professor Gro-Renée Rambø, UiA  (medrettleiar)