0
Hopp til hovedinnhold

Framstillinga av minoritetar i historieundervisninga

Vidar Fagerheim Kalsås disputerer for ph.d.-graden med avhandlinga «Forteljingar om eigenart og undertrykking: Ein studie av undervisningstekstar om minoritetane romanifolket og romar» fredag 25. januar 2019.

Resultatet av analysen viser at det særskilt er to typar av historiske forteljingar som blir formidla om desse minoritetane, ei om undertrykking av minoritetane og ei om minoritetsgruppene sine kulturelle eigenartar.

Vidar Fagerheim Kalsås

Ph.d.-kandidat og universitetslektor

Historieformidlinga i skulen om minoritetar konsentrerer seg om minoritetanes kulturelle eigenart og om undertrykking, viser doktorgradsavhandlinga til Vidar Fagerheim Kalsås. Han forsvarer historie-avhandlinga fredag 25. januar 2019.

Vidar Fagerheim Kalsås disputerer for ph.d.-graden med avhandlinga «Forteljingar om eigenart og undertrykking: Ein studie av undervisningstekstar om minoritetane romanifolket og romar» fredag 25. januar 2019.

Kalsås har fulgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for humaniora og pedagogikk med spesialisering i religion, etikk, historie og samfunn.

Slik samenfatter kandidaten sjølv funna i avhandlinga:

Forteljingar om minoritetar i skulefaget historie

Denne avhandlinga handlar om korleis tematikken minoritetshistorie blir handsama i skulefaget historie.

Dette utforskar Kalsås gjennom ein analyse av eit utval undervisningstekstar som omhandlar den norske minoriteten romanifolket/taterane og den svenske minoriteten romar.

To typar forteljing

Resultatet av analysen viser at det særskilt er to typar av historiske forteljingar som blir formidla om desse minoritetane, ei om undertrykking av minoritetane og ei om minoritetsgruppene sine kulturelle eigenartar.

Desse forteljingane ser Kalsås i samanheng med to pågåande politiske prosessar i Noreg og Sverige. Forteljinga om undertrykking svarer på politiske spørsmål om historisk rettferd og oppreising for minoritetane, mens forteljinga om eigenart skriv minoritetane inn i den minoritetspolitiske kategorien «nasjonal minoritet».

Kalsås undersøkjer vidare den didaktiske utforminga av undervisningstekstane, ut frå læreplanen sin målsetjinga om å utvikle elevane sitt historiemedvit.

For dårlege undervisningsressursar

Analysane viser at undervisningstekstane har manglar når det kjem til det å oppnå progresjon i utviklinga av elevane sitt historiemedvit.

Funna frå denne avhandlinga peikar mot at dei undervisningsressursane som er tilgjengeleg for å undervise om minoritetshistorie, ikkje i tilstrekkeleg grad klarer å integrere tematikken i ein fagleg heilskap.

Dette er eit særskilt relevant funn i ljos av den pågåande fagfornyinga i den norske skulen. Utkasta til nye læreplanar indikerer at dei nasjonale minoritetane vil få ein tydelegare plass i det fornya historiefaget.

Samstundes er den overordna målsetjinga for fagfornyinga å fremje dybdelæring, der elevane skal tileigne seg visse kjerneelement i kvart fag. Dette vil fordre eit vidare didaktisk arbeid for å integrere tematikken minoritetshistorie i skulefaget historie sin heilskap.

Disputasfakta:

Kandidaten: Vidar Fagerheim Kalsås (1985, Bergen, vaks opp i Rosendal (Hordaland). Bachelor (2009) og mastergrad i historie frå Universitetet i Bergen, 2011, med masteroppgåva "Minoritetar på utstilling: Framstillinga av samane og romanifolket sin historie på museumsutstillingar".

Prøveforelesing og disputas finn stad i Arne Garborgs auditorium - B1-006, Campus Kristiansand, fredag 25. januar 2019.

Disputasen blir leia av prodekan Årstein Justnes

Prøveforelesing kl 10:00

Disputas kl 12:00

Oppgitt emne for prøveforelesing: «Status og trendar i internasjonal historiedidaktisk forsking om minoritetar»

Tittel på avhandling: «Forteljingar om eigenart og undertrykking. Ein studie av undervisningstekstar om minoritetane romanifolket og romar»

Søk etter avhandlinga i AURA - Agder University Research Archive, som er eit digitalt arkiv for vitskapelege artiklar, avhandlingar og masteroppgåver frå tilsette og studentar ved Universitetet i Agder. AURA blir jevnleg oppdatert. Avhandlinga vil være tilgjengeleg til utlån ved Universitetsbiblioteket. Det vil óg bli lagt ut nokre eksemplar av avhandlinga til utlån i lokalet der disputasen finn stad.

Opponentar:

Førsteopponent: Førsteamanuensis Lise Kvande, Institutt for lærerutdanning (ILU), NTNU

Annenopponent: Professor i samhällsvetenskapernas didaktik Kenneth Nordgren, Karlstads universitet, Sverige

Vurderingskommisjonen er leia av professor Elisabeth HaakedalInstitutt for religion, filosofi og historie, UiA

Rettleiarar i doktorgradsarbeidet var May-Brith Ohman Nielsen, Institutt for religion, filosofi og historie, UiA (hovudrettleiar) og professor Teemu Sakari Ryymin, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen (bi-rettleiar)

Send studiet på mail