Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Gir utslitne bilbatteri nytt liv

Det regionale forskingsfondet i Agder har gitt 5 millionar kroner til UiA si forsking på å gi utslitne kjøretøybatteri nye liv som berekraftige energilagringseiningar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjon av ladbare biler
BEREKRAFTIG ATTBRUK AV BATTERI: Etter omtrent åtte år er levetida til eit gjennomsnittleg el-bilbatteri over. (Ill. Foto: Colourbox)

Tildelinga er gitt til forskingsprosjektet Exploiting the potential of spent EV batteries, Electric Agder (ELAG), som startar opp ved Institutt for ingeniørvitskap i Grimstad seinare i år. Prosjektet er eit samarbeid mellom UiA og sju batterikompetansebedrifter i Agder og Sør-Noreg.

Foto av Bernhard Fäßler

Bernhard Fäßler

- Det handlar om å ta utslitne el-bil- og andre køyretøybatteri og gi dei eit nytt liv som energilagringseiningar for anna bruk. Berekraftig attbruk altså, seier forskar Bernhard Fäßler (bilete), som leiar forskingsprosjektet.

- Bruken av slike batterilagringssystem er brei, og strekker seg over heile området frå heimebruk til industribruk. Vi er mellom anna interesserte i korleis dei kan brukast for å minske energibruken frå el-nettet når dette toppar seg både kva gjeld pris og produksjon, korleis dei kan fungere som energistøtte til ladestasjonar for elektriske køyretøy, og korleis dei kan verke som off-grid-lagringseiningar for hytter og anna utanfor allfarveg, seier han.

Sjå òg: UiA demonterer el-bilbatterier for gjenbruk

Prosjektbudsjettet er på rundt 10 millionar kroner, inkludert ei postdoktorstilling. Dei resterande fem millionar kronene kjem frå UiA og prosjektpartnarane i form av deltakartilskot.

Nytt liv for batteria

Eit attbrukbatteri er eit batteri som har ein annan funksjon og blir brukt til noko anna enn det opphavleg vart utvikla for. Når det gjeld dette prosjektet betyr det at forskarane og industripartnarane vil gi brukte elektriske bilbatteri eit nytt liv som stasjonære batteri for å støtte det elektriske nettet.

- Viss kapasiteten til elektriske bilbatteri fell under 70–80% av den opphavlege kapasiteten, blir dei bytt normalt ut. Likevel er disse batteria framleis nyttige, særleg for stasjonære og mindre krevjande funksjonar, seier prosjektleiaren.

Ved å utvikle eit automatisert system som tillèt sortering av brukte elektriske bilbatteri i samsvar med eigenskapar som er att i dei, vil ein kunne redusere el-avfallet som slike batteri utgjer, og i staden bruke dei til noko anna.

- Prosessen rundt dette, og som ein no skal sjå nærare på, er ganske utfordrande. Ein må mellom anna kunne kontrollere eller byte ut elektriske hjelpekomponentar som gjer at batteria kan fungere på ein sikker og påliteleg måte i dei nye bruksområda sine. Det er òg slik at spesielt produsentane av elektriske bilar er restriktive med å publisere teknisk informasjon som trengst for å attbruka batteria. Prosjektet vil gjere dette enklare for andre.

Eit Europeisk knutepunkt i Agder

Konkret har ELAG-prosjektet fire kjernefokus:

  • Batterikarakterisering som eit middel for å velje passande batteri for attbruk
  • Automatisert prosessering av brukte batteri
  • Bruk av brukte batteri i energilagringssystem som støtte for elektrifisering av samfunnet
  • Styrking av samla berekraft og sirkularitet innanfor den norske batterikjeda

- Håpet er at prosjektet kan bidra til å gjere Agder-regionen til eit sterkare og meir sirkulært europeisk knutepunkt for gjenbruk av batteri, og at det vil skape arbeidsplassar gjennom delt teknologi og kunnskapsutvikling. I så måte støttar prosjektet òg opp om andre framtidsretta el-prosjekter i Agder, som Electric Region Agder og Eyde-klynga BATMAN, seier Bernhard Fäßler.

 

Partnarar i ELAG-prosjektet

Saman med Universitetet i Agder er desse partnarar i det nye forskingsprosjektet:

BTG AS vart etablerte i 2015 og held til på Birkeland i Agder. Selskapet utviklar, produserer og leverer soldrevne løysingar i kombinasjon med små batteri. BTG har kompetanse i å utvikle batteribaserte energiløysingar til den nordiske marknaden

Pixii AS (Kristiansand) er ekspert innan kraftkonvertering og energilagring, inkludert modulære og fleksible energilagringsløysingar.

Greenstat Energy (Arendal) leverer integrert energiproduksjon med minimalt fotavtrykk. Selskapet har kompetanse innan utvikling energiproduksjonssystem som inkluderer batteri.

Elkem ASA (Fiskå, Kristiansand) produserer batterimateriale og er aktiv i utviklingsprosjektet for gjenvinning av batteri. Selskapet vil bidra med kunnskap andre livsbransjen bruk sak og testing.

Norsk Hydro ASA inngjekk nyleg eit joint venture-samarbeid med NorthVolt AB kalla HydroVolt som bidrar med kunnskap om batterigjenvinning, utlading og industriell bruk.

Batteriretur AS er eit godkjent resirkuleringsfirma for alle kategoriar av batteri i Noreg. Selskapet bidrar med forståinga og kunnskapen sin frå batteribruk, karakterisering og utlading.

Green Waves AS produserer elektriske småbåtar i Tvedestrand kommune. Selskapet har ekspertise innan integrering av batterisystem, behovsprofilen for elektriske båtbatteripakkar og gjenbruk av applikasjonar