Gjennom nettverket til UiA har du tilgang til mange e-bøker, og vi oppmodar om å bruke desse.
Det kan vere vanskeleg å vite om UiA har elektronisk tilgang eller ikkje. I trefflista i Oria klikkar du på lenka «Fulltekst». Anten opnar ressursen seg automatisk, eller du får lenke til ein eller fleire leverandørar. Nokre gongar står det også «Ingen fulltekst tilgjengeleg». Vi kan ikkje låne inn e-bøker frå andre bibliotek, men om du bestiller boka, vil vi vurdere å kjøpe tilgang, eventuelt å låne inn trykt utgåve.
I nokre tilfelle klarer ein ikkje å opne artikkelen eller boka sjølv om UiA ser ut til å ha tilgang.
1. Logge på VPN, også når du er på campus og er tilkopla Eduroam
2. Om du framleis ikkje får tilgang: Opprette ein personleg brukar hos leverandøren
3. Opne Nedlastingar. Høgreklikk på fila og vel Opne i > Adobe Reader
5. Viss du framleis ikkje får tilgang, kan det vere at IP-adressa til datamaskina di ikkje er registrert. Finn IP-adressa di, til dømes ved å gå til nettstaden What’s my IP. Send oss ein e-post med denne adressa. Legg også ved referansen (tittel, forfattar og år) til den ressursen som du ynskjer, så skal vi feilsøke og svare deg