Utlånsreglement for UiA - Universitetsbiblioteket (UBA)
Universitetsbiblioteket forutset at utlånsreglementet er kjent av lånaren. Brot på regelverket kan føre til tap av låneretten. Nye studenter finner informasjon her.
What do you want to do ?New mailCopy
What do you want to do ?New mailCopy
Gebyrer
Fra og med 1. januar 2021 krever universitetsbiblioteket gebyrer ved mislighold av lån og materiell.
GEBYR-AMNESTI I JANUAR!Hele januar kan du levere forfalte bøker uten å betale gebyr.
Ein må ha lånekort for å låne. Studentar og ansatte benytter studentkort eller ansattkort. Andre lånere kan bli registrert med lånekort, som benyttes ved folkebibliotek (nasjonalt lånekort) eller kan få lånekort ved å vise legitimasjon med bilete. Ein kan også skaffe seg et digitalt nasjonalt lånekort fra Nasjonalbiblioteket, nb.bib.no.
Vanleg utlånstid for alle er 14 dagar.
Lån av bøker fornyast automatisk inntil 5 gongar for studentar og personar utan tilknytting til UiA og 24 gongar for tilsette, dersom det ikkje er venteliste. Maks lånetid for studentar er 12 veker og 50 veker for tilsette.
Lån av tidsskrifthefte blir ikkje fornyast.
Biblioteket kan fastsetje anna utlånstid for delar av samlingane eller unndra materiale frå utlån. For litteratur som er lånt inn frå eit anna bibliotek, gjeld eigarbiblioteket sine reglar for utlån og erstatning. Desse bøkene kan fornyast på vanlig måte i Oria
Purringar
Ein lånar er personleg ansvarleg for lånt materiale, at det vert levert i god stand og innan utlånstida går ut.
Vi minner om innlevering nokre dagar før leveringsfrista og på sjølve forfallsdatoen. Viss du ikkje leverer, sender vi purring, varsel om erstatningsgebyr og til sist erstatningsgebyret (også kalla "krav"). Innkallingane sender vi som e-post, påminninga på forfallsdato også som tekstmelding. Tekstmelding forutset at du har eit norsk mobiltelefonnummer.
Kva frekvens e-postane kjem med, avhenger av utlånstida for det einskilde dokumentet. Ei bok som berre er til dagslån, vil til dømes raskare få eit erstatningsgebyr enn ei bok som kan lånast i 12 veker. Når eit lån er fleire veker forsinka, får du lånestopp.
Meldinga om erstatningsvarsel inneheld ikkje betalingsinformasjon. Rekninga med erstatningsgebyr vert sendt nokre veker seinare og er på 600 kroner per dokument. Gebyret for diktafoner er 1000 kroner. Vi godtek ikkje eit nytt eksemplar som erstatning. For innlånte dokument gjeld eigarbiblioteket sine satsar. Særskilt verdifulle verk skal erstattast fullt ut. Sjå eigen informasjon om gebyr som blir innført 01.01.2021.
Statusen på lån og bestillingar ser du når du loggar på Oria. NB! Om du ikkje mottar e-postar, ber vi om at du sjekkar søppelkorga og godtek avsendaren noreply@exlibrisgroup.com.
Generelt
Universitetsbiblioteket er eit bibliotek for forsking og studium i landsdelen. Universitetsbiblioteket skal primært dekkje behova for bibliotektenester til studentar og tillsette ved Universitetet i Agder. Biblioteket er også ope for eksterne brukarar som har behov for tenester frå eit fagbibliotek.
Lån av bøker fornyast automatisk inntil 5 gongar for studentar og personar utan tilknytting til UiA og 24 gongar for tilsette, dersom det ikkje er venteliste.
Maks lånetid for studentar er 12 veker og 50 veker for tilsette.
For fjernlån gjeld eigarbiblioteket sine reglar for utlån og erstatning. Disse bøker kan fornyast på vanlig vis i Oria.