Alle som skal låne ved UiA - Universitetsbiblioteket (UBA) må vere registrert her. Studentar med aktiv studierett vert registrert automatisk. Andre som ikke har tilknyttning til UiA kan verte registrert med sitt nasjonale lånekort. Når ein skal låne, må ein ta med lånekortet, ansatt- eller studentkort. Om du mistar kortet, må du melde frå til UiA Hjelp.
Personar tilknytta UiA
Alle som studerer på fulltid ved Universitetet i Agder (UiA), bruker studentkortet som lånekort. Her finn du meir informasjon om studenkortet. Nokre kurs, til dømes innafor etter- og vidareutdanning (EVU), krev ikkje semesteravgift. Studentar som følgjer slike kurs, og som ikkje har eit studentkort frå UiA, kan få eit nasjonalt lånekort eller aktivere eit viss dei har frå før. Sjå også informasjon for "fjernstudentar".
Når ein skal logge på Oria.no, vel ein UiA som tilknytta institusjon. Brukarnamnet og passordet er det same som til andre UiA-ressursar.
Studentar og tilsette ved andre institusjonar er velkomne til å nytte tilbodet vårt med nokre unntak. Til dømes er ikkje kursa våre opne for andre studentar, og vi låner ikkje inn eit større tal artiklar og bøker eller bøker frå land utanfor Norden. Kontakt bibloteket ved heimeinstitusjonen din i slike tilfelle eller om du vil at dei skal sende bøker og artiklar.
Personar tilknytta andre utdanningsinstitusjonar nyttar sitt nasjonale lånekort, som aktiverast ved UiA Hjelp. Heretter får ein tilsendt en epost om innlogging på Oria. Om ein ikkje har et kort, finn ein dei digitale nasjonale lånekorta sitt eller skaffa seg eit kort frå Nasjonalbiblioteket ved å logge seg på med ID-port.
Når ein skal logge på Oria.no, vel ein "Brukernavn og passord" og nyttar nummer frå nasjonalt lånekort og det passord ein har sjølv har laga.
Personar som ikkje er tilknytta institusjon
Personar som ikkje er tilknytta ein særskilt institusjon, er òg velkomne som lånarar. Dei nyttar eit nasjonalt lånekort, som nyttas ved folkebibliotek. Om ein ikkje har et kort, finn ein dei digitale nasjonale lånekorta sitt eller skaffa seg eit kort frå Nasjonalbiblioteket ved å logge seg på med ID-port.
Når ein blir registrert ved UiA Hjelp som låner, vil ein få tilsendt en epost med informasjon om innlogging og passord.
Når ein vil logge på Oria.no, vel ein "Brukernavn og passord for andre". Brukarnamnet er nasjonalt lånekortnummer og står på baksida av lånekortet (n00123..), og passordet har du sjøl bestemt utfrå den epost du fikk tilsendt.