Sjekk utlånsvilkåra i Oria.no uansett om du bestiller frå eige biblioteksystem eller via Oria.no. Logg på og klikk heilt fram til eksemplarnivå. Om du berre ser på delsamlingsnivå (til dømes "Plassering: Kristiansand UBA/KRIS 808.066 Thi"), kan det sjå ut som om vi har ledig eksemplar, men så er det eit som er til dagslån. UBA fjernlåner korkje dokument med korttidslån, slik som dvd, musikk-cd og tidsskrifthefte, eller dagslån.
Pris per artikkel-/kapittelkopi er kr 60. Norfri-bibliotek er unntatt.
Bestillingar via Oria og frå eigen katalog
Fjernlånsprotokollen NCIP P2P vart tatt i bruk i 2017 og sender bestillingar mellom ulike biblioteksystem. Ein kan bestille direkte frå eige system, men ein kan òg bestille i Oria.
Innlogging i Oria: Velg Feide og logg inn med brukernavn og passord som gjelder eget bibliotek.
Bestilling:
I fana "Fjernlån (beta)" kan du bestille eit lån. Du skal få ei kvittering til eige biblioteksystem. Standard lånetid er 42 dagar.
I fana "Finn og bestill" kan du bestille ein kopi. Du får ikkje kvittering til biblioteksystemet ditt. Kopi av elektroniske tidsskrift kan ein berre bestille per e-post. Standard lånetid er den same som for våre studentar. Sjå lånevilkåra.
Ulik bestillingsfunksjonalitet gjer det diverre vanskeleg for folkebibliotek å få eit samla oversyn over låna frå UBA.
UBA har lite informasjon utover dette og kan difor i liten grad rettleie folkebibliotek i korleis dei kan eller bør bestille. Vi viser til informasjonsidene til Unit (tidlegare Bibsys) og Nasjonalbiblioteket.
UBA nyttar Norsk Bibliotektransport (NBT) for transport utanfor Agder. Når eit bestillande bibliotek ikkje har mottatt dokumentet innan rimeleg tid, må ein kontakte UBA. Viss dokumentet er sendt, registrerer UBA avvik og melder frå til det bestillande biblioteket. UBA registrerer også avvik når dokument er returnert til oss, men ikkje hare kome fram innan rimeleg tid.
Erstatning
Sjå lånevilkåra våre for erstatning. For mindre bibliotek som ikkje har eiga økonomiavdeling, sender vi rekninga til kommunen eller fylkeskommunen.