Om du er nettstudent, student på eit samlingsbasert kurs eller har lang reiseveg, reknar vi deg som fjernstudent. Du kan då bestille eller reservere bibliotekmateriell ved universitetsbiblioteket (UBA). Om du bur nærme eit anna universitets- eller høgskulebibliotek, registrerer du deg som lånar her. Du kan då låne frå samlinga deira, og dei fleste vil dessutan låne inn frå andre bibliotek om det er noko dei ikkje har, såkalla fjernlån.
Bøker som er tilgjengeleg kan bare bestillast i Oria, når du fylle ut eit skjema. Finn "Bestill" øverst i skjermen og fyll ut så mange opplysingar som du har. Skriv en kommentar om hvilket bibliotek boka skal sendast til. Du kan ev også bestille per e-post.
Korleis kan eg sjå status på bestillinga/reserveringa?
Nokre timar eller dagen etter at vi har stadfesta bestillinga di, vil vi låne ut boka til deg. I Min konto på Oria vil du sjå kva du lånar og kva du har reservert.
Kva tid kjem boka?
Det kan ta opp til ei veke før boka eller kopien kjem, avhengig av kor du bur. Folkebiblioteket vil då ringe deg eller sende deg ein e-post. Hugs å vise legitimasjon for å få utlevert dokumentet.
Kor lenge kan eg låne?
Du lånar på same vilkår som andre. Det vil seie at lån gjeld i 14 dager og blir automatisk fornya, dersom ikkje andre ønskjer å låne. Dersom det blir venteliste vil du få ei innkalling frå avsendar: noreply@exlibris.com. Sjå våre lånevilkår.
Korleis leverer eg?
Du kan levere på folkebiblioteket, men lånet vert ikkje returnert frå kontoen din før dokumentet er attende på Universitetsbiblioteket i Agder (UBA). Folkebiblioteket har ikkje noko ansvar for låna dine. Du får difor ikkje kvittering når du leverer her, men du vil få ein e-post når boka vert returnert hos UBA.
Om du skal til UBA omtrent når lånet må leverast, kan du naturlegvis levere direkte til oss.
Om vi har lånt inn ei bok til deg frå eit tredje bibliotek, må boka sendast til UBA, ikkje direkte til det biblioteket. Berre på den måten får vi returnert lånet ditt.