0
Hopp til hovedinnhold

Tidspunkt

15. feb 2020
kl 13:00 - 14:30

Legg til kalender

Påmeldingsfrist

Ingen frist angitt

Pris

Ikkje noko - gratis

Laurdagsuniversitetet i Mandal: Om korleis dialektane på Agder fortel om avstand og nærheit mellom folk frå eldre tider til i dag

Lørdagsuniversitetet i Mandal - logo.

Tidspunkt

15 feb
kl 13:00 - 14:30

Legg til kalender

Sted

Mandal bibliotek, Buen kulturhus, Havnegata 2

Påmeldingsfrist

Ingen frist angitt

Pris

Ikkje noko - gratis

Laurdagsuniversitetet er populærvitskaplege foredrag av forskarar ved Universitetet i Agder. Aktuelle tema blir presentert og diskutert i ein uformell setting. Her kan du både få ein kopp kaffe og påfyll av kunnskap.

Kva holder dei på med på universitetet? Forskar dei på noko interessant og nyttig? Kvar tredje laurdag i månaden inviterer Universitetet i Agder (UiA) til samtaler om ny kunnskap og forsking i Mandal. Ein forskar frå UiA held eit foredrag med utgangspunkt i eigen forsking og/eller eigne erfaringar med utdanning og forsking. Vi lover varierte tema og høyrverdige foredragshaldarar. Her risikerer vi alle å lære noko nytt. Arrangementet kostar ikkje noko, er åpent for alle og varer i ca. halvannan time.

Professor emeritus Martin Skjekkeland, Department of Nordic and Media Studies, UiA

Professor emeritus Martin Skjekkeland, Institutt for nordisk og mediefag, UiA

Det er stor variasjon i dialektane på Agder, med store skilnader mellom kyst og innland. Frå Søgne til Valle, ein avstand på ca. 15 mil, er det større forskjellar enn nokon anna stad i Norge, over så kort avstand.

Dialektforskjellane fortel om avstand og nærheit mellom folk. I dette foredraget prøver foredrags­haldaren å sjå Agder-dialektane i lys av kommunikasjonar og samfunnsliv i eldre og nyare tid.

Foredragshaldar:

Martin Skjekkeland

er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. 

Han har sidan 1992 vore knytt til Høgskolen i Agder / Universitetet i Agder. Fagleg har Skjekkeland særleg arbeidd med emne knytte til dialektologi, sosiolingvistikk, språknormering og språkhistorie. Han har gjeve ut fleire bøker, mellom andre: Dei norske dialektane (1997), Dialektar i Noreg (2005), Språk og samfunn i endring (2009), Dialektlandet (2010), Språk og kultur – Vegar inn i det norske språksamfunnet (2012).

Skjekkeland fekk i 2006 Sørlandets kompetansefonds populærvitskaplege pris for sin innsats som populærvitskapleg formidlar av språkvitskaplege emne. Han er i dag fagansvarleg for emnet dialektar i Noreg i Store norske leksikon.

 

Arrangører:

Universitetet i Agder i samarbeid med Lindesnes kommune

UiA har laurdagsuniversitet i Arendal, Flekkefjord, Grimstad, Mandal, Kristiansand og Risør.

Program for dei forskjellige byane finner du på www.uia.no/loerdagsuniversitetet