0
Hopp til hovedinnhold

79 nye studieplassar i sjukepleie

Regjeringa har fordelt 300 ekstra studieplassar i sjukepleie til 11 universitet og høgskular over heile landet. Flest plassar går til UiA.

Sjukepleiarstudiet ved UiA. Foto: UiA

Behovet for fleire sjukepleiarar er stort. Difor aukar regjeringa kapasiteten med 500 studieplassar frå hausten 2022. No er 300 av plassane finansierte med friske midlar fordelte. Det betyr totalt 79 nye plassar til UiA, 59 av dei finansiert av regjeringa.

- Dette er ei fantastisk nyheit for landsdelen. Det er store behov i helsetenesta, spesielt for spesialsjukepleiarar, men også for bachelor i sjukepleiarar, seier instituttleiar Mariann Fossum ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved UiA.

300 av studieplassane blir finansierte med 14,3 millionar kroner i 2022. Pengane er fordelte med utgangspunkt i tilbakemeldingane frå universiteta og høgskulane om kor dei har høve til å auke utdanningskapasiteten. Regjeringa har spesielt oppmoda institusjonane om å prioritere utdanningar i spesialsjukepleie.

– Pandemien har gjort det endå tydelegare at vi treng fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. No aukar vi utdanningskapasiteten ved høgskular og universitet frå Agder i sør til Nordland i nord, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.

Dei resterande 200 plassane til grunnutdanninga i sjukepleie, som regjeringa har bestemt skal vere klare til hausten 2022, skal utdanningsinstitusjonane finansiere sjølve.

Les meir om våre studier innen helse-, sosial- og idrettsfag.